Profesjonell folkemusikar, eg?
Ynskjer du å studera folkemusikk ved Norges musikkhøgskole? Kandidatstudiet i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole har eksistert sidan 1995, og det vert stadig utvida. Så langt har det hatt studentar på trekkspel, fele, hardingfele, fløyte, folkesong og toradar. Som dei andre grunnstudiene ved høgskulen består det no av ein fireårig bachelor, og i forlenginga av det kan ein ta ein toårig master.15. desember er fristen for å søkja opptak til studier ved musikkhøgskulen. Diplomstudent og Majorstuen-musikar Gjermund Larsen fortel at han har hatt mykje utbytte av studiet: - Du møter jo folk og byrjar spela i lag og det fungerar godt. Somme held fram samarbeidet etter studietida, slik me har gjort med Majorstuen. Det kan òg vera artig med samarbeid på tvers av sjangrane. Det er òg spanande å få møta komponistar og samarbeida med dei. Det er ein klar fordel å ha høve til å møta eit slikt spekter av musikk, seier Larsen.
Majorstuen, 2006 (360x240)

Av Ida Habbestad

- Det me ynskjer å tilby er ein god kompetanse, seier seksjonsleiar Tom Willy Rustad:

- For det første tenkjer me på det handverksmessige, at du skal bli god til å spela på instrumentet. Etter at fundamentet er lagt, legg me dessutan vekt på at studentane skal få utfalda seg i den retninga dei sjølve ynskjer.

Tradisjon og bakgrunn
Kandidatstudiet i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole har eksistert sidan 1995, og det vert stadig utvida. Så langt har det hatt studentar på trekkspel, fele, hardingfele, fløyte, folkesong og toradar. Som dei andre grunnstudiene ved høgskulen består det no av ein fireårig bachelor, og i forlenginga av det kan ein ta ein toårig master. Også strukturen liknar dei andre studiene, der ein byrjar nokså breit, for så å snevra inn og fordjupa seg.

- I dei to første åra vert hovedinstrumentundervisninga delt i to, fortel Rustad. - Du har ein del som går på å bli teknisk god på instrumentet, medan den andre går meir på det reint folkemusikalske. Me er opptekne av at studentane skal verta kjende med bakgrunnen for instrumenttradisjonen sin i denne tida. Dersom du spelar trekkspel, får du derfor spela både trekkspel og toradar dei to første åra - og om du spelar fele eller hardingfele får du undervisning i begge instrumenta.

- Når det gjeld song, lærar du om songtradisjonen hjå ein lærar, og du jobbar generelt med songteknikk hjå ein annan for å kunna nytta stemma på måten du ynskjer. Til det har me knytta til oss Ståle Ytterli som har brei bakgrunn frå jazz og musikalar og mykje anna.

- Innanfor dei andre instrumentgruppene har me òg knytta til oss dei beste lærarane me kan få. Me har til dømes Håkon Høgmo på hardingfele som har fått Spellemansprisen fleire gonger, og me har Berit Opheim, og Camilla Granlien; slike profilerte namn. Dei har teke utdanninga sjølve, er aktive i miljøet og dei har ein solid tradisjonsbakgrunn i tillegg. Så har me Per Sæmund Bjørkum som lærar på fele, og Jon Faukstad på trekkspel.

Fleksibilitet
Etter dei første grunnleggjande åra, vert det meir fleksibilitet i studiet. Ein kan velja fritt kva lærar ein vil gå til, anten for å fordjupa seg i den tradisjonen ein kjenner, eller ein kan henta inspirasjon hjå ein lærar innan eit anna fagområde. I tillegg til obligatorisk undervisning i arrangering og komponering, kan ein velja fordjuping innan andre emner som musikkformidling, pedagogikk og administrasjon – eller ein kan velja å fordjupa seg på hovudinstrumentet.

- Eg opplever at studentane her gjerne vil setja sitt stempel på musikken sin, fortel Rustad. - Mange av dei som kjem til høgskulen er alt spesialistar på eit tradisjonsområde, og somme ynskjer å få eit breiare uttrykk. Gjermund Larsen har til dømes teke timar hjå Helge Lien for å jobba meir med improvisasjon, og dette året har Gro Marie Svidal hatt Bjørn Kjellemyr og Nils Økland som lærarar.

Ein er altså opne for samarbeid med lærarar frå andre fagfelt både i og utanfor institusjonen, og dette tykkjest vera unikt ved denne utdanninga i forhold til andre tilsvarande utdanningar. Er det tilsvarande fordelar også når det gjeld studentsamarbeid?

- Det er særlig samspelet som er spesielt ved høgskulen, seier Rustad. - Ikkje minst av di du treffer andre musikarar som arbeider i andre felt. Me har til dømes mange prosjekt saman med barokkmusikarar, der me tek for oss folkemusikk frå tidleg 1700-tal. Denne kan finnast i litteraturen til cembalistar til dømes. Barokkmusikarane kan venda seg til oss for å læra om oppføringspraksis, og til gjengjeld kan dei fortelja oss noko om repertoaret som vart spelt den gongen.

- Elles er det mange av studentane som har samarbeida med jazzmusikarar for å finna nye uttrykk – og på det feltet skjer det mykje spanande. Ein kan seia at det er nettopp dette møtet med andre studentar som også skal bli musikarar – den smeltedigelen – som i stor grad pregar skulen.

