Verdig 10-åring
Denne helga gjekk Glogerfestspillene på Kongsberg av stabelen. Festspillene er ikkje prega av voksesmerter, men satsar kontrollert og ungt, skriver Ida Habbestad.

Det var ein gong, nærare bestemt for 250 år sidan, at Kongsberg var den nest største byen i landet. Byen hadde sølv og dermed kapital, og då ein bygde Kongsberg kirke sparde ein ikkje på noko. Slik har kyrkja ein omfattande storleik, med to galleri, fleire losjar, vakre utsmykkingar og det største orglet i Noreg frå 1700-talet, med 42 stemmer samt ein fasade i fargane blått og gull.

Eit slikt instrument krev ressursar. Etter fleire generasjonars bruk, fekk orglet vatnskadar seint på 1800-talet, og vart ståande ubrukt i 120 år. I 1993 vart det initiert ei restaurering, og for ti år sidan sto Glogerorglet ferdig, unikt i skandinavisk samanheng, som det største historiske instrumentet i stadig bruk.


Rekrutteringsarbeid
Restaureringa vart bakgrunnen for Glogerfestspillene, med organist Reidar Hauge, sopran Isa Gericke og pianist Sveinung Bjelland som pådrivarar. Dei to første har hegna om festivalen sidan oppstarten i 2001, medan dirigent Olof Boman vart ny kunstnarleg leiar med Gericke frå 2008.

Dei hadde ikkje sett føre seg kva festivalen skulle bli, fortel Hauge. I oppstarten handla det om å få festivalen opp, eitt år om gangen. Men ein ting har dei gjort rett, understrekar han: Dei har vakse langsamt. Slik har proporsjonane aldri vorte uhandterlige, arrangementet har vore under kontroll.

Frå kyrkja som einaste konsertstad, har ei viktig nyvinning vore å ta andre lokale i bruk. Det første som møter meg når eg kjem til Kongsberg, er dermed wienerklassisismen: Lyden av ein strykekvartett kling i butikkane i byens storsenter, lydar som ein vert lokka mot – til ein finn seg i nyfikent selskap med fleire andre, om enn på behørig avstand frå utøvarane.


Les også: Kan man spille Griegs musikk akkurat slik Grieg selv fremførte den?


Mykje for dei unge
Eit liknande verkemiddel for rekrutteringa av publikum, er satsinga på unge. Laurdag formiddag i Kongsberg er via yngre krefter. Først i kyrkja der Kongsberg unge musikere tek oss gjennom musikkhistoria i sin heimelaga tidsmaskin, i tråd med festivalens tema «tid». Nivået er oppsiktsvekkjande høgt, med fine konstellasjonane av blåsarar, og med strykarar som er gjevne eit ekstra løft når Engegårdkvartetten spelar med dei i eit repertoar som neppe ville vore mogleg elles.

Ein annan barnekonsert er det Vegar Sandholt som står for. Med forteljinga om klokka Cecilia, tek han oss på nok ei rundreise i historia. Målgruppa er yngre, og Sandholt presenterer tema framført på klokkespel, krydra med fakta om musikken. Pedagogisk – men òg til ettertanke: Var det ikkje like mykje dei vaksne denne konserten var til for? Kva er den gode konsertopplevinga, på barnet sine premiss?


Røft og polert
Medan Ungdommens Kulturmønstring går for fullt i Energimølla, set eg fokuset på konsertar for vaksne. Også her går det slag i slag: I Bergseminaret er Engegårdkvartetten sin konsert utseld. Dei gjev publikum som forventa, og svir av ein Beethoven-kvartett på grensa til kva den kan tola av det røffe – somme gonger i overkant for denne lyttaren – medan Brahms-sekstetten deira er gjennomarbeidd og polert så ein skulle tru at ensemblet var eit anna.

I kyrkja, med plass til kring 1000 besøkande, har oppsiktsvekkjande mange valt å få med seg nederlandske Leo van Doeselaar på Glogerorglet. Repertoaret er tidsriktig, med to generasjonar Bach, Buxtehude og fleire anonyme innslag frå 16- og 1700-talet. Konserten er for lang, tykkjer underteikna. Den er perfekt meiner publikum, som applauderer varmt – og eg må innrømma: Det er fascinerande å lytta til det historiske suset, koralsatsar som er ornamentert og gjort massive, breidda av register og klang frå orglet, toppa av dei pussige klokkene organisten trør til med når uttrykket er særleg eksaltert.


Noko uorganisk
Denne nokså intellektuelle opplevinga vert fint kontrastert i programmet som kjem etter. Her møtast Det Norske Solistkor, Kammerakademie Potsdam, Oslo Kammerakademi – jamvel organisten Doeselaar og pianisten Bengt Forsberg: Alle på høgt internasjonalt nivå, verdige ein konsert i seg.

Og denne opplevinga er altså av det meir emosjonelle slaget. Frasene i Samuel Barbers «Adagio» tek ikkje omvegen innom intellektet, men når deg meir direkte gjennom den saktmodige, nostalgiske oppbygginga mot eit klimaks. Likeeins er stykka av Schumann og Brahms salig smektande, medan Arnold Schönberg sitt mektige rop om fred på jorda, er dissonantisk, stort og inderleg formidlande – alt på ulike måtar knytt til det bibelske utsegna om at «alt har sin tid».

Slik er det skuffande at ikkje alle verka i denne konserten vert framført like samansmelta og organisk, i dei store, nær tidlause linjene som dirigent Olaf Boman legg opp til, som om det nettopp har skorta på tida for å byggja det heile saman.


Forankra, men med utfordringar
Underteikna har ikkje følgt Glogerfestspillene over år – og veit soleis ikkje om denne dagen er representativ. Likevel er det nok ikkje heilt urimeleg å hevda at festivalen har nådd eit punkt av forankring, der folk kjem uansett kva som er tilbydd, sidan dei veit at det dei får er kvalitativt godt.

Dyktige utøvarar mogleggjer komplekst repertoar, og festivalen mogleggjer nye konstellasjonar. Desse møta mellom utøvarar krev nettopp tid og ressursar, og det er nok i balansegangen mellom å prøva nytt og vurdera ressursane sine at festivalen bør arbeida tettast vidare.

At festivalen har fått slikt dedikert publikum, seier uansett sitt om at arrangørane må ha gjort det meste rett. Og at dei dermed godt kan feira sin eigen innsats – som ein verdig, ti år gamal jubilant.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Sacred Music, Genre\Classical\Classical, Concerts