PROFF kulturnasjon?
INNLEGG: Giske ville forenkle musikkhverdagen. "Kvar faen er Giske no", spør Eldbjørg Raknes i dette hylet.

Grisen står i sin grisebing

og tenker dypsindig på viktige ting.

Undres om fleskeprisen går opp eller ned

tenker grisen. (Inger Hagerup)

Giske, vår forige kulturminister, ville forenkle musikarkvardagen, sa han – og kulturpolitikarkvardagen, trur eg. Og han ville løfte rocken opp og fram. Likestille. Så HAN laga begrepet RYTMISK MUSIKK og krevde at det RYTMISKE musikkfeltet snakka i kor. Eg veit ikkje kor mange fleire Paraplyorganisasjonar og instutisjonar vi har i dag enn for nokre få år sidan, men det er ikkje få. Han ville ha rytmiske kompetansesenter og samstemte meiningar å møte, la ut pengar til det. - Og etter nokre år: vips så har vi f.eks i MidtNorge MINK som den TREDJE organisasjonen med tilsynelatande ca samme formål som MidtNorskJazzsenter og Tempo (tidl. rockforum): dei skal betjene det ”rytmiske feltet” i Midtnorge. Med kontor og dagleg leiar. Og styre.

Så kan den noverande kulturministeren la desse og alle andre kulturiorganisasjonskor skrive rapportar og samla, nettverksdemokratiske kompromissmeiningar - i fellesskap med nettverka som DEI igjen må vere eindel av...

–som Anniken ikkje er så veldig interessert i, for HO er ny og skal bygge sin eigen politiske bauta, må vite. Den heiter visehandlekraftpolitiskSTIGE og består i å RYDDE og omorganisere slik at vi kan få brukt kulturpengane der HO synest det må vere best: der folk er – uansett. Og mest mogleg på dugnad! Yeah!

Liten jeg?

Langt ifra! Jeg er akkurat stor nok!

Jeg fyller meg selv helt på langs og på tvers, fra øverst til nederst. (Inger Hagerup)

Og EG er GRISEN! Og faktisk går eg langt utover mitt gode skinn, og i dag skal eg sparke alt eg kan, hit og dit, I GLASHUS!

Eg er musikar, låtskrivar og pedagog. Eg vil vere mest mogleg utøvande – for det er MIN KJERNE, MIN KJERNEKOMPETANSE, MIN MOTOR, DER DET BRENN, DER HOVUDGLOA ER; å synge, lage musikk og møte folk med det.

For at eg skal kunne utøve min profesjon og utvikle min kompetanse, og leve av det, er eg óg reisebyrå, bookingagent, manager, bandleiar, produsent, konsulent, søknadsskrivar, debattant, arrangør, plateprodusent, marknadsførar, pedagog, arenautviklar, komitemedlem. Med meir.

Skal eg no klage på det? Nei. Ikkje igrunn. Det er fantastisk mange moglegheiter til å få til å leve av musikk som norsk statsborgar i dag. Faktisk trur eg ein kunne levd over ei god stund om ein hadde berre skrive søknader heile dagen, alle dagar. Heilt til du kjem i andre enden, eit par år etterpå, og skal rapportere – og ikkje har sunge – for det rakk du visst ikkje…!

Kva er det du sel då, EldbjørgSjøvstendignæringsdrivandeMusikar? EG SA JO EG VIL SYNGE FOR FOLK og leve av det! Ja,men du syng jo så rar musikk – ingen vil vel (betale for å) høyre på det! Å? Men….berre i Midtnorge er det jo opptil fleire offentlege organisasjonar som jobbar for meg, har eg lest på nett!

MINK skal gjennom nettverkssamarbeid bidra til at profesjonelle aktører og vekstfeltet innenfor det rytmiske musikkfeltet i Midt-Norge styrker sin kompetanse og øker den enkelte aktørs muligheter til å skape en bærekraftig virksomhet. (Stifta og eigd av Moldejazz, Hilmarfestivalen, Midtnorsk Jazzsenter, Tempo (før rockforum) og Rock City Namsos)

Midtnorsk jazzsenter er en stiftelse som driver utviklingsarbeid innenfor jazz og beslektede musikkformer i Midt-Norge.

