Førdefestivalen satser på ”DIALOG”
Følger opp det norske Mangfoldsåret og EU/UNESCO sin satsning med dialog som tema.
Melos_Førde folkemusikkfestival 2008 (400x247)

I år har Norge sitt ”Mangfoldsår” og både EU og UNESCO har valgt 2008 som sitt ”Year of Intercultural Dialogue”.

- For ein festival som har hatt fleirkulturelt arbeid som sjølve drivkrafta sidan starten i 1990, fell det ganske naturleg å følgje opp dette ved å legge spesiell vekt på positiv utveksling mellom menneske og kulturar i år. Difor har vi valt DIALOG som fokus for Førdefestivalen 2008, seier direktør Hilde Bjørkum.

Om bakgrunn for dette valget heter det fra festivalen i en melding i dag:

- Vi lever i ei tid der nokon hevdar at verda står overfor ein samanstøyt mellom sivilisasjonar og kulturar; mellom kristendom og islam, mellom aust og vest, nord og sør. Det finst krefter som vil skape nye fiendebilete gjennom å nøre opp under fordommar, misforståingar og forsøk på polarisering og segregering. Festivaldirektøren meiner det er viktigare enn nokon gong å auke forståinga mellom kulturar og folk.

- Kulturutveksling og kulturpåverknad på tvers av landegrenser har pågått i alle tider. Samstundes har ulike folk og kulturar utvikla særeigne kulturuttrykk. Ulikskapar er ikkje farleg - det er jo det som utgjer mangfaldet. Men folk og ikkje minst kunstnarar har alltid utveksla idéar og lært av kvarandre.

”Som kjelde til utveksling, fornying og kreativitet er det kulturelle mangfaldet like nødvendig for menneskeheita som det biologiske mangfaldet er for naturen” - Sitatet er henta frå UNESCOs konvensjon om kulturelt mangfald, og vi sluttar oss gjerne til denne utsegna, seier Bjørkum.

Opnar med balkanmusikk

Først på programmet står storsatsinga Gypsy Queens and Kings. Dette er det rumenske sigøynar-brassbandet Fanfare Ciocarlia sitt nye prosjekt, der dei har samla nokre av dei beste sigøynarmusikarane i Europa på scena i eit regelrett stjernelag. Balkanmusikk er i vinden som aldri før i Europa, mellom anna takka vere Fanfare Ciocarlia.

Esma Redzepova for første gong til Førde

Med seg til Førde har Fanfare Ciocarlia fleire store musikarar. Sigøynardronninga Esma Redzepova frå Makedonia er ei av dei. Ho starte si profesjonelle songkarriere i 1943, som 13-åring. Ho har to gonger vore nominert til Nobels fredspris, men – det er altså første gong ho kjem til Førde.

Ljiljana Butler frå Serbia, derimot, har vore her tidlegare, den gongen med Mostar Sevdah Reunion som gav ein minnerik konsert under festivalen.

Produksjonen Gypsy Queens and Kings med 20 musikarar frå 6 land på scena vert opningsforestillinga på Førdefestivalen 2008; torsdag 3. juli kl 20.00.

Aust møter vest i MELOS

I prosjektet MELOS møtest dei eldgamle kulturtradisjonane frå Iran, India og Middelhavslanda gjennom musikk, song og dans.

Esperanza Fernandez frå Spania syng om smertefulle tap og kjærleik som ikkje vert gjengjeldt. Alireza Ghorbani frå Iran lovprisar kjærleiken på ein tvetydig måte, ofte gjennom improvisert song over heilage skrifter som kan vere opptil 800 år gamle. Savina Yannatou frå Hellas framfører songar frå Middelhavet. Ho syng om kjærleik, og songane hennar blir ei bru mellom aust og vest. Her møtest også flamencodansen frå Spania og kathakdansen frå India gjennom dei profilerte dansarane Manuel Gutierez og Sharmila Sharma.

Mannen bak MELOS heiter Keyvan Chemirani. Han er eldste son i Trio Chemirani, ein iransk trommetrio med far og to søner. Familien utvandra frå Iran til Paris, og musikaren Keyvan Chemirani har heile tida utforska likskap og ulikskap mellom aust og vest.

String Sisters – damer i storform!

At keltiske musikktradisjonar har kryssa hav og kontinent gjennom årtier er velkjent. At nokon skulle finne på å samle sine felespelande søstre frå ulike kantar av verda til eit prosjekt i Norge, var kanskje ikkje så opplagt.

String Sisters har eksistert sidan dei spelte på den store festivalen Celtic Connections i Glasgow i 1998. Dei gjentok suksessen på same festival i 1999. Så gjekk det seks år før dei var på turné i Norge (2005). Etter to år kom CDen (2007), og no har vi endeleg klart å samle dei igjen: Annbjørg Lien frå Norge, Emma Härdelin frå Sverige, Mairéad Ni Mhaonaigh frå Irland, Catriona Macdonald frå Shetland, Liz Knowles og Liz Carroll frå USA.

Eit musikalsk fargespel

Her inviterer festivalen barn og unge i Førde med både etnisk norsk og innvandrarbakgrunn til å møtast for å utveksle songar og dansar, for å lære av kvarandre og skape nytt. Fargespel er både ein prosess, ein metode og ei musikalsk forestilling, starta i Bergen med Ole Hamre, Sissel Saue og Hilde Sol Erdal som initiativtakarar og leiarar.

Førdefestivalen 3.-6. juli 2008: Førdefestivalen er ein av Norges knutepunktfestivalar og den største festivalen i Skandinavia for akustisk folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå heile verda gjennom 80 store og små konsertar og arrangement over fire dagar.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Youth, Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover