- Stengjer ute dei unge og flinke
Kulturfeltet bør leggja av seg mytane dei har danna om seg sjølv, meiner Siren Sundland i Sparebanken Vest.

Førdekonferansen har dette året sett fokus på kompetanse i kulturlivet – med hovudfokus på leiing.

Festivalens hovudsponsor var invitert, og i ein debatt utfordra direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Vest, Siren Sundland, kunstnarar og institusjonar til å møta dei som løyvar i næringslivet med meir kontinuerleg engasjement.

For banken, som årleg mottek om lag 2000 søknader om støtte, ser eit stort engasjementet frå søkjarane – heilt til det løyva støttebeløpet er motteke.

- Engasjementet er overveldande, og argumentasjonskapasiteten til dei som søkjer likeeins. Men etter at dei utvalde faktisk har fått midla sine, nyttar me mykje tid på å purra dei opp. Somme sluttfører ikkje avtalen med oss, og sender ikkje dokumentasjon og rekneskap. Det er overraskande, seier Sundland.


Kulturlivet må setja premiss
Ynsket hennar er nærare kontakt mellom løyvar og mottakar – parallelt med ein tettare samtale mellom aktørane i kulturfeltet.

- Eg etterlyser ein diskusjon om korleis ein best mogleg skal kunna måla og evaluera kulturprosjekt. I dag er metodetilnærminga ofte basert på instrumentell økonomi, og ikkje på fagfeltet sine eigne premiss. Ein gjev løfte om kva kunst og kultur skal vera, som dette området ikkje er i stand til å halda. Det forundrar meg at det er ein slik himmelropande stille frå kulturaktørane knytt til dette. Eg forstår ikkje kvifor kulturlivet ikkje set seg i førarsetet og freistar skapa premiss for evalueringa. Korleis gjev ein på beste måte svar til Kulturdepartementet om at kultur er viktig i samfunnssamanheng, spør ho.


Få initiativ
Årleg inviterer Sparebanken Vest til møte med dei om lag 200 aktørane dei har valt å samarbeida med. Mellom desse er det frå kultursida få som tek initiativ til felles prosjekt, fortel Sundland.

- Somme tek initiativ, kjem førebudde og spør kva kan me skapa saman. I så måte kan Førdefestivalen framhevast. Hilde Bjørkum (festivalsjef, red. anm) bidrar også med kompetansen sin inn i andre prosjekt som me finansierer. Ein slik vilje til samarbeid er meir eller mindre til stades i organisasjonane – men eg ser ikkje den systematiske evna til slike samarbeid.


Ikkje berre finansieringskjelde
Sundland meiner vidare det er synd at kulturaktørane ofte ser næringslivet som ein aktør som først og fremst er interessert i å få logoane sine i konsertprogrammet.

- Korleis ynskjer du at kulturlivet skal sjå på dykk?

- Eg ynskjer at dei skal sjå på oss som ein kompetansepartnar ikkje berre ein finansieringskjelde. I banken har me kompetanse på organisasjon, kommunikasjon og prosjektleiing, og me har nettverk som me gjerne deler. Eit samarbeid kan gje større strategisk utteljing for begge partar. Dette treng ikkje vera så krevjande. Kulturaktøren kan be om eit møte med oss i planlegginga i staden for å presentera resultatet når alt er ferdig.


Manglande mobilisering
Kulturfeltet er i endring. I Noreg er kulturpolitikken ambisiøs, meiner Sundland, men peiker på at utviklinga i nabolanda våre viser at den omfattande pengestraumen ikkje er sjølvsagt.

Ho etterlyser derfor ei større mobilisering frå kulturfeltet kva gjeld det å komma framtidige utfordringar i møte.

- Me har høyrt om kva den nye kulturformidlaren må representera, og frå den interne diskusjonen går det fram at me skjønar at endring må til. Men er me villige til å diskutera barrierane som skal til for å komma dit, spør ho.


Unødvendig myte
Kulturfeltet bør til sist leggja av seg enkelte av mytane dei har danna om seg sjølv, meiner Sundland.

- Me snakkar om at det å vera teatersjef er som å vera fyrbøtar i helvete – mange her vil le av, og kjenna seg att i dette. Men spør ein til dømes ein av dei som leiar større helseføretak eller mediehusa, vil ein kanskje finna at det er minst like utfordrande. Eg opplever altså ei mytologisering kring det vera leiar på dette feltet, der ein ser utfordringane sine som heilt spesielle. Tilfellet er at utfordringane nok gjeld meir generelt. Mytedanninga fører truleg til at ein stengjer ute flinke, unge menneske, slik at kompetansen ein burde knytt til seg kjem seinare enn forsvarleg.


Les også: - Kulturlivet treng ei traineeordning


- På kva måte bidrar de som mesen til å endra denne stoda?

- Sparebanken skriv samarbeidsavtalar med dei me samarbeider med; der me i fellesskap søkjer å definera kva ein skal skapa av samarbeidet. I tilegg har me arrangert nettverksmøte og samla dei som får midlar frå oss. Det er mange flinke aktørar i dette vesle landet, men det overraskande kor få av dei som faktisk har samarbeidd. Derfor ser me det som ei viktig oppgåve å nær sagt tvinga folk til å møtast og diskutera felles problemstillingar, seier Sundland.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Folk / Traditional