Stiftelsen Midtnorsk jazzsenter skal fremme kulturtilbudet innen jazzmusikk i Trondheim og regionen bestående av de tre midtnorske fylkene Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag:

• Å drive formidling av jazz og beslektet musikk i form av konserter og turneer.
• Å arbeide for utvikling av både det profesjonelle og det fritidsorienterte utøvermiljøet innenfor jazzsektoren.
• Å virke som et kompetansesenter og være et service-, samarbeids- og kontaktorgan for jazzmiljøet i Midt-Norge.


Tempo er en sjangeruavhenging interesseorganisasjon og et kompetansesenter som arbeider for å styrke det rytmiske musikkmiljøet i Midt-Norge. Vår visjon er at Midt-Norge skal være et attraktivt sted som aktør i musikknæringen å etablere seg, og virke i.

Tempo har siden opprettelsen i 1999 fungert som kontaktpunkt, kompetansehevende organ og en hjelpende hånd for aktørene innen det rytmiske musikkmiljøet i regionen.)

Å, ja, nei- dei jobbar ikkje for DEG nødvendigvis. Som du ser, hovudsakleg skal dei skal heve KOMPETANSEN.

Ja? Utviklar ikkje eg meg om eg får synge meir?

Det er ikkje DEN kompetansen vi snakkar om. Det er den RUNDT.

Eh, rundt – eg er berre meg, og utfrå meg finnest fleire band og konsept og album og låtar og notar mm. Men eg er berre meg, sånn i utgangspunktet…

Oi. Då slit du. For dei som har vore lure har lagt seg under ein halvoffentleg vinge. SJØ! Eller kanskje har klart å få seg ein bookingagent som er ”hekta på ein vinge" – f.eks er så heldige at dei har bookingagenten som har "dei fleste" jazzmusikarar i Norge i sin stall, som sit tett inntil det sjølvutnevnte norke jazzeksportregionsenteret i VESTNorge. For då kan dei snakke ilag – og ikkje minst direkte med politikarar i eit språk som gjer at ein får inn pengar.. – Som du ofte kan søke på – men det er berre bittelitt, alle stader då. For resten må dei jo ha for å ha kontor i og kontorutstyr og telefonen og styremøta og reise på møter med andre kompetansesenter og alt DET. Ja, det KOSTAR å drive kontor og bygge kompetanse og NETTVERK! - Men DU kan søke ca 1000 stader, altså!!

Oi.

Ok, men la meg begynne sånn her, rett rundt meg då – kan eg få jobb på Trondheim Jazzforum? Hm – men hadde ikkje du jobb der i fjor,då? Jau…over eitt år sidan,ja – støtta av mnj så klubben betalte eit band på 6 kr 5000,- (ein tredjedel av det dansebandet eg spelte i då eg var 15år mottok i hyre då, for eh …ca 25 år sidan). Trondheim jazzforum er ein paraplyorganisasjon no, skjønar du, så dei bookar ikkje så mange jobbar lengre... – Men du kan leige deg inn på Dokkhuset, det kostar kr 6000, berre! Rimelegare for deg som musikar enn for andre! Vil du det?

Hm..Kva med å synge for barn, det synest eg er utviklande – kvar gjer eg det i Trondheim då?

BARN? Nei,det er vi ikkje så interesserte i her….men prøv rikskonsertane, skulen: 3 konsertar for dag x 30 min i gymsalen, 2 skular pr dag, så mange veker du vil – så lenge du orkar, det kan vere nesten som fast jobb, livet ut det! Slik har det fungert i 40 år,faktisk!

Ja, det veit eg, for eg har gjort mange turnéar for RK... Men. Då ringer eg til dette kompetansesenteret som seier dei skal vere ei hjelpende hånd for aktørene innen det rytmiske musikkmiljøet i regionen då. Han veit nok ikkje heilt kva ein turne ER eller korleis ein gjer det, heilt, viser det seg, i min genre- og når eg ikkje er ung og uetablert og enno ikkje ”oppdaga” …– Hadde eg vore det, så kunne han kanskje hjelpe! Og kontoret er akkurat i startfasen, han har akkurat fått denne faste stillinga…Men eg må gjerne komme innom på ein kopp kaffi!

