- Effektiv døropnar
NTNU-rektor Torbjørn Digernes har reist verda rundt med TrondheimSolistene.

Etter at NTNU blei etablert i 1996 har det som før var Kunstakademiet og Musikkonservatoriet spelt ei viktig rolle. Medan jazzlinja allereie den gang hadde ein sterk posisjon, fortel rektor Torbjørn Digernes at særleg TrondheimSolistene har vokst fram dei siste ti-femten åra.

-Kunstnerisk leiar Bjarne Fiskum, samt Øyvind Gimse som tok over i 2002, har naturlegvis hatt stor betydning for utviklinga til ensemblet.


Gjensidig nytte
Samtidig har NTNU støtta TrondheimSolistene økonomisk med ei årleg bevilgning.

-Etter kvart som samarbeidet har utvikla seg og tatt meir konkret form, har vi også gitt økonomisk støtte til enkeltprosjekt, fortel Digernes. Eit døme på dette er verdas første musikkutgiving i blu-ray format, Divertimenti.

Vidare påpeikar Digernes at dei ikkje driv støtteverksemd, men at dei har ein samarbeidsrelasjon med gjensidig nytte.

-Kunst og musikk gir eit spesielt tilskot og fungerar effektivt som ein døropnar i samband med samarbeidsrelasjonar både heime og i utlandet, i tillegg til at vi får god profilering av både musikkutdanninga vår og heile NTNU som institusjon. Samtidig får TrondheimSolistene på si side profilert seg internasjonalt for eit betydningsfullt publikum, fortel han.


Eksponering
-Vi har brukt TS som aktive ambassadørar for NTNU, både i samband med internasjonale satsingar og i student- og næringslivsretta kommunikasjon, fortel Digernes.

Digernes har reist med TrondheimSolistene til London, India og ikkje minst ein stor turné i Kina som hadde støtte frå verdensutstillinga. Dessutan spelte dei ei viktig rolle under hundreårsjubileet til NTNU i 2010.

-Under jubileet var det ein del konferanser her, med 40-50 rektorar og viserektorar frå andre institusjonar. Dei deltok også på konserten med TrondheimSolistene og Leif Ove Andsnes, seier han.


Felles fundament
Begge institusjonane er opptekne av å kommunisere aktivt utad om samarbeidet. Dette skjer både som ledd i den langsiktige, strategiske kommunikasjonsplanlegginga og i samband med konkrete prosjekter som konserter og CD-utgivelser. Digernes trekk fram Divertimenti-utgivinga som eit særleg godt døme, fordi idéen om å vere banebrytande på ny teknologi passar godt til NTNU sin profil.

-Kjerna i samarbeidet vårt er ein ambisjon om å vere internasjonalt leiande og innovative. Og vi vil alltid strekke oss for å bli enda betre. Og så samarbeider vi etter ein velkjent, trøndersk resept: Vi selar kvarandre gode.


23. september neste år kjem Anne-Sophie Mutter til Trondheim for å ta i mot æresdoktoratet ho blei tildelt under fjorårets jubileum. Æresdoktoratet er ein anerkjennelse for hennar langvarige forhold til TrondheimSolistene. I tillegg vert dei ei urframføring av ein komposisjon André Previn no skriv for Mutter og TrondheimSolistene.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon: