Utprøving i Os
Besøk fra Nasjonalballetten er godt besøkt i Frp-bygda Os. Popmusikk for ungdom er det vanskeligare å få solgt.

Denne artikkelen inngår i vår serie om kulturhusene, red. anm.

Oseana Kunst & Kultursenter i Os kommune utanfor Bergen opna 17. juni i fjor. I første halvår har ein prøvd ut alle scener, restaurant og foajé med arrangement i fleire sjangrar.

Overordna har det gått over all forventning, meiner arrangementsjef Berit Steen.

- Huset har vore godt besøkt. Publikum har slutta opp om dei fleste framsyningar og aktivitetar. Teknisk fungerer huset godt. Fleirbrukssida av salen fungerer som planlagt, til full symfonisk besetning og til rockekonsertar. I desse dagar får me testa det ut til teater, forklarer ho.


Les mer om Oseana her: Søviknes har hatt det travelt


Ei utprøvingsfase
Motivasjonen er å trekkja til seg dei 17500 innbyggjarane i Os, og i tillegg folk frå nabokommunar som Fusa og Tysnes, som har endå lenger veg til Bergen. Det er lagt vekt på at ein skal kunna nytta heile dagen på huset, i galleri og på restaurant i tillegg til konsertar. Slik kan ein nå eit publikum som legg ut på dagstur, eller ein kan lokka publikum frå Bergen, tre mil unna.

Det finst imidlertid ikkje endå noka kartlegging av kvar dei besøkande kjem frå, og det er heller ikkje analysert kva som gjev best oppslutning.

- Me har vore i ei utprøvingsfase for å finna ut kva som slår an. Noko har gått som forventa, noko har gått betre. Til dømes hadde me høyrt frå andre stader at dans ikkje nødvendigvis trekkjer folk. I høve til forventninga var det gode publikumstal då me hadde besøk av både Nasjonalballetten og Carte Blanche. Me har òg forsøkt oss på ein konsert med popmusikk, mynta på ungdom. Det gjekk ikkje like bra, seier Steen.


Ingen ferdig mal
Vårprogrammet er i følgje henne ungt, tungt og artig – med tilbod både for barn, ein del klassisk repertoar, og med mykje humor. Så langt ligg aktivitetsnivået på drygt 40 arrangement i halvåret, i snitt 7 i månaden.

- Det er her, og opp mot 100 arrangement i året med vil halda oss, seier ho.

- Kva vil vera den kunstnarlege tankegangen dykkar?

- Oppgåva vår som kulturhus er å vera til for alle i Os og omeign. Derfor må me tenkja høvesvis breitt. Me kjøper somme produksjonar, andre aktørar leiger seg inn. Ein vesentleg del av tilbodet vil komma frå lokale lag og foreiningar. Eit sesongprogram må avspegla alle desse sidene.


Les også: Kulturordføreren i Os


- Har de noka prosentvis fordeling, til dømes på kor mykje program de skal ha bestemt sjølve, i høve til kor mange som får leiga seg inn?

- Her har det ikkje vore nokre føringar, og i alle fall det første året trur eg me finn balansepunktet utan malar. I vårsesongen ender me opp med drygt 50% lokale arrangement, det trur eg er høvande. Slik eg ser det, bør alle som vil inn her ha noko på hjarta, eit engasjement og eit medvit kring det å nå publikum. Det er òg slik at folk får leiga seg inn såframt det er ledig. Men om me skal vera med å ta økonomisk risiko, må me ha tru på at det høver med publikummet vårt.


Skal ikkje bli nokon byrde
Bygget vart finansiert av både offentlige og private midlar, og mykje av debatten ved opninga handla om korleis ein finansierer husa. Etter at huset sto ferdig har Per Grieg, som sto for ein tredel av byggekostnadene, gjeve driftsgaranti for dei neste to åra.

Ut over dette er det meininga at huset skal klara seg sjølv. Det er førebels ingen sponsorar inne på produksjonssida, medan den kommunale stønaden dekkjer om lag 1/3 av årets budsjett.


Les også: Næringsspons gir "enorm frihet"


- Me er eit kommunalt føretak, med eige styre. Me har eit godt samarbeid med kulturkontoret i kommunen, men det er ikkje dei som styrer oss, slik det kanskje er i kommunane der ein er heilfinansierte av desse. I hovudsak skal finansieringa koma frå utleige og billettinntekter – frå arrangement, kurs og konferansar og ved lokalleige til kulturskulen. I tillegg får me noko overført frå kommunen for at lokale aktørar skal kunna leiga seg inn til redusert pris, seier Steen.