Kva med utlandet – det er veldig inspirerande å møte publikum i andre land og eg har spelt eingod del ute og har mange kontaktar…

MEN, Music Export Norway AS, er uaktuell for deg,då, eldbjørg - dei skal eksportere kommersiell musikk,med næringspotensiale – SUKSESS talt i pengar og mengde publikum. Men dei får 4 mill. om dei klarar samarbeide med MIC, Music Information Centre (ein stiftelse). Desse er tatt frå MUSIKARORDNINGA i Norsk Kulturråd, slik at om

du er musikar og vil spele utanfor Norges grenser så kan du ikkje lengre legge inn i heile turneen du planlegg inn i samme søknad lenger. Forstår du? Det er berre at du må dele opp søknaden. KUD, kulturdepartemenet, vil at ”dei som har kompetansen på musikkeksport” og skal få dele ut dei statlege midlane på eksportområdet– det blir meir oversiktleg slik – då kan ein telje på 50øringen kva som er brukt i distriktsnorge, by og utland. Sant? (– Dei ynskjer óg at MIC og MEN skal bu i samme hus, noko MEN set seg kraftig imot, men KUD seier dei har ein pisk, så dei får det nok til etter eindel meir møter og rapportar og flyttesjau. Men som sagt, MEN fokuserer ikkje på det DU held på med, uansett.) Men NORSK KULTURRÅD har allereie gått ut med at distrikt blir prioritert om du skal søke støtte for å spele i Norge, altså. Got it?

Ja. Slik kan det funke.

Det tek tid å bygge tuer.

Og ein skal definitivt flyge høgt og lenge for å få perspektiv nok til å skue utover alle tuene og trådane mellom dei –

og kva som er snubletrådar og kva som faktisk er ein sti å gå, SIN sti å gå…

Eg har jo bestemt meg for å bygge vidare på mi eiga tue! Som er basert på brannen i meg, kompetansen eg har utfrå mine 17 år som profesjonell musikar – og med motor som heiter musikk, utvikling, nysgjerrigheit, musikk, lyd, scene, innspeling, barn, ungdom, musikk, vaksne, eldre, kunst, film, bilete, folk, musikk!

Men eg har forstått at eg treng hjelp. Spisskompetansehjelp på området sjølvstendig næringsdrivande musikar.

Å, eg veit det!! Trondheim har kulturnæring, og spesielt musikk, som satsningsområde!! Snakk med dei! Kommunen? Ja!

Men så viser det seg at KulturNæring er alt det andre, det, sjø, – kiosken på kinoen og lydfirmaet som leverer utstyr til kulturhuset og dei som BYGGER dei nye kulturhusa og innreier det og sånn. Og avisene, dei som designar annonsene og dei som lagar platemessestand og serverer jordbær der. Og kanskje dei som kan/vil bli som Stargate. Og sånn! (Og om du trur du kan bli Stargate eller du trur du kan finne på noko HEILT NYTT så kan du få vere med i ein inkubator på LEN, støtta av Innovasjon Norge, Sør-Trøndelag fylkeskommune, NTNU og fleire - du får kontorplass, næringslivsmentor og du får dele erfaringane og kompetansen din med andre nyetablerte!)

Åja...

(Dessutan blir saksbehandlarane litt redde når det kjem ein musikar (dei har sett i avisa) komme gåande sånn inn i korridorane, inn på kontoret deira– ein veit jo aldri kva dei har i sinne eller kva språk ein kunstnar kan finne på snakke.)

Kvar er ByggeEigaKunstnarTueSpisskompetanseKontoret?

Og kvar FAEN er Giske?

Meir enn nokon gong treng eg folk med kompetanse rundt meg til alt som skal til. For å søke støtte, synleggjere , bygge jobbar og nettverk, booke jobbar, rapportere. (Kanskje kan eg få støtte til å utlyse ein arkitektkonkurranse til nytt glasshus? KANSKJE må eg seie at det skal vere ein monter for eit glansbilete…)

Og DET kunne vere desse kompetansesentra si oppgåve kanskje – å kunne peike på kvar eg finn dei som kan hjelpe meg å selge meg? Eller rettogslett støtte det eg treng RETT rundt meg?

