Forsøksordninga er ein omveg
Forsøka på å profesjonalisera kor-Noreg ved fordeling av pengar til eksisterande kor er ein omveg, i følgje Norges Korforbund, som mest av alt vil ha eit heilprofesjonelt norsk ensemble.
Kåre Hanken/Foto: Norges Korforbund (350x489)

Av Ida Habbestad

Sidan 2002 har Norges Korforbund arbeida for eit heilprofesjonelt ensemble. Framleis er imidlertid Operakoret, som i hovedsak er dedikert til Den Norske Operas framsyningar, det einaste profesjonelle koret.

Derimot har fleire vokalensemble fått løyvingane sine auka, og eit fåtal kan lønna songarane sine per prosjekt. Høgdepunktet i denne satsinga fann stad i 2008, då Norsk kulturråd fekk i oppgåve å prøva ut ulike modellar for profesjonalisering av korfeltet. Det vart då løyva 4 millionar kroner til prosjektet og 9 ulike kor og ensemble vart tildelt midlar i 2009.


Ikkje rett grunnlag
Sjølv om tildelinga av desse midla har skjedd i dialog med både Norges Korforbund og Foreningen Norske Kordirgenter, meiner generalsekretær i Korforbundet, Kåre Hanken, at forsøksordninga er ein omveg.

– Norges Korforbund ynskjer ei betra finansieringsordning for etablerte kor. Dei gode kora må få betre rammevilkår så dei kan videreutvikla seg på sine premiss.

– Men å fordela eit begrensa antall midlar på eksisterande kor, skapar ikkje grunnlaget som må til for ei profesjonell driftsform. Prøveperioden er etter mitt syn mest ei slags vidareføring av ensemblestønaden, og langt frå det vi meiner med eit profesjonelt ensemble, seier han til Ballade.

Ideelt burde midla som er fordelte til ensembla vorte nytta til å testa ut eitt heilproft kor, meiner Hanken.

– Vi har gitt uttrykk for at det burde satsast på utprøving av eit nytt institusjonelt kor, med profesjonell forankring og drift i alle ledd. I denne omgangen sette departementet foten ned, og når departementet har lagt føringar for midla, følgjer vi sjølvsagt spelereglane.


Meiningane syner engasjement
Hanken viser til korleis dei institusjonelle orkestra gjev naudsynt status, kvalitet og interesse for instrumentalmusikken.

– Eit heilprofesjonelt kor er det minste ein kan forventa dersom ein vil ha eit variert og balansert profesjonelt nasjonalt musikkliv, seier han.

Men lite har altså skjedd. Har miljøet hatt problem med å samla seg om konkrete løysingsforslag?

Ser ein til meiningsutvekslingar i mediene, vil ein finna at der i alle fall herskar ulike meiningar om alt frå lokalisering av koret, til storleiken på stillingane, koret sitt arbeidsområde, samt om det skal vera frittståande eller tilknytnytt ein institusjon. 16. desember uttalte Trond Giske at så lenge miljøet ikkje er samd med seg sjølve korleis det skal satsast vidare, er det vanskeleg å ta ei avgjerd.

Er det usemja i kormiljøet som gjer at ein ikkje i dag har eit profesjonelt kor?

– Vi er godt kjende med at der er mange ulike meiningar i kormiljøet. Dette viser engasjement og ynskje om utvikling for korfeltet. Det er nok ein del som er bekymra for at det ikkje vil verta nok midlar til dei etablerte kora om ein satsar på eit profesjonelt kor. Då er det viktig å understreka at det eine ikkje må gå på bekosting av det andre, seier Hanken.


Ikkje konkret uttenkt
Seinast i 2005 uttalte Korforbundet at den prinsipielle ideen om eit profesjonelt kor har vore den viktigaste, og at forbundet ikkje har laga noka skisse på korleis koret bør organiserast. Steffen Kammler, kormeister i Operakoret, meiner på si side at ein før ein opprettar koret bør diskutera både korets målestokk, spennvidde i repertoar og oppgåver.

Har forbundet etter dette lagt fram konkrete forslag til korleis koret skal verta organisert?

– Vi har i fleire år vore klare på at vi ynskjer eit profesjonelt kor med ei drift som er basert på dei same grunnprinsipp som profesjonelle orkestre og ensembler, svarer Hanken.

Og de har komme med desse og meir konkrete innspel til departementet?

– Som sagt er Korforbundet klare på at me ynskjer eit profesjonelt, institusjonelt frittstående ensemble, parallelt med aukinga på ensemblestønaden. Når det gjeld drifta av det profesjonelle koret, har der vore fleire forslag innan forbundet.

– No har Kulturrådet oppnevnt ei gruppe, der både Kulturrådet, Norges Korforbund og Foreningen Norske Kordirigenter inngår. Denne gruppa er samstemt i ei driftsinnstilling til profesjonelt kor, som vi har oversendt Kulturdepartementet. Vi har samla oss i gruppa og kjem med konkrete forslag der. Der står saka.


Politisk vilje
Dokumentet er unntatt offentlighet, sidan den er eit innspel til statsbudsjettet, og Hanken ynskjer ikkje å kommentera innhaldet. Istaden fortel han at ei evaluering av forsøksordninga er i gang, og at gruppa avventar rapporten for å sjå om der kjem vidare kunnskap.

Heller ikkje her vil Hanken kommentera for mykje, men seier at han har tru på at rapporten vil støtta synet Korforbundet gav uttrykk for i forkant:

– Eg trur nok kanskje at fleire vil sjå at ei profesjonalisering av korfeltet ikkje handlar berre om å putte meir pengar inn i etablerte ensemble, seier han.

Kva vil Korforbundet gjera vidare i saka?

– Vi følgjer prøveprosjektet nært, vi snakkar med politisk nivå, og vonar at delrapporten etter det første halve året med prosjektet kan setja trykk på behandlinga av statsbudsjettet for 2010. Uansett oppfattar eg at der er ei større politisk vilje no enn nokon gong tidlegare for å diskutere dette spørsmålet. Så der er von, seier Hanken.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Classical