Jakta på det perfekte bransjeregister
Norsk musikkliv held seg med to bransjeregister med openbare svake punkt i begge. Burde dei slåast i saman?

Av Ida Habbestad

I det norske musikkmiljøet finst to bransjeregister; MIC sitt bransjeregister og MUSIKKguiden. Registra er ulike, men omfattar mange av dei same aktørane. Å halda dei oppdaterte utgjer ein betydeleg arbeidsmengd for organisasjonane bak.

I høve arbeidet med denne artikkelen har redaksjonen gjort stikkprøver både i MIC sitt register og i MUSIKKguiden. Det er ikkje vanskeleg å sjå at begge register har klåre utfordringar både når det gjeld oppdatering og publiseringsmåte. MIC sine biografiar får minus for oppdatering; fleire aktive komponistar ser ikkje ut til å ha produsert noko sidan 1990-talet. MUSIKKguiden si nye webside er lansert med eit uferdig søkesystem og vesentlege aktørar manglar i registeret.

Per dags dato framstår begge registra som omfattande, men ingen av dei er perfekte kva gjeld oppdatering. Er musikklivet tent med begge to?

MIC Norsk musikkinformasjon har som utgangspunkt for sitt bransjeregister si interne adressebase. Mellom 20 000 kontaktar i registret er kring 12 000 publisert på nett. Registret inneheld informasjon om artistar/utøvarar, band/ensemble, komponistar, bedriftar tilknytte musikklivet, samt enkelte historiske data. Det føreligg i norsk og engelsk versjon og alle innførslar er lenka mot eksterne ressursar, som artiklar på Ballade, verk i MIC sin database, biografiar, plater på Music Online og liknande. (MIC Norsk musikkinformasjon er Ballade sin utgjevar).

Registeret er redaksjonelt basert, det vil seia at all informasjon vert behandla av MIC sine tilsette. Dette meiner informasjonssjef i MIC, Aslak Oppebøen, er ein fordel.

- Registret oppdateres ofte ved at vi får tilbakemeldinger fra brukerne, men alt går gjennom en streng redaksjonell behandling som kvalitetssikrer innholdet i større grad enn om oppdateringen hadde gått automatisk, seier Oppebøen.

MUSIKKguiden i skriftleg utgåve har utkomme årleg sidan 1991. Ifølgje redaktør Geir Storli er det registrert kring 2700 foretak og nærare 6000 personar i katalogen. Katalogen er drifta av Musikk-Kultur (eigd av Musikernes fellesorganisasjon) som overtok drifta for Gramart i 2006 og dinest eigarskapet frå 2008.

I tillegg til katalogen som sist vart distribuert til 12 000 aktørar i bransjen, har registret òg vore på nett i mange år. 9. september lanserte MUSIKKguiden nye nettsider, basert på ei ny database med nytt brukargrensesnitt.

Også i MUSIKKguiden finn me artistar/utøvarar, selskap og bedriftar, men til skilnad frå MIC sitt register, er det lite redaksjonell informasjon om enkeltpersonar. Hovudprinsippet til Musikkguiden er dessutan at kvar brukar oppdaterer si eiga oppføring.

- Brukerne er roten til det gode for vår base. De sørger for færre feil og bedre kontinuitet i endringen av informasjonen. I september var det 1600 firma som oppdaterte sin informasjon i basen, og tirsdag denne uken ble 100 nye personer oppført i basen. Trykket er jo ikke så stort, men det sier noe om hvor mange telefonsamtaler, fakser, e-poster og brev vi måtte håndtert om vi selv skulle skaffet til veie all informasjonen og oppdatert basen manuelt. Det alene ville nok ha kostet minst ett ekstra årsverk, seier Storli.


Geir Storli/Foto Rune Eriksen

Redaksjonell vs brukarstyrt
Organisasjonane har definert målgruppa si likt. Dei rettar seg mot heile musikkbransjen – MIC nemner i tillegg den internasjonale marknaden som mål.

Felles for begge er òg utfordringa med å halda registra fortløpande oppdatert. Begge organisasjonane medgjev at gjerne skulle hatt større ressursar til rådvelde for vedlikehald av basen.

For MIC sin del er det ei sentral utfordring å følgja med på endringane, sidan dei som er registrerte ikkje sjølve er ansvarleggjort. Trass den eventuelle besparinga det ville vera å opna registret for oppdateringar utanfrå, ynskjer MIC å halda på si redaksjonelle løysing.

