Store tilskot til kunstfestivalar i 2004
Festivalar blir stadig viktigare formidlingsarenaer for samtidskunst, seier Norsk kulturråd, som no gir 400 000 kroner til Lofoten Internasjonale Kunstfestival 2004. Hovudutstillinga har tittelen "Human, Fucking Human". Momentum i Moss får 600 000 kroner til hovudutstillinga under festivalen i 2004, og Kulturrådet gir også 100 000 kroner til UKS-biennalen i 2004.

Lofoten Internasjonale Kunstfestival har som mål "å bli Nord-Norges viktigste og mest spennende arena for internasjonal samtidskunst". Den internasjonale profilen blir halden ved lag i 2004, og tema for hovudutstillinga vil vere "Human, Fucking Human". Bakgrunnen er at dei nordiske landa i dag søkjer å få innverknad på område som tidlegare var dominerte av stormakter: konfliktløysing, mekling og deltaking med stridande styrkar i internasjonale militære aksjonar. Utstillinga vil problematisere ulike sider ved eit slikt engasjement, men også i kva grad samtidskunsten har høve til å formidle kunnskap om makt og overgrep i dagens mediesamfunn. Kurator for hovudutstillinga vil vere Tor Inge Kveum.

Kulturrådet gir 600 000 kroner til hovudutstillinga under kunstfestivalen Momentum i Moss i 2004. Utstillinga vil romme verk av mellom 30 og 40 kunstnarar, og kuratorar er Caroline Corbetta frå Italia og Per Gunnar Tverbakk. Tematisk vil utstillinga reflektere ein nordisk røyndom i brytninga mellom tradisjonelle og nye verdiar. Festivalen opnar i mai 2004 og rommar fleire parallelle utstillingar og seminar og konsertar. Kulturrådet har tidlegare gitt en million kroner til utvikling av Moss Bryggeri til fast kunstformidlingsarena for Momentum.

Unge Kunstneres Samfund får 100 000 kroner til UKS-biennalen i Oslo i 2004. Biennalen reiser spørsmåla: Korleis formar kunsten byen, og korleis formar byen kunsten? Gjennom seminar, sosiale prosjekt og ei utstilling i UKS´ nye lokale og uteromma rundt vil biennalen utforske kva kunsten kan gi tilbake til omgivnadene. Utstillinga vil romme verk av rundt ti kunstnarar, og kuratorar er Ida Kjerulf og Helga-Marie Nordby.

Interesserte kan lese meir på nettsida liaf.no, der dei og lenkar vidare til UKS og Momentum.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Multimedia, Organizations, Funding