Tilretteleggjaren
Det beste er godt nok for Terje Kvam. Oslo Domkor er 30 år, og markerer med tekstutdjuping som fremste mål.

Det er kveld og Oslo Domkor øver. Fremst i rommet rår det høgtidsame; i lukt og syn og lydar. Eg slår meg ned der framme: Midt inne i musikken.

Roen dominerer rommet. Likevel blir det arbeidd. I kjend stil føresyng Terje Kvam, instendig. Det skal godt gjerast å misforstå intensjonen.

Domkantoren pirkar på detaljar. Ein t er blitt for hard. Den mjuknast og får god plassering. Så er prøva omme. Rutinerte koristar tømmer rommet for notestativ og stolar. Snart er det digre rommet tomt, medan dirigenten snakkar i sakristiet, om gestus og tekst. Om dette som har blitt hans liv: Å leggja til rettes for magiske møte mellom tekst og tone.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Inspirerande dødsmesse
I 30 år har han vore verksam i denne kyrkja. Hausten 1982 starta han Oslo Domkor. Dette feirast med konsert på søndag, men like mykje til hausten, der konsertane vert mange, med ei heftig mengd musikk. Ved hovudmarkeringa vil Tord Gustavsen og Arve Henriksen respondera på koret sine a capella songar. Ein tenkjer bevaring og fornying.

I tråd med kva eit godt kor bør gjera; men korleis kan ein verta god? Ved 25-årsjubileet uttrykte Kvam frustrasjon over staten si manglande satsing på korfeltet. I dag vil han snakka om det som går godt. Koret leverer. Det er fint tilfang av stemmer, ein har god intonasjon og klang.

– Men dette er berre grunnlaget, seier Kvam.

– Formålet er å gjera teksten levande. Komponistane arbeidde med dette, med deklamatoriske høve, og bygde eit uttrykk kring orda. Ta Bach-kantatene. Dei barokke, forelda tekstane opplevast framand for oss i dag. Når tekstane får Bach sitt tonespråk, talar dei likevel til deg. Tida og det forelda vert utsletta. Det vert meiningsfullt å høyra på.

For å lukkast bør ein jobba slik med kor, meiner Kvam: Gå rett inn i teksten, vera var nyansane som er lagt til. Til førstkomande konsert står Michael Haydns musikk under lupa. Joseph sin ukjende yngre bror. Han skriv lyst og lett, men ikkje føreseieleg. Michael kjende Mozart, var jamvel heilt sentral for han.

– Lyttar du til Michael Haydn sitt Requiem, får du ei overrasking. Mozart har teke med seg mykje herifrå til sitt tilsvarande verk. Michael si dødsmesse var ein føresetnad for Mozart, seier Kvam.


Til konvensjonen
Olavsfestdagene er kritisert for å strekkja seg langt utanfor kyrkjemusikkmandatet.

- Korleis tykkjer du ein skal tenkja om kyrkjemusikk i dag?

– Tja, kva skal eg seia? Ein gong var kyrkjemusikken alt. Den vestlege kunstmusikken spring ut frå kyrkja som arena. Tradisjonelt er kyrkjemusikk skriven til kyrkjelege tekstar eller høve.


Les også: Flytende grenser


– Men det er mange måtar å arbeida på i dag. Mest meiningsfullt for min eigen del har det vore å tenkja på musikken sin eigentlege kontekst. I vår tid er musikken helst presentert på konsert. Men kyrkjemusikken vart skapt til ramma av ei messe. Dei siste åra har me framført musikken i gudstenesta, med desse tekstrammene, gjerne med originalinstrument, og tida sine framføringskonvensjonar. Då skjer det noko med musikken. Utsegnskrafta kjem til syne, seier Kvam.

Han meiner at prosjektet har lete han oppdaga mykje nytt om kyrkjemusikken.

– Då eg studerte, var den gregorianske messa idealet. Sidan kom forfallet, vart det sagt. Eg lærte, som ei vitskapleg sanning, at den romantiske musikken ikkje kunne framkalla spiritualitet. I praksis stemmer ikkje dette. Då me tok på alvor den roen som Lindeman oppmana til, ein langsam, metrisk måte å synga salmar på – eller for den del det tilsvarande i salmane til Bach – fekk me noko av den flottaste salmesongen eg har høyrt i kyrkja. Eg meiner kvar epoke har bidrege med ein spiritualitet som er unik. Men det er vanskeleg for oss å sjå det, før me får det i sin tenkte samanheng.


Eit lån på 60 000 kroner
Til jul kan ein høyra Bach sine kantater frå Juleoratoriet, nr 1, 2 og 3 på gudstenester. Dirigenten ventar mykje folk.

– Prosjektet Ad fontes har blitt ein suksess. Kvifor det?

– Det er så mange inntrykk i vår tid: Informasjon og ord overalt. Også i religionssamanheng er det mange ord. I kyrkja har ordet ei eiga betyding. Ein seier at Ordet vart menneske. At ordet er ikkje berre ein tekst, men òg noko levande. Det er menneske, kjensle, kropp, kosmos. Ord som er sungne får ved seg noko av dette kroppslege og emosjonelle. Då tolkar ein det spirituelle innhaldet meir enn hundre preiker kan gjera.

Det er ikkje fritt for at også domkantoren nyttar mange ord. Han brenn for det han trur på. Det er lett å sjå føre seg engasjementet hans då han kom til Domkyrkja for tretti år sidan, til tomme notehyller, og tok opp lån for å komma i gong. Styreformannen i koret var med. Det vart teke pant i husa deira, for kvar sin halvdel av 60 000 kroner.


Følg Ballade på Twitter


Sidan har verksemda vakse. Kor mange songarar, musikarar og kulturarbeidarar har vel ikkje hatt ein fot innan korlivet her?

Kvam ynskjer seg meir ressursar. Sist me snakka saman sa han at det kunne verka som kyrkja meinte «det ville vore Gud mest behageleg om kyrkjemusikken var frivillig».

– Står du for det same i dag?

– Arbeidet med Bachs musikk er stadig ei påminning om korleis det kunne ha vore. Bach vart tilsett i Leipzig for å skriva: Kvar søndag ein ny kantate. Det var det viktigaste kyrkjelydsarbeidet.

– Institusjonen eg arbeider i har ei melding å koma med. Me meiner den er genuin. Skal ein få fram musikk som kan byggja opp under dette, må det vera profesjonelt. Det frivillige høyrer også heime i kyrkja. Men ein må ha eit fyrtårn, der det vert skapt på høgste nivå. Der er aksepten for liten. Kyrkja burde tenkja at det beste er godt nok.

Oslo Domkor presenterer konserten Michael Haydn – en glemt mester søndag 13. mai. Heile jubileumsprogrammet vil bli publisert på heimesidene deira.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Sacred Music