- Vår erfaring er at det er de minst interessante aktørene som først melder seg, mens de som de du helst vil ha der i sjeldnere grad melder seg inn, seier Oppebøen.

Han trur òg at oppdateringa vert sikra, sidan informasjonen i registret er i bruk av dei tilsette.

- En fordel for oppdateringen er at vi som jobber her, bruker informasjonen i arbeidet vårt. Det at vi trenger informasjonen, gjør at den ofte blir oppdatert; vi får input fra hele staben vår. Registeret er også mye brukt av andre, ikke minst fordi det er knyttet opp mot ressursene vi har fra før, seier Oppebøen.

Ei utfordring ved systemet MUSIKKguiden har valt, er at sidene risikerer å bli utdaterte dersom enkeltpersonar eller -bedrifter ikkje tek ansvar.

Storli meiner imidlertid at eit slikt system gjev mindre risiko for utdaterte oppføringar enn ved katalogbasar flest. Han understrekar at det vert nytta mykje ressursar på vedlikehald. Mellom anna får redaksjonen fortløpande rapport om nye oppføringar eller endringar på eksisterande informasjon.

- Alle slike endringer i basen blir gjennomgått fortløpende. Om vi finner feil og mangler, eller er usikre på om informasjonen stemmer, innhenter vi nødvendige tilleggsinformasjoner, gjerne i et samarbeid med bransjeorganisasjonene eller andre med spesialkompetanse. Deretter redigerer vi informasjonen og sender den tilbake til brukeren. Det finnes jo også dem som gjerne vil skryte på seg ting de ikke har full dekning for, medgjev Storli.


Aslak Oppebøen/Foto: MIC Norsk musikkinformasjon

Framtidig samarbeid?
Ingen av organisasjonane har tilsette som konsentrerer seg utelukkande om registeroppdatering. Begge reknar likevel med at den totale innsatsen som er nedlagt kan festast til om lag eit årsverk. I MIC sitt tilfelle kjem oppdatering av biografiar tilknytt registret i tillegg.

- Jeg synes biografiene burde vært et mer prioritert område, selv om vi har gode samarbeid utenfra. Vi har Eggum sitt musikkleksikon, som for så vidt er modent for revisjon. Så har vi våre egne biografier på komponister som vi er ganske gode til å holde ved like, og vi har jazzarkivet sine biografier. Populærmusikkfeltet er stort og det ville krevd atskilige årsverk til å holde et slikt register vedlike. Men vi ønsker å snakke med Rockheim om å dele biografier med dem, seier Oppebøen.

Hans syn på kva som er det viktigaste med eit bransjeregister er at så mange ressursar som mogleg er samla på ein plass. Der Oppebøen meiner biografi, relaterte artiklar, bedrifter samt annan informasjon er det vesentlege, meiner Storli at det mest viktige med eit bransjeregistret er at ein finn det ein søkjer etter, at sida er enkel å bruka og at informasjonen ein får kjem raskt og er lett forståeleg.

Begge ynskjer imidlertid å vera premissleverandørar av informasjon – for heile bransjen.

Ser de meininga i at det eksisterer to registre så tett på kvarandre?

- Jeg ser jo problemet i at to institusjoner sitter på samme registeret oppdateringsmessig. Det er en litt underlig strategi fra en av våre eiere (MFO er medeigar i MIC, red.anm.) å ha to slike registre. Men registrene er ulike – MFO har satset mye på papirversjonen, på å ha et tilbud til sine medlemmer. Vi har holdt oss til versjonen på nett, seier Oppebøen.

- Det må også sies at vi har samarbeidet oss i mellom og delt informasjon. Vi har ikke noe imot å dele informasjon, det er en del av vårt oppdrag, legg han til.

- Jeg har for så vidt allerede hatt kontakt med MIC for å se på muligheten for et samarbeid. Det er flere mulige samarbeidsmåter vi kunne se nærmere på. Kanskje er det fornuftig å diskutere muligheten for ett felles register, eller kan hende det fortsatt skal være to separate registrere som samordner enkelte funksjoner. For eksempel ligger det et stort potensial for besparelser med en felles innhenting av informasjon. Det er der de største katalogkostnadene ligger, meiner Storli.

- Uansett hvilke samarbeidsformer vi måtte komme frem til, er det jo først og fremst musikkbransjen og norsk musikklivs interesser vi ønsker å ivareta, både Musikk-Kultur og MIC.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: