Remix av røynda
– Remixkulturen burde omfavne alt, sier Per Martinsen, som er aktuell med sitt multimediale Earthbound-prosjekt.

Basert på teikningar Per Martinsen hadde skribla ned etter eit rave seint på åttitalet skapte han figuren ‘‘Vix’’ og ut frå han kom det ein alternativ røyndom.

- Eg har alltid vore oppteken av fiksjon, og science fiction spesielt, så vegen derifrå til å skape ein fiksjonskarakter var ikkje lang, forklarar Per Martinsen, som har vore aktiv innanfor norsk techno sidan tidleg 90-tal, hovudsakleg under namnet Mental Overdrive.

Ut i frå karakteren Victor Ixelles, eller ‘‘Vix’’ har Martinsen over tid latt det gro fram eit univers, eller eit rammeverk rundt karakteren, basert på Victors blogg, der han til dømes skriv musikken han likar, som Martinsen også har skapt under ulike alias.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Altomfattande remix
All tekst kjem no ut som e-bok under tittelen Earthbound - Surfing the Apocalypse, og i tillegg kjem eit soundtrack. Martinsen har også laga ein kunstinstallasjon som er ein del av prosjektet.

- Så lenge datamaskina var verktøyet blei eg ikkje avgrensa til å berre jobbe med lyd. Remixkulturen burde omfavne alt, fortel Martinsen, som dermed har tøya remixomgrepet enda lengre enn miljøet rundt Punktfestivalen.

I forteljinga om ‘‘Vix’’ har han laga ein miks av røynda og fiksjon.

- Der røynda kjem til kort har eg berre laga fiksjon, seier han.

Stipla bilete
Dette kan nok verke forvirrande og vanskeleg for mange. Det gjer det ikkje enklare at Martinsen ikkje har vore open om kor omfattande prosjektet har vore, men heller har lagt ut trådar her og der, som blogginnlegg og ‘‘fiktive’’ plateutgivingar.

- Då eg var liten så likte eg godt dette med stipla bilete, å streke opp mellom punkta til det blei ein figur, og i fare for å bli for vag er det litt av opplevinga med dette prosjektet. Eg ser at det hjelper folk å forstå no når eg forklarar det, men sjølv ville eg likt beste å finne ut av det sjølv, seier han.


Ballade på Twitter


Svart humor
Tematikken i forteljinga om ‘‘Vix’’ er ganske mørk, og Martinsen forklarar at han er prega og inspirert av mellom anna den kalde krigen, samt det å fange seg sjølv i eit ‘‘sampla verdsbilete’’. Likevel er mykje av musikken som han har skapt til prosjektet ganske komisk.

- Eg er jo frå Nord-Norge, og det er mykje svart humor i dette her, fortel Martinsen, som har no har flytta tilbake til Tromsø etter 20 år.

Per Martinsen heldt seminar om sitt prosjekt under Punktfestivalen i Kristiansand laurdag 8. september.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Contemporary, Genre\Popular Music\Techno / House / Electronica, Interviews