Politisk realisme?
Forskaren Georg Arnestad har peikt på at det vert presenteret urimeleg låge budsjett for kva det skal kosta å driva kulturhusa når dei vert planlagde, og at dei dermed vert ei bør for kommunen sidan. Han etterlyser ei større realisme mellom politikarane når dei bestemmer seg for å oppretta kulturhus.

- Er det politisk realisme kva gjeld kostnaden ved å drifta Oseana?

- Økonomisk har opinionen i bygda vore skeptiske til om me kjem til å klara oss. Men me skal ikkje leggja fleire byrder til kommunebudsjettet enn overføringane me har fått, det er målet vårt. Me må tenkja både børs og katedral, og klara å balansera så me tener som forventa, svarer Steen.


Ikkje eit produksjonshus
Oseana er ikkje dimensjonert for å vera eit stort produksjonshus, og har korkje fasilitetar eller administrativ kapasitet til å driva særleg eigenproduksjon. Huset opna med ein spesialskriven opera, Havfest, av Glenn Erik Haugland, produsert i og for Oseana. Ut over dette reknar Steen at det i hovudsak vil vera ferdige produkt som kjem inn på programmet.

- Når huset har såpass høge krav til inntening, vil det då gå ut over den smale kunsten?

- Huset opna jo med Havfest, som truleg kjem opp att til sommaren. I tillegg har me vist framsyninga The end i samarbeid med ei friteatergruppe i Bergen. Eg vil seia det finst rom for det meste i Oseana, men at det likevel ikkje vil vera plass til alle som har lyst, sjølv om vi jo forsøker å finna løysingar for alle.


Les også: Anmeldelse av HavFest


- Kor mange slike smale produksjonar ser de føre dykk å kunna gjera per sesong?

- Eg trur me kan finna løysingar for 1-2 produksjonar pr sesong, men det kjem an på ei rekke element. Mellom anna storleiken på produksjonane.

Lokale løysingar
Fleire stader i landet har dei lokale aktørane uttrykt bekymring for at kulturhusa vil vera ein for dyr arena, trass i redusert leigepris. Steen seier at ein også i Os har sett tendensen til dette, og meiner det dels handlar om frykta for det ukjende. Men kulturhusa kan òg få lokale aktørar til å tenkja nytt, hevdar ho, og viser til større lokale satsingar i form av konsert med celebre gjestar og revyen Absolutt Nedsnødd.

- Det er ikkje lenger slik som då ein fekk nøkkelen til det gamle kulturhuset og kom og gjekk som ein ville. Men desse bygningane som var gratis, vart ikkje haldne tilstrekkeleg ved like. Til slutt ramla dei saman. Med kulturhus av vårt format kan aktørane gjennomføra prosjekt dei aldri tidlegare har kunna. Eg meiner husa gjev høve til å strekkja seg i nye retningar, seier Steen.


Treng lokal forankring
Så langt er Os Kammerkor, Os Musikkforening, Os spelemannslag og -folkedansgruppe mellom lag som har opptredd i huset. I tillegg har kulturskulens lærarar og elevar eigne framsyningar på huset. Steen meiner denne verksemda er viktig.

- Det er klart huset treng ei lokal forankring. Og me skal ikkje vera vanskelege. Skal nokon setja opp ein revy til dømes, kan me by på huset, og billettinntektene kan delast. Det finst mange modellar, seier ho.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Eit fullverdig tilbod
Dei maktpåliggjande utfordringane framover er først og fremst administrative, seier Steen.

- Me er fem personar i administrasjonen, medan kulturhus på vår storleik gjerne har dobbelt så mange, kanskje fleire tilsette. Det blir viktig for oss å organisera oss betre, så me ikkje knekker nakken, slik mange kulturhusleiarar gjer det første året. Så må me få gode rutinar. Huset har vore nytt for alle, det medfører ein læringsprosess. No gjeld det å komma forbi den fasen, inn i faste rammer.

- Til sist: Telemarksforsking har undersøkt samanhengen mellom kultur og tilflytting og finn ingen slik samanheng. Korleis tenkjer de rundt det?

- Eg tenkjer det kanskje er rett: Eit kulturhus skapar ikkje tilflytting, det er det arbeidsplassar og bustadutbygging som gjer. Men når folk no flyttar til Os frå Bergen, får dei eit fullverdig kulturtilbod på heimebane. Det meiner eg er eit viktig perspektiv.


Fakta om Oseana:
Opna 17. juni 2011
Hovudscene med plass til 1200, ev. 600 i amfi
Prøvesal, foajé og malarsamling, alle med plass til 150.
Byggjekostnad: kring 200 millionar
5 fulle administrative stillingar
Forbildeprosjekt hjå Enova
Budsjett: 8, 5 millionar. Av desse er 3,1 kommunale overføringar

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: