Tilfeldige møte - med samanheng
Kva har "Andvake", Ganesh-fest og Matmos felles?

Av Ida Habbestad

Under opningshelga på Festspillene i Bergen har ein – truleg i større grad enn før – kunna røra seg mellom ulike musikalske uttrykk.

Til dømes kunne ferda gå frå Fosse si iscenesette spelemanns-forteljing, via feiringa av den hinduistiske guden Ganesh og til kyrkjekonserten til den amerikanske elektronika-duoen Matmos. Programpostane tilbyd i utgangspunktet estetisk heilt ulike fenomen. Men plasseringa av desse nært i tid innbyd òg til samanlikning. Og for underteikna vart det subtile, og ofte mytiske inntrykket ståande som ein raud tråd gjennom det heile.


Andvake
Først i ”Andvake”, som har tekst av Jon Fosse, og som nesten utgjer prototypen på det subtile. Forteljinga hans er bygd opp av enkle setningar, ei langsam framdrift, små, nesten umerkelege repetisjonar og eit nesten suggesivt stillferdig språk. Slik er stykket i slekt med legenden, og tematisk sett med det bibelske, ved den gravide kvinna og mannen hennar som fortvila er på vandring, på leiting etter husrom.


Jon Fosse (foto: Magnus Skrede)

Rett nok gjekk det fortare enn eg kunne tenkt meg det i den ellers imponerande framføringa til skodespelar Svein Tindberg. Men tempoet fungerte i møtet med den nesten naive kulissen av ein enkelt teikna Bjørgvin by. Ikkje minst utfylt av Benedikte Maurseth sine musikalske innslag av nyskrivne slåttar – i fragmentarisk bruk – som fangar det musikalsk repetative i teksten.


Ganesh-fest
På same måte virka dansaren Alarmel Valli (Youtube) sine koreografiar med utspring i den meir enn 2500 år gamle Bharatanatyam-tradisjonen som eit overveldande sett av små nyansar. Truleg er nyansane langt meir komplekse enn det vestleg trente auga kan sjå. Men med ei form for manande, mystisk og repetativ innpakking – og tilsvarande pulserande, sirkulær musikk, på tromme, feler, fløyte og song – fann eg ein snedig slektskap mellom uttrykka: Begge som poetisk sanselege, fargesterke opplevingar – med djupe feste attende i tid.


Alarmel Valli


Matmos
Like sanseleg – og kanskje endå meire fysisk – var Matmos (Myspace) sin konsert i Johanneskirken laurdag kveld. Då det i opninga vart spelt på ei seljefløyte, vart assosiasjonar knytte også her mot det folkelege og tradisjonsrike. Sidan gjekk lydbiletet over i blokkar av massiv klang. Og atter ein gong virka ørsmå variasjonane i langsam utvikling å vera metoden – anten det var snakk om ein gåande groove, stillferdig støy eller heftig dirrande benkerader. Trass det abstrakte uttrykket, vart eg aldri heilt fridd frå ideen om store, naturlege rom – kanskje framkalla av at konserten fann stad i ei kyrkje. I eit slikt perspektiv sto òg Matmos i spennet mellom myte, eventyr og religion, med blikk på menneskeleg tru og verksemd.


Matmos


Vakkert programmert
Samanlikninga av så vidt ulike uttrykk er sjølvsagt både subjektiv og tilfeldig. Men ved å programmera såpass breidt får vare og ukringe møte finna stad. Kan henda kan det sjåast som eit programmatisk kvalitetsstempel?

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: