42 prosent tilreisande til Førdefestivalen
42 % av publikum på Førdefestivalen kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Dette viser tala frå ei publikumsundersøking firmaet ”a2a - Arts to Audience” gjennomførte under årets festival i Førde. - Dette stadfestar festivalen sin posisjon som eit nasjonalt arrangement med eit program som har interesse langt utover eigen region, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum. Av 58 prosent som er frå Sogn og Fjordane, er 79 prosent frå Sunnfjord, 12 prosent frå Sogn og 8 prosent frå Nordfjord.

I undersøkinga kjem det også fram at 60 prosent av festivalpublikummet er kvinner.

- Tendensen i den ferske undersøkinga er mykje den same som i undersøkinga vi gjorde i 1999, seier direktør Hilde Bjørkum:

- Vi ser at svært mange på festivalen kjem utanfrå fylket. Dette stadfestar festivalen sin posisjon som eit nasjonalt arrangement med eit program som har interesse langt utover eigen region. Tala viser også at 25 prosent av publikum er busette i Førde kommune.

Trufast publikum
Eitt av dei mest markante resultata i undersøkinga er talet på dei som kjem tilbake år etter år. Heile 79 prosent av publikum har vore på Førdefestivalen før. 40 prosent har vore på festivalen meir enn 5 gonger.

Og dei som trur at festivalen berre trekkjer folk frå folkemusikkmiljøet ser ut til å ta feil: Det viser seg at heile 68 prosent av publikum ikkje har vore på andre folkemusikk- eller folkedans-arrangement i det heile siste året!

Eit anna funn i undersøkinga er at publikum sjølv er viktige marknadsførarar av festivalen. Det er heilt tydeleg at venner og kjende er den viktigaste informasjonskanalen for dei som ikkje har vore på festivalen før.

Profesjonell hjelp
- Alle rapportar viser at festivalen i år var ein suksess; 15000 selde billettar, auka sal av festivalpass, fleire ungdommar kjøpte pass, fleire deltok på kurs etc. I tillegg hadde festivalen god TV-dekning og mykje medieomtale både i inn- og utland, seier festivalsjef Bjørkum.

Likevel meiner ho at festivalen har mykje å gå på, og festivalen har difor hyrt inn profesjonell hjelp frå firmaet ”a2a”, som har spesialisert seg på publikumsbygging og marknadsføring av kulturinstitusjonar.

- Utviklinga går raskt og konkurransen i bransjen er stor. Vi gjer mykje rett, men vi ønskjer å utvikle oss, og det er absolutt nødvendig for oss å henge med - ikkje minst når det gjeld å kommunisere med publikum, seier Bjørkum.

Viktigaste arena i Norden
Festivalen har satt som mål å ”vere den viktigaste arenaen i Norden for oppleving av tradisjonsmusikk frå heile verda – ein magnet og møteplass for alle interesserte og nysgjerrige blant publikum, artistar og media.”

- Visjonen er ein del av festivalen sin strategiplan fram til 2008. I tillegg til det internasjonale fokuset, har vil festivalen ta eit spesielt ansvar for den norske folkemusikken og vere med på å utvikle nye presentasjonsformer og unge talent, seier Bjørkum.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Interviews