Visuell instrumentutstilling
Gjennom festspela har fleire av verda sine mest ettertrakta fiolinar vore utstilt på Permanenten i Bergen.

26. mai opna utstillinga ”Ole Bull og mesterinstrumentene” – vårens hovudsatsing ved museet Permanenten.

2 år med førebuingar har vore nødvendig for å henta inn dei klassiske instrumenta frå heile verda – supplert med meisterinstrument som finst i Dextra Musica si samling.

(Dextra Musica er eit dotterselskap under Sparebankstiftelsen som lånar ut verdifulle strykarinstrument til talentfulle musikarar. Meir om stiftinga HER).

I sentrum for utstillinga står fiolinmakaren Guarneri del Gesú, som sto bak Ole Bull sitt favorittinstrument ”Il Canone”.

Før utstillinga opna har ein kunna sjå ein variant av dette instrumentet komma til. 14. April tok fiolinmakar Jacob von der Lippe turen over fjellet – og med seg hadde han deler av verkstaden sin. Saman med italienske fiolinmakarkollegar har dei bygd eit instrument med utgangspunkt i detaljerte mål på Gesú-instrumentet.

- Men det er ingen direkte kopi. Vi har gitt oss selv frie tøyler, seier von der Lippe.

Instrumentet er fullført på 6 veker, mot normale 8 – og von der Lippe innrømmar at det er gjort nokre snarvegar når det kjem til lakkeringa av instrumentet.

- Men vi har nok tenkt på at det hadde vært godt om det kunne gå så raskt alltid, seier han.



Fiolinmaker Jacob von der Lippe monterer utstillingen sammen med, blant andre, Lippes
italienske kollega Silvio Levaggi. (foto: Maria Tripodianos)

Rekeskal og vulkanaske
Parallelt med framveksten av instrumentet, har han og kollegene vist fram prosessen for skuleklassar og andre interesserte. Framleis kan ein få sjå på materiale av flammelønn frå Aust-Europa og gran frå Italia som er dei tresortane ein gjerne ynskjer seg i fiolinen.

Vidare får me sjå ingrediensar som ein nytta i lakken i gamle dagar: og her på museet har det vore fokus på kor nært knytt desse er til det gamle oljemaleriet; treverket er behandla mykje på same måten som ein preparerte lerretet for eit maleri: med harpiks og linolje.

Med ingrediensane følgjer òg eit visst innslag av mystikk, fortel von der Lippe.

- Folk liker å tro at instrumentmakeren Stradivarius hadde en spesiell hemmelighet når det kom til hvilke ingredienser han brukte i instrumentene sine. Og det er sant at man har funnet mye rart i fiolinene; som rekeskall og vulkanaske. På 1500-tallet hadde også vært en liten istid som gjorde at trærne i Europa vokste under andre forhold enn de gjør i dag, seier han.

- Men svaret på hvorfor Stradivarius bygget så gode instrument er ikke fullt så enkelt. Dersom jeg bruker akkurat de samme ingrediensene som Stradivarius, blir ikke instrumentet automatisk godt. Svaret på det spørsmålet, ligger nok i summen av all kunnskapen han hadde – pluss 300 års spill.

Von der Lippe peikar på at også musikarane spelar ei rolle.


- Instrumentene som er samlet her er de beste som ble laget av de store instrumentmakerne; det var ikke alle instrumentene deres som ble like gode. Og det er jo slik at instrumentene som er utstilt her er foretrukket av store musikere. Musikerne har på en måte vært med på å avgjøre hvilke instrument som skulle overleve; bare gjennom noe så enkelt som at de var kompetente til å ta vare på dem på en skikkelig måte.


Med høve for utvikling
I instrumentmakarmiljø kring om i verda vert det med jamne mellomrom arrangert konferansar og utstillingar. Likevel meiner von der Lippe at Dextra Musica si satsing er unik – både gjennom plasseringa av utstillinga i ein liten by som Bergen, gjennom den store satsinga på Guarneri "del Gesú – og, ikkje minst, at dei også fokuserer på moderne instrument.

I naborommet til verkstaden finn me eit knippe celloar og fiolinar, laga i vår eiga tid – også desse av makarar frå heile verda.

- De moderne instrumentene er ikke enda like verdifulle som de gamle. Men det at man viser fram disse også, gir et signal om at det er viktig å produsere instrumenter, og at man tror at noen av disse instrumentene kanskje er like ettertraktet som de gamle om 300 år, seier han.

Som med musikk elles, tek det gjerne nokre år før ein veit kva instrument som vil verta dei ettertrakta på marknaden. Når Øystein Birkeland har valt ut instrument til denne samlinga er det fordi dei har potensiale.

- Man kan ikke garantere at instrumentene som er utstilt her de beste om 100 år; strykerinstrumenter utvikler seg over tid. Det man vet ganske sikkert, er at instrumenter som ikke i det hele tatt har potensial i utgangspunktet, neppe vil få det heller, seier von der Lippe.



(foto: Dag Fosse)


Skiftande utstilling
Dei aller fleste kjem likevel for å sjå instrumenta frå 15-, 16- og 1700-talet, til verdiar som får det til å gå kaldt ned over ryggen på nokon og ein kvar. Med 13 Guarneri "del Gesú-instrument har ein samla 10% av dei eksisterande instrumenta. I tillegg finn me instrumentmakarnamn som Gaspar da Saló, Francesco Rugeri, Giovanni Battista Guadagnini – og Antonio Stradivari.

Det visuelle er lekkert utforma. Fotograf Tom Sandberg har ramma inn utstillinga med bilete av instrumenta, og montra er designa spesielt for utstillinga. Rommet er malt om og lyssettinga tilpassa for å visa fiolinane på best mogleg vis. Von der Lippe meiner at instrumenta slik dei står i montrane ikkje er viste fram på nettopp denne måten før.

Men er det å kikka på instrument godt nok til å gje inntrykk av kva dei er gode for?

For ein fiolinbyggjar kanskje, og fiolinekspertar, seier von der Lippe – som understrekar at det har vore ein del slike på besøk under utstillinga.

- Men vi har hatt gratiskonserter daglig og det har vært godt oppmøte ved disse. Og alle instrumenter som tilhører musikere som har hatt konserter under festspillene har hentet ut instrumentene sine. Sånn sett har utstillingen skiftet hele tiden – det har variert hvilke instrumenter som faktisk er her, seier von der Lippe.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: