Arne Nordheim æresdoktor ved Noregs musikkhøgskole
Komponisten Arne Nordheim vert fredag 18. august, under den høgtidsame opninga av det 34. studieåret ved Noregs musikkhøgskole, gitt graden æresdoktor (doctor honoris causa). Nordheim blir den tredje personen som får denne utmerkinga, etter dirigent Mariss Jansons og folkemusikaren Kåre Opdahl. - Han har med sitt personlege tonespråk klart å sameine ein udogmatisk bruk av avantgardeelement med ei sterk lyrisk uttrykksevne. Nordheim er internasjonal i det musikalske språket og har nått eit stort internasjonalt publikum, seier Eirik Birkeland, rektor ved Noregs Musikkhøgskole, i ein pressemelding.

- Arne Nordheim har vore ein banebrytar for modernismen i norsk musikkliv. Han har med sitt personlege tonespråk klart å sameine ein udogmatisk bruk av avantgardeelement med ei sterk lyrisk uttrykksevne. Nordheim er internasjonal i det musikalske språket og har nått eit stort internasjonalt publikum, seier Eirik Birkeland - rektor ved Noregs Musikkhøgskole.

Arne Nordheim er fødd i Larvik i 1931 og har i over 40 år vore ein av dei mest framståande personane i norsk musikkliv. Fyrst og fremst som komponist, men også som musikkritikar, som leiar i ulike komponistorgansasjonar. og som profilert medlem av Norsk Kulturråd.

Han har for innsatsen sin motteke ei rekkje prisar og heidersteikn, og sidan 1986 har han budd i Statens æresbustad for kunstnarar, Grotten. Og internasjonalt har Nordheim vunne stort lovord. Musikken hans har blitt skrive på bestilling frå leiande musikarar og institusjonar frå heile verda.

Nordheim har skrive musikk i alle sjangrar. Hans viktigaste instrument er utvilsamt orkesteret, kor dei tidlege orkesterverka alle var inspirerte av hans søken etter ny klang i tradisjonelle instrument. Nordheim har i periodar vore oppteken av elektronikk og har skrive både reine elektroniske verk, og verk som kombinerer akustiske instrument med elektroniske verkemiddel.

Han har komponert mykje musikk for teater, ballett og TV, samt kammermusikalske verk som ofte er å finne på konsertrepertoaret. Nordheim sin musikk har ofte vore forbundet med det grensesprengjande, men karakteristisk er og alvoret i uttrykket og det intense forholdet til stilla.

Nordheim er den tredje personen som er gitt utmerkinga, etter dirigenten Mariss Jansons og folkemusikaren Kåre Opdahl. Æresdoktor er ein person som har fått doktortittel som ei ærevising utan å levere avhandling, vere med i disputas eller halde prøveførelesingar.

Den høgtidsame opninga av studieåret er fredag 18. august kl 14.00 i Lindemansalen på NMH.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Contemporary