Førdefestivalen: Større program enn nokon gong
Etter eit år i delvis permisjon, er Hilde Bjørkum i år tilbake som direktør for Førdefestivalen. To månader før ho slepper laus den 17. Førdefestivalen, synast det meste å vere under kontroll. At publikum har forventningar til det som har utvikla seg til ein av landets største musikkfestivalar, merkar ho, og det hender jo at arbeidspress og uløyste spørsmål held henne litt ekstra vaken på vårkveldane, vedgår ho.

- Vi kjenner alt no at folk rundt oss gledar seg til sommaren. Årets fokus på brasiliansk musikk fell i smak hjå mange. Det er ekstra kjekt når det er slik, fortel ein entusiastisk festivaldirektør.

- Like kjekt er det når folk let seg imponere over festivalprogrammet i si heilheit. Vi får svært mange fine tilbakemeldingar frå alle kantar av landet, seier Bjørkum om Førdefestivalen, som i si 17. utgåve er større enn nokon gong.

Nær 100 arrangement
Programmet for Førdefestivalen anno 2006 omfattar nær 100 arrangement, og alt blir gjennomført på fire dagar, frå torsdag 6. til sønsdag 9. juli. Med brasiliansk musikk som tema, blir det blir både samba, coco, forró og capoeira å høyre i Førde til sommaren.

- Brasil sine ulike danserytmar fengjer absolutt, og i år har festivalen lagt opp til at opninskonserten blir ein skikkeleg Brasil-kveld i idrettshallen, seier Bjørkum. Her skal publikum få i pose og sekk; først konsert, deretter dans i idrettshallen. Med seks grupper frå Brasil, blir det danserytmar så det held, reklamerar Bjørkum.

På denne konserten blir det møte med alle dei brasilianske artistane Coco Raizes de Arcoverde, Valdir Santos, Revista do Samba, Ylé de Egba, Celio de Carvalho og Claudio og Cristina Latini. At sambakursa alt no er i ferd med å fyllast opp, tek Bjørkum som eit godt teikn.

Meir enn Brasil
Dei brasilianske gruppene skal også skape festivalstemning laurdagskvelden på Rica Sunnfjord Hotel.

Sjølv om temaet på festivalen i Førde i år er Brasil, er det faktisk alt ”det andre” som utgjer størstedelen av programmet. Musikken som kjem frå alle delar av verda. I år er det gjort avtalar med artistar frå i alt 21 land, og i følgje Hilde Bjørkum er det godbitar på rad og rekkje:

Som Mozaik, den irske/multinasjonale gruppa som skal spele på den store utekonserten fredag kveld. Mozaik er legendariske Andy Irvine (Planxty, Patrick Street, ex Sweenys) sitt draumelag; til det som skulle vere ein enkelt turné plukka han ut sine beste musikarkolleger gjennom meir enn 30 års musikarliv: Donal Lunny, Bruce Molsky, Nikola Parov og Rens van der Zalm. Dei sjølv brukar uttrykket ”the band to die for” og seiast å gje alt for kvarandre og dei som er glade i irsk musikk (med litt innslag frå Balkan).

Harv ut - Spindel inn
Først ut på utekonserten er heilnorske Spindel. Dei tek plassen etter svenske Harv, som dessverre har måtte kansellere pga sjukdom.

- Vi hadde gleda oss til Harv, som jo har sin del av æra for Rikskonsertane sin suksess med oppsetjing av Trylldefløyta – ein folkeopera. Når Harv måtte melde pass, er vi sikre på at Spindel med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken i spissen vert eit fullgodt og populært alternativ på Tangen i Førde. Vi hadde fullt hus og stor stemning på festivalpub med Spindel i slutten av april, og vi trur at folk kjem for å høyre dei igjen til sommaren, fortel Bjørkum.

I år blir festivalen i Førde regelrett blåst i gong. Festivalen har tinga Karl Seglem til å lage eit verk for norsk lur og bukkehorn, sveitsisk alpehorn og bronselur frå Usbekistan som skal (l)urframførast frå taka på sentrale bygningar i Førde.

- Dette er ein idé vi har hatt ei stund, og sidan Norsk lur- og bukkehornlag feirar jubileum i år, syns vi det er eit godt høve for å gjere denne originale vrien, seier festivaldirektøren.

Nye konsertseriar og konsertarenaer
På ”Møteplassen” presenterer festivalen møte mellom musikk og musikarar frå ulike kulturar. Her spelar dei prisbelønte duoane Ellika Frisell frå Sverige og Solo Cissokho frå Senegal (busett i Norge) på fele og kora, og Andrew Cronshaw og Tigran Aleksanyan frå Storbritannia og Armenia på citer og duduk. Også Bergenstrioen Naheddi med musikarar opprinneleg frå Irak og Burkina Faso er med i denne konsertserien. Solomusikarane i ”Tett på”-konsertane er Inga Juuso, Åse Teigland og Arne M. Sølvberg. Dette blir nære og akustiske møte med topputøvarar innanfor den norske tradisjonsmusikken. Av andre norske artistar kan kan nemnast trioen Gamaltnymalt med Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes som vart tildelt Spelemannspris i år.

Festivalen tek òg nye og utradisjonelle konsertarenaer i bruk. På veteranbåten M/S Atløy blir det konsertar med fylkesmusikarane frå Hordaland og Sogn og Fjordane, på Hegrenes bruk i Angedalen vert det invitert til ”Huldrenatt” og på ”Tønna” i Bygstad spelar greske Taximi.

Årets nyproduksjon med dans, musikk og teater er oppsettinga av Den vesle prinsen. Sigurd Aa Klausen vann idekonkurransen som festivalen, Sogn og Fjordane Teater og Den kulturelle Skulesekken i Sogn og Fjordane lyste ut i haust. Han er regissør for forestillinga. Aktørane er Gro Marie Svidal som den vesle prinsen, Ulf Arne Johannessen som flygaren og alle andre roller (!) og Harald Hesjevoll som musikar.

Frå koreansk perkusjonskunst til balkanske kjærleikssongar
Noko av det mest spektakulære på årets festival i Førde vil nok den sør-koreanske gruppa Dulsori stå for. Det er eit ungt, stort perkusjons-ensemble som er kjende for å overraske og engasjere sitt publikum.

I kyrkja kan ein nyte den særeigne polyfone songtradisjonen frå Sardinia med kvinnegruppa Actores Alidos, og musikar og vert Gabriel Fliflet inviterer også i år på gode historiar og festivalmusikarar i fri dressur på sin muskklubb Columbi Egg. Ei av dei mest populære gruppene på den internasjonale verdsmusikkscena, Mostar Sevdah Reunion med sigøynararen si ”souldronning” Ljiljana Buttler vil stå for den musikalske avslutninga av årets festival i Førde.

For å studere heile programmet til Førdefestivalen 2006, kan du klikke på desse sidene.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional