Musikkfest Oslo = godstemning.no
Musikkfest Oslo er solbrende skuldrer, såre føter og susande øyrer. Musikkfest Oslo er halling, break-dance og mosh-pit. Musikkfest Oslo er store planar og større logistikkproblem. Men mest av alt; Musikkfest Oslo er fullkomen glede.

Tekst og bilder av Sigrun Åland

Laurdag 5. juni vart musikkfest Oslo arrangert for nittande år på rad. Med 341 musikalske innslag fordelt utover 12 timar og 29 scener, kunne glade osloborgarar nyte eit variert program i sommarvarmen. Oppslutnaden rundt musikkfest har vakse stort dei siste åra. Talet på scener og artistar har eksplodert, og talet besøkande har fulgt same kurve. Kanskje er det tilgangen til stemning, ølservering og vener som gjer det. Det kan også skuldast at musikkfest er fullstendig gratis. Resultater er uansett det same. Alle elskar musikkfest, og ein legg godt merke til det når ein vandrar rundt i byen.

Musikalsk mangfald
Noko ein merkar seg ved å sjå på programmet til Musikkfest Oslo, er at dei er suverene på mangfald. Kvar av dei 29 scenene har sitt eige konsept, og dei fleste fokuserar på ein einskild musikksjanger. I praksis vil dette seie, at om ein utelukkande ynskjer å nytte dagen til hip-hop, korpsmusikk eller metalscena, er det absolutt mogleg. Noko av det fine med musikkfest er likevel at ein faktisk har moglegheit til å oppsøkje musikksjangarar ein ikkje er like fortruleg med. Her melder det seg imidlertid eit lite luksusproblem. Det er omlag umogleg å få med seg alt på ein og same dag. For å faktisk halde ut i 12 timar kan det vere lurt å ta ein pust i bakken når det passar seg.



Nils Petter Molvær på Grønnland

Musikkfest er glede!
Sjølv om musikkfest kan seiast å vere eit utstillingsvindauge for nye og uetablerte band, rommar også årets program nokre namn med lengre fartstid. The Shitsez er eit band som har fått mykje merksemd det siste året. Dei har mellom anna utmerka seg både på bransjetreffet SXSW i Texas, og på spelelista til P3. Om ein skal tru musikkfestavisa, spelar The Shitsez cheerleaderrock med elektropunktwist. Dette er tydelegvis ei blanding som slår an. Trass i mange spelejobbar, kan vokalistane Karoline og Jeanette fortelje om ei forkjærleik for musikkfest.

- Musikkfest er glede! Det er dagen der ein kosar seg, ser bra konsertar og har det hyggeleg med mange bra mennesker. Det er vener overalt, laurdag, sol og det er så deilig å berre vandre rundt i Oslo med musikk på alle kantar. Alle smiler, et is, drikk øl og ler. Det er topp stemning rett og slett, eller «godstemning.no» som vi likar å seie.

The Shitsez starta musikkarriera si på ei trapp i London etter ein fuktig kveld på byen. Etter å ha sett nokre venner spele i Royal Albert Hall, vart Karoline og Jeanette misunnelege og forstod at dei måtte lage sitt eige band. Etter dette har ting berre gått slag i slag. På årets musikkfest spelte dei fleire konsertar, men var ikkje stressa av den grunn.



The Shitsez ved Blitz


-Det er jo nokre timar imellom. Vi må berre passe på å ikkje drikke for mykje øl. Det er fint å ha minst to konsertar, for då får ein vist seg fram for fleire folk. Det er også ulikt publikum på dei ulike scenene. Vi har det jo kjempekjekt på musikkfest og vil dermed spele mest mogleg. Dessutan kan folk som ikkje rakk fyrste konserten komme på den andre.


Musikkfest Stavanger

Musikkfest Trondheim



Dunderhonning i Folketeaterpassasjen Okkultokrati på Garage


Hugseliste for den ihuga
Det skal godt gjerast å ikkje la seg rive med under Musikkfest Oslo. Likevel bør ein ta med seg nokre tips vidare for ei optimal festivaloppleving. Om du er ein av dei som vil ha mest mogleg ut av dagen, er det særs viktig med gode sko. Korleis skal ein ellers halde ut 12 timar med gåing, ståing og hopping? For å unngå varig øyresus er det også viktig å bruke øyreproppar. Lydnivået framfor scena gjer nemleg sitt allereie etter få timar. Er du derimot ein av dei som likar å slappe av, er solkrem fundamentalt. Sola skin nemleg alltid på musikkfest, iallefall om ein skal tru gjengen i The Shitsez.


Wimps spilleliste med Musikkfest-artister