Nøktern, engasjert og bærekraftig
Medan meldingane om underskot og manglande praktisk kontroll er rådande frå fleire av landets festivalar, går vesle Malakoff Rockfestival år etter år med overskot, og har jamn vekst i publikumstalet. - Eg er meir oppteken av kvalitet enn kvantitet, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Av Ida Habbestad

Malakoff Rockfestival vart starta i 2003 av ildsjelene Anne Joril Haugland samt Ottar og Rune Schanke Eikum Seks år etter skriv me historia om ein festival med eit stadig aukande engasjement og med jamn vekst, frå 450 besøkande det første året, til det tidobla i 2007.

Dette året har kring 12000 menneske vitja festivalen som strekkjer seg over to dagar, 24. og 25. juli. Og ser ein til kritikarane er det ikkje berre besøkstalet som setjast høgt – òg kvaliteten held mål, både kva gjeld musikalsk og praktisk gjennomføring.

Særleg det siste er gjenstand for hyllest. Både BT og Firda sine kommentatorar jublar over korte køar, lite søppel og lite bråk.

Er det godt tilrettelagde fasilitetar som skal til for å lukkast i festival-Noreg?

- Når der er mange som konkurrerer om merksemda – særleg i mellomskiktet i festival-Noreg kan nok tilretteleggjinga vera utslagsgjevande, meiner festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

- Ein må sjølvsagt ha gode band på scena, men det å gje folk ei så god totaloppleving som mogleg, og la dei sleppa at ting er grisete og går treigt, trur eg kan vere avgjerande for om folk besøker festivalen. Det å vere god på fasilitetar er ein ting vi kan setje som mål å være best på i Norge, seier han.



Kaizers Orchestra på Malakoff Rockfestival 2009



Det viktige engasjementet
Malakoff har fått namnet sitt etter området festivalen ligg på. Staden er ein gammal eksersisplass, der ein av troppsjefane på 1800-talet var tilhengar av slaget ved forsvarsverket Malakoff under Krimkrigen (meir om slaget her).

Troppesjefen kalla altså opp plassen etter dette, og festivaladministrasjonen har halde fast på namnet sidan dei meiner at området er viktig – og ikkje minst vakkert.

Gjennom sju år har dei så arrangert ein festival som går i overskot. Etter kvart har talet på frivillige komme opp i 450 – noko som utgjer 10% av antalet innbyggjarar i kommunen. Når Naustdal svarer på spørsmål om korleis dette er mogleg, gjev han samtidig svar på kvifor han trur festivalen klarer seg godt i ei tid med sterk konkurranse.

- Vi jobbar med engasjementet til folk heile året. Økonomisk sett har vi har fått ein del støtte frå staten, men i motsetning til det mange trur, har vi ikkje spytta dette inn i drifta. Istaden har vi ein del andre prosjekt i lokalsamfunnet, som gitaropplæring for unge; vi har finansiert ei rockscene som skal komme ungdommar til gode, vi har øvings og innspelingslokale.

- Med festivalen har vi rett og slett jobba nøkternt. Vi har tenkt at den skal vere bærekraftig over tid. Og vi har ført verdiane – overskotet – attende inn i lokalsamfunnet. Det ser vi som ei investering; som den viktigaste kjelda til engasjement. Det at det er unge folk som er med på dette, trur eg gjer at dei eldre tykkjer det er flott å støtte opp om arrangementet, seier Naustdal.


Gode live-band ein føresetnad
Men ein skal ikkje gløyma det musikalske. Festivalsjefen er tydeleg kring målsetjingane. Der kommentatoren i Firda hevdar at festivalen lukkast sidan den er driven av og for ungdom – som sjølve har peiling på kva ungdommen set pris på, legg Naustdal til at tanken ikkje først og fremst er å vera kommersiell.

- For det første er vi ein rockefestival, seier han.

- Det er det mange som kaller seg, utan at dei eigentleg er det. For oss er det viktig å vere tru mot rocksjangeren, og tydelege på kva slags musikk folk får når dei kjem hit. I tillegg ynskjer vi å drive opplæring – og tek oss råd til å ha ein del artistar som ikkje alle har høyrt om. Dei beste konsertopplevingane eg hadde i år, var med Soundtrack Of Our Lives og Ulf Lundell, slike artistar som ikkje nødvendigvis er dei mest kjende, men som du forstår at folk oppdagar under festivalen. Uansett om banda er kjende eller ikkje, er det aller viktigaste for oss at me veit at banda er gode live. Elles bookar me dei ikkje.


Smertegrensa kan utvidast
Det er tale om ein festival omkransa av idealismen til frivillige – òg kva gjeld administrasjonen, som til saman er drifta av ei 60% stilling fordelt på fleire personar. Sjølv disponerer festivalsjefen, som også bookar banda, 20% av desse midla. Arbeidet hans finn stad på toppen av ei 100% stilling han har som lærar.

Høg idealisme, engajsert frivillig arbeid kombinert med jamn vekst - der ligg nødvendigvis utfordringar framføre dykk?

- Det gjer det absolutt, svarer Naustdal.

- Den største fallgruva er om vi utvider for fort. Vi er nøydde til å sjå for oss, og vi ynskjer jo, at der kan komme endå fleire folk til neste år. Men i utgangspunktet skal vi være forsiktige med å tenkje oss så mykje større. Neste år blir der kanskje nokre fleire band og ei større scene, men å utvide i tid og storleik har eg personleg inga særleg tru på.

Kva er smertegrensa dykkar?

- Vi har begrensningar i høve til antalet frivillige og til overnatting. Dei må vi ta høgde for. Men smertegrensa utvider seg nok frå år til år, så lenge ein tek små steg, svarer Naustdal.

- Men for meg er det uansett viktigare med kvalitet enn kvantitet. Eg hadde vore nøgd med mindre folk hadde eg hatt same kvalitet i alle ledd. Målet er å fortsette med å vere ein mellomstor festival som er så sjarmerande og god at folk vel å reise til den, seier han.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: