Kammermusikk utfordrer byrom
Kammerorkesteret music population orchestra (mpo:oslo) inviterer til lanseringa av det internasjonale prosjektet Can You Hear It, med ein utandørs konsertserie i fire byrom i Oslo i perioden 11. juli til 2. august.
Brede Rørstad (Foto: Amy Morisse) (330x258)

Konsertane vil gi publikum sjansen til å oppleve arkitekturen i dei fire byromma, fargelagd av kammermusikk.

Tidspunkt og stadar for konsertane:


Konsertane er gratis, og er opne for alle.

Tverrfagleg, internasjonalt samarbeid

Ved å utfordre det passive forholdet mange har til kammermusikk og arkitektur, vil Can You Hear It skape ein dialog mellom musikk og arkitektur for å involvere, bevisstgjere og engasjere publikum, så vel som akademiske og profesjonelle miljø. Prosjektet er eit samarbeid mellom the music population project (mpp), Sister City - prosjektet for kulturbrubygging mellom Portland, Oregon og Oslo, samt arkitekturmiljø i Portland og Oslo.

Partnerar til prosjektet inkluderer også m.a. Nasjonalmuseet, Oslo Arkitektforening, Oslo kommune og City of Portland. Konsertane vil bli haldne parallelt i Portland og Oslo, med til saman åtte konsertar i like mange byrom.

Tilbake til folket

mpp vart starta i USA i 2005 for å gi kammermusikken tilbake til folket. Ved å tenkje nytt i alle ledd i formidlinga av kammermusikk, når mpp ut til publikum på deira premiss.

Publikum blir samstundes invitert til å lære om kva kammermusikk kan vere i 2007, gjennom å la seg påverke av samtida sin estetikk, samstundes som ein ber rike kammermusikktradisjonar vidare.

The Music Population Orchestra tek del i mpp sitt arbeid, og orkesteret si verksemd blir utvida til Norge og Europa med oppstarten av mpo:oslo, som blir lansert med konserten 11. juli.

Prosjektet vil i første omgang bli ført vidare gjennom eit dokumentarfilmprosjekt som tek utgangspunkt i konsertserien, før prosjektet tek form gjennom vidare tverrfagleg dialog i og utanfor fagmiljø, andre samarbeidsprosjekt og fleire konsertar.

Dette i følge en pressemelding.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Classical, Genre\Classical\Contemporary