Forfall av kjønnsrollemønster i folkemusikken?
Musikkforskar Mats Johansson beskriv folkemusikken som ein sjanger i sterk utvikling. Framover vil han sjå nærmare på kjønnsuttrykk og kjønnsroller innanfor den norske folkemusikken.

Onsdag inviterte MIC Norsk musikkinformasjon og Institutt for musikkvitskap (IMV) til seminaret “Populærmusikk og kjønn i en transkulturell kontekst”. Seminaret markerte oppstartinga av forskingsprosjektet “Popular Music and Gender in a Transcultural Context”, leda av populærmusikkforskar Stan Hawkins ved IMV.

I løpet av seminaret vart prosjektet grundig presentert, og deltakarane la fram hypotesane dei skal arbeide med framover. I tillegg til prosjektdeltakarane, heldt også dei anerkjente musikk – og kjønnsforskarane Susan McClary og Jacqueline Warwick innlegg.


Les også: Kjøttbikiner og black metal


Ein sjanger i omvelting
Som prosjekttittelen tilseier, adresserer populærmusikkforskarane mellom anna spørsmål kring kjønn. Her vert særskilt den norske musikken plassert under lupa. Ein av prosjektdeltakarane, Mats Johansson, har tidlegare forska på rytmiske mønster i den norske folkemusikken. Folkemusikkperspektivet er noko han tek med seg vidare inn i dette prosjektet.

- Norsk folkemusikk har vore ein ganske isolert musikkform gjennom store delar av 1900-talet. Den har vorte forvalta av spesielt interesserte, entusiastar og organisasjonar, og har vore ei eiga verd på godt og vondt. I dag er sjangeren under sterk utvikling med aukande profesjonalisering og institusjonalisering, parallelt med at leiande musikarar nærmar seg populærkulturen i presentasjonen av seg sjølv og sin musikk.


Les også: Rapperen i dag: Tøff eller tøffel?


Uutforska felt
På generell basis finnast det lite forsking på folkemusikk og kjønn innanfor akademia. Johansson har latt seg inspirere av korleis tradisjonelle kjønnsrollemønster no står for fall innanfor den norske folkemusikken.

- Norsk folkemusikk har historisk sett vore ekstremt mannsdominert med den ansvarslause og “farlige”, men karismatiske og virtuose spelemannen som sjølve symbolet for sjangeren. Det finnast derimot liten plass for kvinna utover rolla som tilskodar i det romantisk framstilte biletet. I dag er bildet, i alle fall overflatisk sett, eit heilt anna. Kvinnelege folkemusikarar er nærmast leiande i sjangeren, ikkje minst med tanke på artistisk sjølvstende og ved å skape seg ein posisjon i det samtidige musikklandskapet. Dømer på dette er utøvarar som Annbjørg Lien, Susanne Lundereng, Tuva Syvertsen, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad.


Kjønnsrollemønster
Ved å sjå på folkemusikken frå eit kjønnsperspektiv har mange spørsmål dukka opp. Johansson er mellom anna interessert i å finne ut korleis kjønnsroller vert produserte innanfor feltet, samt korleis det skiftande landskapet av kjønnsroller kan dominere oppfatningar av musikk og stil. Han er også interessert i å finne ut korleis endring i musikk og kunstnarisk åtferd bidreg i danninga av kjønnsbestemte identitetar.

- Det er viktig å påpeike at eg ikkje hevder at dagens kvinnelege folkemusikkartistar opplev at dei er i ein slags rettighetskamp eller at dei bevisst utfordrar etablerte førestillingar og konvensjonar. Poenget er at kvinnene sitt inntog på arenaen synleggjer og problematiserer den kjønna kodinga av både musikken og dei rituala som omgjev den, legg Johansson til.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Conferences / Seminars