Festveke på Norges musikkhøgskole
Etter 10 års ventetid er Norges musikkhøgskole endelig samlokalisert, etter å ha vore delt mellom lokaler på Majorstua og Carl Berner sidan 1996. I tillegg til det eksisterande lokalet på Majorstua, er eit 7000 m2 stort tilbygg på 6 etasjer ferdigstilt og teke i bruk. Dette skal feirast med brask og bram, og gjennom neste veke arrangerast ei rekkje konsertar, forskingspresentasjonar, workshops og installasjonar.
NMH tilbygg, skisse (330x202)

Av Ida Habbestad

Det har vore mange ledd i prosessen fram mot det etterlengta tilbygget som no står klart. Alt i 1996, då Østlandets musikkonservatorium og musikkhøgskulen fusjonerte, var det ein føresetnad frå Stortinget si side at all verksemda skulle samlast på ein stad. Likevel skulle det ta drøye 10 år før samlokaliseringa kunne bli ein realitet.

Då byggjeprosessen starta i desember 2004, markerte ein det med konsert for gravemaskin og slagverk. Neste veke er det klart for nye markeringar gjennom ei heil veke til ende, og rektor ved musikkhøgskulen, Eirik Birkeland meldar at han vonar programmet vil gje både oppleving, kunnskap og inspirasjon,

Tilbygg på 7000 nye m2

Det nye tilbygget som er plassert bak musikkhøgskulens hovudbygning, er omlag 7000 m2 stort. Å påstå at høgskulen med dette har fått eit vesentleg større areale å boltra seg på, er ei sanning med modifikasjonar - for lokalet på Carl Berner disponerer dei ikkje lenger. Men at det er både er praktisk med ei samla verksemd, og dessutan langt meir eigna undervisningslokale, er det ingen tvil om.

Det nye tilbygget rommar 4 kammersalar, eit auditorium med plass til 100 personar, ein ny musikkteknologilab, 3 lydstudio, 3 metodikkrom, fleire spesialrom for jazz og anna forsterka musikk, ei rekkje seminarrom av varierande storleik, nye lærarkontor og øverom. Bygga er tilkobla gjennom ei bru i 3. etasje og ein gong i kjellaren.

- Bygginga av tilbygget har gjeve høve til å korrigera ein del ting som har gått ut på dato i det gamle bygget. Og det har òg gjeve høve til å få dekt ein del behov som har komme til etter at me bygde det gamle bygget – den gongen var det jo fleire av dagens studietilbod som ikkje sto på studieplanen, uttalte Bjørn Boysen, som har vore sentral i byggjeprosessen, i eit tidlegare intervju med underteikna.

Totalt er den samla musikkhøgskulen no 20 000 m2.

"20 000 kvm er mye, men jeg kan love at vi vil fylle hver kvadratmeter med musikalsk utfoldelse og høy energi" skriv Birkeland i velkomsthelsinga på www.nmh.no.

Feiring ei veke til endes

Gjennom festveka arrangerer høgskulen skulekonsertar om formiddagen, forskingspresentasjonar på ettermiddagen, og konsertar kvar kveld klokka 18 og 21. Her medverkar studentar frå skulen, samt mellom andre Truls Mørk, Håkan Hagegård, Liv Glaser, Jon Balke, Live Roggen, Kjetil Møster, Arve Henriksen og Berit Opheim. Alle konsertane er gratis, med unntak av Bylyder-konserten laurdag kl 18.00.

Det fullstendige programmet er som følger:

Mandag 22. januar

Ønskekonsert med Grieg, kl.18.00 Levinsalen
Griegs vakreste komposisjoner, rammet inn av Ballade i g-moll og Wolfgang Plagges verk komponert til Grieg-jubileet i 1993.

Kveldsjazz I kl.21.00 i Auditoriet

Jazz a capella og improvisasjoner inspirert av folkemusikk og den vestlige klassiske musikkarven.

Tirsdag 23. januar

Nye utrykk i nye omgivelser kl.18 - 23 i Auditoriet
Live performance, elektroakustisk musikk, video, installasjoner og improvisasjoner.

Onsdag 24. januar
Diplomstudentenes kveld kl.18 i Levinsalen
Eliten av solister og kammermusikere på NMH presenterer Bach, Schumann, Enescu, Strauss, Bozza og Dvorák.

Masterjazz kl.21 i Auditoriet
Mastergradsstudentene presenterer jazz med anstrøk av skandinavisk folkemusikk, norsk frijazz i møte med fuzz, hyl, støy og ballettsko.

Torsdag 25. januar
Musikkhøgskolen kammerensembler kl.18.00 i Lindemansalen
Kammerkor, barokkbande, slagverkensemble og kammersolister under ledelse av Truls Mørk presenterer verker av Johanson, Sjostakovitsj, Schönberg, Monteverdi, Lully og Taira.

Kveldsjazz II kl.21i Auditoriet
Jazzstudentene i samspill med etablerte utøvere presenterer musikk av Jon Balke og Thomas Strønen.

Fredag 26. januar
Festkonsert kl.18 i Lindemansalen Musikkhøgskolens symfoniorkester utforsker folkemusikk, jazz og klassisk i en og samme konsert.
(
NB! Konsertens plasser er fulltegnet, evt. uavhentede adgangskort kan hentes i resepsjonen fra kl. 17)

Lørdag 27. januar
Åpent hus kl. 13 - 17

Oppdag hele Musikkhøgskolen med studentene som byr på konserter, workshops og aktiviterer i skolens mange rom og konsertsaler.
Lørdag åpner vi dørene for musikkinteresserte, naboer og venner. Kom og ta våre nye flotte lokaler i øyesyn! Når Musikkhøgskolen inviterer til åpent hus og fest, skal selvfølgelig også øret få stimulans: Våre studenter byr på en mengde konserter, workshops og aktiviteter i skolens mange rom.

Musikkhøgskolen kammersolister i serien Bylyder kl. 18.00 Lindemansalen
Truls Mørk og Musikkhøgskolens kammersolister presenterer C.P.E. Bach, Sjostakovitsj og Sibelius.
Billetter kr. 50/120/150 selges på
www.billettservice.no eller Posten

Høgskulen meldar at det kan bli trangt om plassen - det vil lønna seg å møta i god tid.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Jazz, Genre\Classical, Concerts