Ein allstadnærverande musikk
Årets avslutningskonsert på Borealis skal spreiast som ein dusj over Bergen sentrum.

I landskap der musikken stadig endrar seg, er det ei konstant utfordring å gjera musikken kjend. Kvart år har Borealis, festivalen i Bergen for samtidsmusikk, støy og lydkunst, parallelt med vanlege konsertar òg prosjekt for å nå breiare grupper.

Dette året kan ein til dømes, som forbipasserande til lokalet Rom 8, sjå musikarar som sit i vindauga og spelar – 12 timar i strekk. Dei som går inn kan òg få med seg den visuelle utforminga av kva som går føre seg i hjernen til utøvarane, ettersom hjernebølgjene deira vert målt parallelt med spelet.

Andre konsertar finn stad på kjøpesentret i Åsane, eller i foajeen til Bergen kino. Sistnemnde stad kan publikum få læra seg delar av Steve Reich sitt ”Clapping music”. Og i dei meir tradisjonelle konsertane kva gjeld konsertformat, er det lagt vekt på å blanda sjangrar, og dermed også publikum.


Lyddusj over byen
Men prosjektet som truleg kjem ut til flest av dei som minst hadde venta det er Dreyblattdusjen. Som siste post på festivalprogrammet held Arnold Dreyblatt og ensemblet hans konsert på Landmark laurdag kveld. Konserten vert overført live på studentradioen. Same kveld vil ei gitt mengd menneske skru på radioane sine kring om i byen, så menneskemengda ute kan få inntrykk av konserten.

Prosjektet er festivaldirektør Alwynne Pritchard sin idé.

- Då eg lytta til den seinaste plata til Dreyblatt – her på kontoret mitt av alle stader – oppsto ein tanke om at denne musikken skulle kunna spreiast. Eg forsøkte å tenkja meg korleis den ville opplevast om den vart spelt simultant ei rekkje stader, nesten som eit ritual. Så då eg inviterte Dreyblatt til Borealis, var det med tanken på ei slik profilering, der overføringa var ein sentral del av utførsla, fortel Pritchard.



Uryddig særpreg
Arnold Dreyblatt er eit relativt uskrive blad i Noreg. Mest kjend er han kanskje som kunstnaren bak verket ”Innocent Questions” som er oppført på Holocaustsenteret på Bygdøy, og som tek opp aktuelle spørsmål knytt til registrering av persondata.

Som komponist og utøvar kan han plasserast innanfor den andre generasjonen av amerikanske minimalistiske komponistar, og har studert mediekunst, komposisjon og etnomusikk med lærarar som La Monte Young, Nam June Paik, Alvin Lucier, Pauline Olivieros, Morton Feldman og John Cage. Han har vore oppteken av å laga nye framføringsteknikkar og instrument, og utvikla nye system for stemming.

- Kvifor er det nettopp Dreyblatt sin musikk du vil spreia?

- Mykje handlar for meg om den rituelle kvaliteten i uttrykket hans. Musikken til Dreyblatt har repetitive kvalitetar, slik minimalistisk musikk jo har. I tillegg har den fleire eigenskapar, mellom anna eit element av mikrotonalitet. Eg finn noko uføreseieleg, nær sagt uryddig i denne musikken, som gjev uttrykket karakter. I denne samanhengen er et òg eit poeng at Dreyblatt ikkje arbeider med stor og omfattande elektroakustisk lyd, men med eit mindre, intimt akustisk uttrykk. Begge delane appellerte til meg, det uryddige og det intime. Kanskje var det dette som gjorde at eg ynskte å dela musikken hans med mange, svarer Pritchard.


Arnold Dreyblatt & The Orchestra of Excited Strings, Petöfi Csarnok, Budapest, October, 1985 from Arnold Dreyblatt on Vimeo.



Kebabsjapper, vektarar, elevar
For å spreia konserten har festivalen henta inn hjelp frå innbyggjarar og arbeidande i byen. Somme plasser, som ved brygga i Bergen, er det sett opp lydanlegg. Andre plassar er overføringa meir subtil, ved at menneske lyttar til konserten over øyretelefonar. Men i hovudsak oppstår Dreyblattdusjen ved at menneske på ulike stader heilt enkelt skrur på radioen.

Ei mengd av byens vektarar har varsla at dei gjerne vil vera med. Eigarar av byens kebabsjapper er flittig førespurt, medan tidlegare frivillige, som elevar ved Laksevåg videregående skole, vil ta turen ut for å spela radio.

- Eg må innrømma at eg er spent på effekten av dette. Det er seint laurdag, timen før midnatt, og folk girar seg opp. Det blir spanande å sjå om dei reagerer, seier Pritchard.

For å dokumentera somme av reaksjonane vil ni personar vil gå med kamera kring om i byen og fanga inn inntrykk. Opptaka deira vert spelt av som ein videokonferanse via Skype, på veggen inne på Landmark.

-Trur du at inntrykka utanfrå vil ha påverknad på musikken til Dreyblatt?

- Det er ikkje godt å seia på førehand. På eit overordna plan trur eg ikkje det vil utgjera nokon skilnad for sjølve utførsla, for eg oppfattar Dreyblatt som ein kunstnar med svært klåre idear om kva han gjer og kvifor. Og det vonar eg han held fast på, for meininga med akkurat dette prosjektet er å føra impulsar ut og ikkje omvendt. Samstundes er det jo både sannsynleg og naturleg om dette prosjektet har ein undermedviten påverknad, svarer Pritchard.


Viktig omgjevnad
Impulsen ut – og dialogen ut mot publikum, der publikummet får kjensla av å delta – er noko Borealis har vore nøye med.

- Eg er svært interessert i at fleire menneske skal få høvet til å lytta til ei større breidd av musikk – om det er i konsertlokalet eller utanfor, seier Pritchard.

- Og for at dette skal kunna skje, må ein jo gjerne initiera opninga for at menneske som ikkje nødvendigvis har høyrt tilsvarande musikk nokon gong, og som kanskje ikkje heller likar den i utgangspunktet, skal få møta den. Det er sjølvsagt mange måtar å gjera dette på, og ikkje umiddelbart eit enkelt arbeid. Men å presentera musikken til Dreyblatt for folk ein time, kan seiast å vera ein god start.

- Er det ikkje også viktig at impulsane frå tid til anna går motsett veg – altså at dei utanforståande sin medverknad har konsekvensar for det kunstnarlege uttrykket?

- Jo, absolutt, og dette skjer i større eller mindre grad heile tida. Musikk kjem til uttrykk i ein akustisk og ein sosial omgjevnad, og slik eg ser det, vil omgjevnadene alltid påverka måten me lyttar til musikken på. Medvitet om dette er sjølvsagt viktig i programmeringa, me gjennomfører ikkje prosjekta våre som nokon gimmick åleine. Til dømes kunne eg ikkje sett i gong Dreyblatt-prosjektet med ein type musikk eg ikkje var sikker på at tolte avspeling over radioen, og som eg ikkje trudde ville kunna skapa interesse, seier Pritchard.

- Frå eit kunstnarleg ståstad er intensjonen med dette prosjektet òg å sprengja dei akustiske grensene for musikken. Utan at lyden vert oppfatta som særleg høg eller overveldande for dei som er til stades. Ideen er meir at den som lyttar skal få kjensla av at musikken er allstadnærverande

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Contemporary, Interviews, Concerts, Multimedia