''Glokal'' jazz og norsk arroganse
Vi brukar for mykje pengar på å få norsk jazz ut, utan at vi er like interesserte i å ta spennande ting tilbake, meiner Bugge Wesseltoft.

I samband med årets Jazzfest i Trondheim blei det for første gang arrangert ei internasjonal jazzkonferanse i byen. Under ''The Jazz Summit'' 2012 blei mange aspekt av jazzen diskutert. Jazz i Noreg, jazz i Europa og USA, og ikkje minst jazz som ei global og lokal uttrykksform.

Men til trass for at dei aller fleste helst ville avfeie heile problemstillinga, var det stadig det samme spørsmålet alle forsøkte å gi eit svar på: Kva er jazz?

Eit stort spørsmål, med mange ulike svar.


Les også: Ser inga løysing


Europa vs USA
Den største stjerna på programmet, ECM-grunnleggjar Manfred Eicher, meldte dessverre avbod rett før konferansa. Han blei erstatta av Francesco Martinelli, som mellom anna er kurator for jazzarkivet i Siena, Italia.

Martinelli blei den første til å drøfte jazzomgrepet og stilartens opphav. Mange vil definere jazz som ein afroamerikansk stilart, og Martinelli drog mellom anna inn problemstillinga Greg Tate presenterer i boka Everything But the Burden.

Har den kvite mannen i Europa stelt jazzen?


Jazz som verdensmusikk
Svaret frå talarane ved denne konferansa er eintydig: Nei!

- Jazzen er den første verdensmusikken, påstår Franscesco Martinelli, og dreg fram Miles Davis mange turar til Europa som eit døme, samt hans berømte album, Sketches of Spain.

Bugge Wesseltoft meiner noko liknande om ei anna legendarisk Miles-plate:

- Kind of Blue har eit utprega Europeisk uttrykk, påstår han.

Forfattar og journalist Stuart Nicholson står bak boka Is Jazz Dead? (Or Has It Moved to as New Adress). Han konstaterer at jazzen i dag er glokalisert. Ei global uttrykksform som i dag er i endring i kraft av lokale variantar verden over. Han meiner også sitt om stoda i USA:

- I Europa blir jazz sett på som noko universelt, medan haldningane i USA er prega av eksepsjonalisme. Samtidig må amerikanske jazzartistar hente brorparten av inntektene sine frå Europa.


Les også: Nisjene på nettet


Pinlig arroganse
I ein forlengelse av den diskusjonen blei det mykje skryt til Noreg og jazzlinja i Trondheim. Sverre Lunde frå Utanriksdepartementet hylla institusjonen for sitt mangfold og for at studentane får tilstrekkeleg rom for personleg utvikling. Sjefredaktør ved den anerkjende nettsida All About Jazz, John Kelman, får ikkje nok av Noreg.

- Jazzmijøet er opent her, i motsetjing til statane der dei gjer krav på jazzmusikken, fortel Kelman.

Dei får støtte frå fleire hald, mellom anna Franscesco Martinelli:

- Jazzlinja Trondheim er anerkjend for sin innovasjon over heile Europa, fortel han. Vidare definerer han jazz som eit møtepunkt som har brote ned dei barriererene som har blitt bygd opp av ein elitistisk musikk-kultur i Europa.

Bugge Wesseltoft er også stolt av norsk og nordisk jazz, og understreker betydninga av å finne si eiga stemme. Samtidig meiner han norsk musikkbransje brukar for mykje pengar på å få norsk jazz ut, utan at vi er like interesserte i å ta spennande ting tilbake.

- Det skjer masse spennande ute i verden, og eg synest vi har blitt litt arrogante. Det synest eg er pinlig, fortel Wesseltoft.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Vegen vidare
Framtida for CD-plata ser mørk ut, og mange lurer på korleis jazzen skal leve vidare. Dei fleste på årets Jazz Summit meiner løysinga ligg i livemusikk. Nicholson meiner jazzutøvarar kan lære mykje av popbransjen.

- Lag bra show!, anmodar han.

Den anerkjende musikkprodusenten Nod Knowles er einig.

- Eg ville ofra heile platesamlinga mi for ein einaste livekonsert om eg måtte velge. Vi må få folk ut på konsertar og musikken ut til folket, seier han.

Jazz Summit 2012 gjekk føre seg 10. og 11. mai ved Dokkhuset i Trondheim. Andre bidragsytarar enn dei nemnte ovanfor var mellom anna Erling Aksdal, Petter Wettre, Django Bates, Fiona Talkington, Peter John Martin og Pelbo.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Jazz