Eg er MEDLEM av mfo, NOPA og Norsk jazzforum – og eg set min lit til at dei heng med utviklinga og utfordringane i tida, for tida.

Det er ikkje det offentlege sitt ansvar at eg har jobb som songar. Det er mitt. Det er EG som vil det.

Eg er liten eg, men eg vågar meg! (norsk folketone) Og ikkje har eg tenkt å gi meg heller!:)

...men no må eg springe; eg har ansvar for musikkformidling for studentane på jazzlinja, ntnu – og skal lære dei alt eg kan om det å vere utøvande musikar i praksis! Det er visst STORE nedskjæringar dessverre i vente, i det historisk-filosofiske fakultetet som jazzlinja er ein del av - så prosjektet vi har jobba med første semester heng i ein tynn tråd. Men. Face Reality.

Og så dett det ein mail inn i postkassa her, før eg rekk å springe:

Led deg selv til suksess - 3-timers seminar 24. november kl. 14-17

- Lær om effektiv målsetting og hvordan du oppnår målene

- Hvordan oppleve lykke - i balanse mellom "nuet" og fremtidsdrømmene

- Positiv tenkning - hvorfor og hvordan?

- Hvordan få mest mulig ut av ditt potensial?

Pris: kr 1 990,-

Uansett hva du velger å legge i begrepet suksess; etter dette motiverende foredraget vil du føle at du har fått en ny giv, at du har antent gnisten som får ting til å skje!

Sentrale temaer:

- Hva er suksess?

- Hvorfor ønske seg noe mer?

- Betydningen av takknemlighet

- Effektiv målsetting

- Handlingsplan

- Ta action!

- Rydd vekk hindrene dine

- Hvordan og hvorfor tenke positivt

- Fordeler ved å tenke negativt (!)

- Å ta ansvar for eget liv

- Å være tilstede i nuet og nyte reisen

- Hvordan og hvorfor ønske motgang velkommen

- Å markere sine milepæler og oppnådde mål

…du og jeg sitter inne med et tilnærmet ubegrenset potensial som vi kan få utnyttet maksimalt gjennom å lære hvordan.

Og så ringer tlf. :

JOBB!

Vil du leie byens FRIVILLIGHEITSMARKERING, det er frivilligheitsåret 2011, Trondheims mange flotte og fine organisasjonar spør! Ikkje synge nei- vere konfransier. Gratis.

Så må eg vurdere å dessverre vere kjip og snøfte neitakk til DET, eller til å køyre dottera på handballturnering og vere lunchdugnadsarbeidar, eller reise på det der møtet der det skal diskuterast fleirbruk av rikskonsertmusikarar.

Eg tenkjer at eg kanskje må ta å ringe rett til kulturministeren no og høyre kven ho snakkar med – eller kanskje høyre om ho er interessert i å snakke med ein profesjonell musikar som har levd av musikken sin i inn- og utland, for små og store, i 17 år no - og som faktisk óg kjenner mange andre musikarar sin NorskMusikarKvardag pr 2011? Eller Trond? Han er tross alt endå meir Trønder enn meg!

kjære eldbjørg; det handlar om musikk (fortset å lage songar som seglar sin eigen sjø og skaff deg ein søknadsskriveassistent og ein bookingagent. No. Heilt sjøl. Face Reality.)


kjære Anniken og kjære Trond; det handlar om POLITIKK. Kunst, musikk, kultur og næring hand i hand i og utfrå dette rike, langstrakte land. (Kan de vere så snill å ta kunstutvikling og musikarprofesjon på alvor, og ikkje rote bort meir i byråkratiske, umusikalske ordningar, -så blir det faktisk betre for alle!)

HYL!

Eldbjørg Raknes er blant annet sanger, komponist og bandleder, og har denne hjemmesiden.

Av Eldbjørg Raknes Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate