God underhaldning
Kva kan slåttenamna fortelje oss, spør Knut Aastad Bråten - og finn forteljingar av ymse slag.

Teksten er Aastad Bråtens leder fra seneste utgave av bladet Folkemusikk.

For litt sidan tok eg turen innom det lokale folkemusikkarkivet. Denne gongen var det ikkje eksklusivt melodistoff eg var på leit etter, men noko heilt anna: Slåttenamna. Kva kan dei fortelje meg?

Mengda av slåttar er stor. Det same er namnevariasjonane. La oss byrje med ei av gruppene – dei namnlause: Nokre av slåttane manglar rett og slett namn. Slåttane er som nakne tre i vinterkulda, utan identitet. Her er fåe spor. Eit registreringsnummer, årstalet for innspelinga, melodisjanger og namnet på spelemannen er alt eg får vite. Spørsmåla er mange. Var det ein reisande som tok han med seg over fjellet? Var slåtten populær på dansefestane?


Sprekaste jenta?
Andre slåttenamn er presumptivt informative. «Rangdi Røllong», «Byfelli-kjerringa» og «Luråsen» seier iallfall noko – om nokon. Rangdi var kan hende sprekaste jenta på dansegolvet. Eller var det så at ho likte slåtten – og fekk han oppkalla etter seg? Røllong er ein gard i bygda. Jau då. Her har vi spor!

Ei anna namnegruppe vitnar om drama. «Låtten den vonde hulla til guten som drap jenta si» talar sitt tydelege språk. Kanskje var det sjalusi som fekk guten til å utføre udåden? «Den som rulla etter golvet» er – i rette tydinga av ordet – Johann Friedrich Struensee (1737—1772), livlegen til den sinnssjuke kongen av Danmark, Kristian VII – og elskaren til dronninga, Caroline Mathilde. Struensee fekk mykje makt, utfordra kongen – og tapte. Han fall i unåde – og mista hovudet. Slikt blir det som kjent slåttar av.


Den verste nemninga
Nokre namnetitlar inneheld humor, slåttenamn som vi kan smile skakt til. Eg snakkar sjølvsagt om slåttane med hint til den seksualiserte delen av verda. Ikkje alle døma høyrer heime i det offentlege rommet, ikkje alltid. Kanskje dreier det seg om å sjå publikumet sitt an før ein presenterer slåttane?

La meg likevel kline til med den verste nemninga: «Fitteristen», av ulike omsyn berre kalla «Rist’n». Meir tydeleg kan ein ikkje seia det. «Rist’n» er slåtten som får det til å rive – og riste, bokstaveleg tala – og som får hallingslåtten «Guten og jenta i høyløa» til å bleikne, iallfall kva slåttenamn angår.


Veldige tak og vendinger
Namnet skjemmer ingen, seiest det. Jau, nokre gonger gjer det det. Då bandet Turboneger vart etablert i 1988, stod det mellom to namn: Turboneger og Nazipenis. Ville dei opplevd den same suksessen med eit anna namn? Eller kva med denne: «Tarmskylar’n», ein toradarslått komponert av Inge Gjevre, som varar i underkant av to minutt. Slåtten kjenner eg ikkje. Slåttenamnet derimot kjem eg neppe til å gløyme.

«Rist’n» og liknande slåttenamn skræmer oss ikkje – iallfall ikkje i dag. Kanskje var det annleis før? Orgasme i programmet Trekant på NRK plasserer «Rist’n» og «Tarmskylar’n» fint innanfor det akseptable. Dessutan er «Rist’n» ein brukande danseslått, blir det meg fortalt. Veldige tak og vendingar set dansarane i ekstase. Hei, kor det går!


Kjønnsdiskriminerande, ufin og skitten
Stundom har eg vanskar med å skilje slåttane frå kvarandre. Var det «Rist’n» han spela? Det spelar mindre rolle. Kanskje betyr det ikkje noko i det heile? For kven humrar ikkje gjenkjennande når det blir prat om slåtten, eller han blir annonsert i dei mørke krokane på spelemannsfestane? Det smittar. Vi ler.

«Rist’n» er kjønnsdiskriminerande, ufin og skitten, men også kulturhistorie, folkeleg forteljartradisjon – i tillegg til ein brukande danseslått. Slåttane og slåttenamna fortel om menneska, naturen og kulturen, og er god underhaldning langt utover dei musikalske opplevingane. Forteljingane, mytane og slåttenamna gjev melodiane evig liv, noko attåt, ei kraft og ein verdi utover det reint musikalske.


Berre eitt kriterium
Litteraturkritikar Marta Norheim skriv i si siste bok Friksjonar om skiljet mellom kunst og underhaldning: «Til sjuande og sist finst berre eitt kvalitetskriterium, men det er til gjengjeld nådelaust: Du skal underhalde lesaren din.»

Vi feller ikkje domar over slåttane med dei kroppsorienterte slåttenamna, gjer vi? Litt sjalusi, underlivsristing og tarmskyljing gjer kulturhistoria endå litt rikare.

Av Knut Aastad Bråten Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Humour