Jazz for dei yngste
Denne hausten vert det sett fokus på born og unge i ei rekkje norske jazzklubbar. Prosjektet tek sikte på å inspirere både deltakarar og konsertarrangørar.

- Barn er et åpent publikum. Det er utfordrende, utviklende og morsomt å spille for og med barn, seier Eldbjørg Raknes i ei pressemelding.


Ei totaloppleving
I oktober og desember skal jazzvokalist Eldbjørg Raknes og ei gruppe kunstnarar reise rundt på norske jazzklubbar med konseptet ”Hva kommer nå…?”. Dette er ei fleirkunstnarisk framsyning for born, med fokus på improvisasjon. Framsyninga vert ei totaloppleving med songar, pantomime, teatersport, historier og levande bilete.

- Dette vert kjempespennende, trur Raknes, og håpar på fulle hus


Trigge interesse
Eit av måla for dette prosjektet er å trigge interessa for kunstprosjekt med born og unge, hjå arrangørar innanfor jazz. Prosjektet er initiert av Norsk jazzforum sitt utval for born og unge, og støtta av Kunstløftet, Norsk kulturråd og Fond for utøvande kunstnarar. Turneen har i alt 9 stoppestadar, deriblant Bodø, Molde, Otta og Arendal.

- Barnejazzkonserter er en fantastisk rekrutteringsarena. Ikke bare barna, men hele familien kommer igjen, seier Trude Storheim frå Norsk Jazzforum sitt utval for born og unge.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Youth, Genre\Jazz, Tours