Kellers metode
Høyrer du kva tone eg syng? Danske Katja Keller har vore oppteken av absolutt gehør storparten av sitt liv, og underviser over internett for den som vil lytta betre.
Katja Keller (250x)

Av Ida Habbestad

Absolutt gehør er definert som evna til å namngje (eller skilja mellom) tonehøgder, når ein får høyra den aktuelle tonen utan andre tonar som referansepunkt. Evna kan vera medfødd – men det er òg mogleg å trena den opp heilt eller delvis.

Men korleis øver ein opp sitt absolutte gehør? Denne kjennskapen er altfor lite utbreidd, meiner musikar, komponist og pedagog, Katja Keller. Dei siste åra har ho gjennomført kurs via internett med utgangspunkt i sine eigne røynsler.

- Då eg var 6 år gamal meinte leiaren ved musikkskulen eg gjekk på, at eg hadde absolutt gehør. Det var mykje oppstyr kring dette, og eg vart særs skuffa då det viste seg at eg slett ikkje hadde evna. Istaden fann eg det vanskeleg å tilnærma meg instrumentet mitt, som var fiolin. Eg hata å øva skalaer, til slutt vart eg lei av alt, seier Keller.

Men etter at Keller i studietida forsto at det kunne vera mogleg å tileigna seg kunnskapen, byrja den tidkrevjande prosessen med å finna ut korleis. Ho prøvde ut føreliggjande metodar, men fekk dei ikkje til å fungera. Ho innsåg at ho sjølv måtte forstå korleis absolutt gehør virkar for å kunne trena det opp.

På heimesida hennar tyder mykje på at innsatsen var vel verd – i alle fall om me skal tru parolar som ”Start to hear in a different way, Improve your music memory, Find and explore your hidden sources of creativity, Increase your productivity” og vidare.

- Det er eit spørsmål om innstilling, svarer Keller, på spørsmål om kva metoden eigentleg går ut på.

- Folk spør alltid ”korleis gjer du det?” Men den som har absolutt gehør, særleg når evna er medfødd, veit ofte ikkje kva han gjer. Difor bør ein heller spørja vedkomande ”kva høyrer du?”. Absolutt gehør er eit spørsmål om persepsjon. Det hjelper ikkje å berre kunna namnet på tonen du høyrer – du må òg vera medviten kva du høyrer; om lyden den enkelte tonen har.


Tonespråk
I 2004 publiserte den amerikanske forskaren Diana Deutsch resultata av eit av dei første større forskingsprosjekta på absolutt gehør. Ho påviste korleis personar frå sokalla tonespråkskulturar, som i Vietnam og Kina – der ein har stor forekomst av ord som får ulik betydning avhengig av tonefallet – lettare oppnår absolutt gehør. (Les meir om undersøkinga her.)

På liknande vis baserer Keller undervisninga si på det musikalske systemet som eit språk med meining. For å oppnå medvit kring lyden må ein finna samanhengar mellom den bestemte tona og eit anna fenomen, hevda ho.

- Du veit når du er på ein fest med mange menneske, og skal hugsa namna på ulike folk. Han som heiter Peter er han som har på seg slipset med Mikke Mus. Ho som heiter Mary haltar – og det er denne eigenskapen som gjer at du hugsar namnet hennar.


Mnemoteknikk
- Det same må du gjera med tonehøgdene; du må finna ut kva denne lyden betyr for deg, kva farge, form og kjensle den har. På kursa undervisar eg i slike mnemoteknikkar (hukommelsesteknikkar) og i korleis ein kan innstilla hjerna på ein slik tankegang. Som vaksne er me jo vande til å gjera ting etter faste mønstre. Me nyttar dei vanlege modellane våre – men om ein vil utvikla absolutt gehør må ein endra desse mønstra. Og etter at nye mønstre er innarbeidde må ein faktisk stadig minna seg sjølv om dei, så ikkje gamle vaner vert dei gjeldande, seier Keller.

Det kjem ikkje utan arbeid, gehøret, og Keller meiner ein for å beherska grunnleggjande teknikkar bør følgja kursa 3-6 månader. Men ho insisterer på at kunnskapen kjem godt med: Musikarar har tid å spara i arbeidet med intonasjon og liknande, ein vert istand til skriva ned kva ein høyrer utan større anstrenging, meiner ho:

- Endå viktigare er er at du kan forbetra det musikalske minnet. Der har du samanlikninga med språket igjen: Lyttar du til eit dikt på japansk vil du nytta lenger tid på å læra det utantil enn om diktet var på norsk. Når du har absolutt gehør vert musikken meir som morsmålet ditt. Kanskje vil du òg få ei anna oppleving av musikken?



Katja Keller er utdanna i musikk ved La Sorbonne i Paris, Universitetet i København og DARK (the Danish Alternative Conservatoire of the rhythmical music). Kurset hennar finn du her.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Education