Søkjer husdirigent
Unge, norske dirigentar vert oppmoda til å søkje på engasjementstilling i Stavanger Symfoniorkester.

Stavanger Symfoniorkester er Rogaland sitt profesjonelle orkester, med 85 tilsette musikarar. No inviterer dei til prøvedirigering for eit nytt husdirigent-engasjement som vil fordele seg over periodar i 2011 og 2012. I tillegg til å gjennomføre fleire konsertproduksjonar per år, vil den nye dirigenten få moglegheit til å følgje prøvar med, samt assistere, sjefsdirigent Steven Sloane, og andre gjestedirigentar.


Dirigentar i etableringsfasen
Husdirigentordninga til SSO er støtta av Elisabeth og Knut Fure si stifting for fremjing av klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. I samsvar med formåla deira, vert dirigentar i etableringsfasa oppmoda å søkje. Erfaring frå profesjonelle orkester er imidlertid ynska.


Nytt konserthus
Om alt går etter planen, flyttar Stavanger Symfoniorkester inn i eit nytt og moderne konserthus i september 2012. Informasjonssjef for orkesteret, Erik Landmark, ser ikkje vekk i frå at den nye husdirigenten vil få moglegheit til å arbeide i desse nye lokala.

- Det kan godt tenkjast at husdirigenten får nytte dei nye lokala, for engasjementet vil jo gå over to kalenderår. Men ingen av periodane er fastsett endå. Vi må komme attende til dette når vi veit kven den nye dirigenten vert.

Prøvedirigeringa for den nye engasjementstillinga som husdirigent for SSO, finn stad i Stavanger 1. november. Alle søknadar må vere inne innan 8. oktober.

Her er et opptak fra den aller første konserten i det nye konserthuset, tatt 15. juni i år. Akustikken er ennå ikke heeeelt optimal i det halvferdige bygget:

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Classical, Positions