- Men, det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å reindyrka folkemusikken om ein vil det; det er me opne for! Eg kan til dømes nemne at me har knytta til oss spelemenn som Embrik Bergaplass på toradar, og Bjørn Odde på fele. Dei har begge lang fartstid som spelemenn, og arbeidserfaring frå smia og gardsarbeid. Det er viktig at studentane får møte slike lærarar òg.

Teoretisk ballast
Ein skilnad frå andre institusjonar er den teoretiske ballasten ein legg vekt på i dette studiet. Av somme opplevast det som ein ulempe, og det skremmer kanskje vekk ein del søkjarar?

- Ein kan ha eit ambivalent forhold til dette. På den eine sida dyrkar me den gehørsbaserte undervisninga; me vil undervisa på ’gamlemåten’ for å få inn alt det som ikkje står på notene. Men teoretisk følgjer me òg alt det dei andre lærar på skulen. Det er dessverre slik at folkemusikkteori er såpass komplisert at skal du forstå den, må du kunna den andre teorien først. Dei som har jobba med skalastudier, som Eivind Groven og Svein Nyhus, og alle som har reist kring og samla musikk på bygdene – heilt attende frå Lindeman – har hatt behov for å beherska denne teorien, seier Rustad.

- Og som profesjonell musikar er teorien eit nyttig verktøy. Fleire studentar har fått spørsmål etter studiet om å skriva bestillingsverk, og då må du kunna handverket som skal til. Endå viktigare er det å kunna arrangera med tanke på alt samspelet me har på skulen. Som folkemusikar kan ein ikkje, slik klassiske musikarar som regel kan, gå på biblioteket å leita fram det ein vil spela; ofte må ein arrangera det sjølv.

- Men det eg tykkjer er det aller viktigste med å læra seg desse tinga, er at dersom du ikkje kan arrangera eller lesa notar, er du alltid overlaten til at andre gjer det for deg. Då får du det ikkje slik du sjølv vil ha det, slik du ville gjort det.

Diplomstudenten
Gjermund Larsen går første året på diplom. Som mange av folkemusikarane med utdanning frå musikkhøgskulen, har han markert seg i miljøet, mellom anna som medlem av ensemblet Majorstuen. Dette ensemblet vart kåra til ”Årets folkemusikere 2005”, og fekk lanseringspakka INTRO-folk gjennom Rikskonsertene i 2005 og 2006.

Kva har du fått ut av studiet?

- Eg har fått øvd mykje; det å ha eit øvingsrom å gå til er den største fordelen, smiler Larsen. - Så byrja eg i Majorstuen då eg flytta til Oslo. Det har vore viktig for meg, også når det gjeld arrangeringsbiten og komponeringa. Ut over det er møtene med dei ulike lærarane viktig, det at ein utviklar seg teknisk og musikalsk og at ein får møta ulike tradisjonar.

- Ein annan viktig ting er at du får spelt konsertar og delteke på forum. Det er ikkje så vanleg i folkemusikkmiljøet, at ein så ofte får kommentarar frå medstudentar og lærarar – og eg trur det gjer at ein utviklar eit meir medvite forhold til musikk. Det er ei utfordring når ein startar, å komma inn i den tankegangen, men ein utviklar eit språk – mellom anna for å kunna kommentera kva andre gjer. Dessutan er det viktig å få spelt mykje for folk. Dersom ein skal ut og spela for folk sidan, er det fint å få gjort unna dei grøvste feila her!

Kva skil musikkhøgskulen sitt tilbod frå andre folkemusikkutdanningar?

- Eg gjekk to år på Ole Bull-akademiet først, der var det lagt opp annleis, med samlingar ein gong i månaden. Det var flott det òg. Men for min del var det bra å komma til eit fora der eg kunne gå på skulen og øva kvar dag, eg opplevde at det vart det meir struktur på ting. Og så får du meir teoretisk grunnlag når du går på NMH. – Men teorien er nok dessverre med på å skremma vekk ein del potensielle studentar, seier Larsen.

Kvifor vert teorien ei hindring?

- Det er mange folkemusikarar som ikkje kan notar særleg godt, og som ikkje er så interesserte i å ta timar i satslære, klassisk musikkhistorie og hørelære. Opptaksprøva legg opp til at ein har gått musikklinja og har den klassiske musikkteorien innabords, og det er det ikkje alle folkemusikarar som har. Men dei har jo forståing om den reint folkemusikalske teorien – og det blir det ikkje teke omsyn til på opptaksprøva. Det vonar eg det snart vert gjort noko med, seier Larsen.

Samarbeid på tvers
Men alt i alt fungerer studiet godt, meiner Larsen, og trekkjer særleg fram samarbeidet med andre studentar.

- Du møter jo folk og byrjar spela i lag og det fungerar godt. Somme held fram samarbeidet etter studietida, slik me har gjort med Majorstuen. Det kan òg vera artig med samarbeid på tvers av sjangrane. Ofte kan menneske som studerer klassisk musikk vera interessert i folkemusikk, og vil ha med folkemusikarar i sine prosjekt. Det er òg spanande å få møta komponistar og samarbeida med dei. Det er ein klar fordel å ha høve til å møta eit slikt spekter av musikk.

Kan du anbefala studiet til andre?

- Ja, det er klart. Dersom ein har lyst til å bli profesjonell folkemusikar, er det rette vegen å gå! avsluttar Larsen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Interviews, Education