Kinesis - ei musikkvisuell utstilling, akt III
I prosjektet Kinesis har Ottar André Anderson vore opptatt av å dokumentere delar av det unike musikkmiljøet på Sula. Utstillingen åpnet i slutten av mai, vertinne på utstillingen denne fredagen er Silje Breivik.
Kinesis - illustrasjon (300x600)

Ottar André Anderson er fotograf, født på Sula i Langevåg (1975), busett i Ålesund. Kinesis er hans 4 separatutstilling, der han tek for seg musikkmiljøet på øya.

- Eg er fascinert av korleis denne vesle øya har greidd å fostre fleire titals profesjonelle musikarar på nasjonalt og internasjonalt nivå, uttaler Anderson i ein pressemelding.

- Eg har sjølv vakse opp med mykje musikk rundt meg, og har både far og ein bror som er musikarar. Sjølv spelte eg gitar, og vakla mellom å velje musikken eller fotograferinga som yrke og liv. Samtidig er eg fascinert av rørslene i musikken. Korleis rytmar og tonar, eit og eit sjølvstendig lite element, blir sett saman og blir til ei rørsle. Det er desse rørslene eg har prøvd å fange og overføre til fotografiet. Difor har eg fotografert alle musikarane medan dei er i aktivitet – medan dei spelar eller syng, seier Anderson.

- Det er utruleg mange med bakgrunn frå Sula som er musikarar på heiltid eller deltid. Og enno fleire som er amatørar. Skulle eg ha fotografert alle, ville det ikkje blitt noko utstilling! Utvalet er blitt bestemt dels av ønsket om breidde i alder og musikkform, og dels av kven eg greidde å få kontakt med.

Å forstå eit fotografi

Dette skriv Heidi Hokåsmoen, kunsthistorikar med hovedfag i fotografi, i eit utdrag fra ein artikkel om utstillinga:

"Korleis kan vi forstå eit fotografi? Fotografiet frys tida og gir oss eit nærvær av fortida. Vi let oss fengsle av denne statiske avbildinga. Korleis vi tolkar eit fotografi har med erfaringane våre å gjere. Difor kan vi aldri forstå eit fotografi som objektivt. Men det er ikkje berre vi som legg eit subjektivt element inn i tolkinga – biletet er eit produkt av ein fotograf som igjen har vore med å velje ut motiv, kva som blir med og kva som blir utelate. Kvar einskild av oss gir bileta meining og det er først i dette møtte at dei blir meiningsberande.

Vi vil altså forstå fotografia til Ottar André Anderson ut frå erfaringane våre. Korleis veit vi for eksempel at personen på biletet musiserar? Jau, fordi vi veit korleis ein trompet ser ut, høyrast ut, kva den gjer osv.

Fotografi lar oss kjenne oss nær noko eller nokon utan at vi er det. Dette gjeld også musikarportretta. Vi kjenner oss nær dei, utan at vi er det."

Silje Breivik er vertinne 9. mai. Ho er utdanna skodespelar frå Sula, og er utdanna frå Liverpool Institute for Performing Arts. Breivik er kjent frå ei rekke teater og tv/film produksjonar som til dømes Grusomhetens Teater, Hordaland Teater, NRK Drama, Transiteatret, Spillebrikkene, Riksteater, Sogn og Fjordane Teater og Radioteatret

Musikerne:


Disse opptrer på akt III av Kinesis:

Dette skjer i Parken kulturhus i Aalesund lørdag kl.18.00.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Popular Music