Kommunikasjonssvikt i Eigersund
Egersund Rockeklubb kan bli kasta ut av lokala sine etter uryddig sakshandsaming. - Dette er ikkje rette måten å behandle folk på, seier ordførar i Eigersund kommune

27. oktober skreiv Dalane Tidende om Egersund Rockeklubb, som har fått beskjed om å vere ute frå øvingslokala sine innan nyttår. Rockeklubben som har hatt tilhaldsstad i lokala i Årstadfjellet i seks år, vert no nedprioritert av Eigersund kommune. Grunnen til dette skal vere at kommunen heller ynskjer å prioritere Egersund pistolklubb, ein fritidsklubb med høgare medlemstal.

- Dette er ganske sleipt gjort. Ikke har vi hørt ett ord fra kommunen siden i sommer, ikke har vi fått være med på noen befaring, og ikke har vi fått lagt fram vår side av saken. I stedet føler vi at det er blitt lagt planer bak ryggen på oss, seier leiar i rockeklubben, Kenneth Bjørnemo til Dalane Tidende.


Media som pressmiddel
Pistolklubben har mellom anna vore ute i media med ynskje om å ta over lokala til rockeklubben. Dette meiner Bjørnemo har vore ein taktikk for å legge press på kommunen

- Jeg merker meg også at de har koblet inn idrettsrådet og lignende aktører. Dette er for at klubben skal få viljen sin selv, uten å tenke på hvordan det går med de som allerede holder til i lokalene.

Pistolklubben har to andre lokaler fra før, seier Bjørnemo.

- Er det ikke viktigere at vi har ett tilholdssted enn at de har tre? spør han.


Stort engasjement
Etter at saka har fått stor merksemd i lokalpressa dei siste dagane, har kommunen bestemt seg for å revurdere avgjersla.

- Ingenting er endeleg avgjort, men eg kan forsikre om at ingen i kommunen ynskjer å kaste ut rockeklubben. Vi har sett saka på vent, og no skal den opp for kultur- og oppvekstutvalet 11. november. Det har kanskje vore ein kommunikasjonssvikt, men no er det på tide å gå djupare inn i denne saka. Målet er å finne ei god løysing for begge lag, seier ordførar Terje Jørgensen Jr. (H) til Ballade.

Jørgensen Jr. tek sjølvkritikk på vegne av kommunen, og er einig i at saka har vorte dårleg behandla.

- Politisk har denne saka hatt ei uheldig utvikling. Dette er ikkje rette måten å behandle folk på, og det vert feil å setje frivillige lag opp mot kvarandre.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Popular Music, Politics