Verftet vert oppussa

Med USF Verftet inne på statsbudsjettet, er Bergen eit steg nærmare ei etterlengta storstove for rytmisk musikk. Om arbeidet går etter planen, vil lokalet vere ferdig til Nattjazz i 2012.

Det bør ikkje vere naudsynt å seie at musikkmiljøet i Bergen utmerkar seg om dagen, denne oppblomstring har vore markant i ei årrekkje. Sidan den mykje omtala ”Bergensbølgja” stadig herjar landet som ein tsunami, har difor trongen til ein større konsert- og festivalarena etablert seg i byen mellom dei sju fjell.

Sidan stiftelsen USF Verftet flytta inn i dei særprega fabrikklokala i Bergen, har dei sidan opninga si i 1993 hatt om lag 250 000 besøkjande årleg. Med mangfaldige kulturtilbod, 5 ulike scener, øvingsrom og kinosal, representerer USF noko ein kvar by burde ynskje seg. Det einaste problemet har vore standaren på delar av huset. Denne har gjort det vanskeleg for arrangørane å optimalisere kulturopplevingane.


Gledeleg bodskap
Sist fredag vitja imidlertid kulturminister Anniken Huitfeldt og statsråd Audun Lysbakken USF, med ein gledeleg bodskap. Kulturdepartementet lovar å støtte USF sitt ombyggings – og tilretteleggingsprosjekt, Arena USF, med 2,25 millionar årleg for å betene eit lån på 30,8 millionar. Kulturhussjef Jon Tvilde, meiner dette syner at kulturministeren verkeleg tek sjangerdiskriminering på alvor.

- Ved å setje Arena USF på statsbudsjettet, syner kulturministeren at ho ynskjer å betre forholda på den rytmiske scena, samt at ho er oppteken av sjangerdiskriminering. Opprusting av konsertlokale og tilhaldsstad er ein viktig faktor for å halde dei rytmiske musikkscenene gåande.

Ombyggingsplanar
Tvilde kan fortelje at planlegginga med Arena USF har vore i gang ei stund. Med stønad både frå Bergen kommune og staten, ligg det ann til at byggingsarbeidet kan starte komande sommar. Tidsmessig vil byggjeprosessen ta om lag eit år.

- Kan du fortelje litt meir om planane for ombygginga?

- Ein vesentleg del av planen er ombygginga av Røkeriet, som er den største konsertsalen på huset. I dag tek denne om lag 800 besøkjande, men vi ynskjer å auke kapasiteten til 1200. Denne salen har ein del strukturproblem som vi ynskjer å betre, mellom anna innsyn og backstagefasilitetar. Vi har jo også ei rekkje andre scener på huset, så vi ynskjer å styrke forholda generelt slik at huset vil fungere betre i festivalsamanheng. Oppussinga vil bidra til å styrke dei akustiske forholda, og standaren på huset generelt. Dei lokala som vert leigde av USF består av 4000 kvadratmeter. Av desse skal vi pusse opp over 3000. Store delar av huset vart pussa opp tidleg på 90-talet, men røkeriet vart ikkje fiksa på då. Fasilitetane ber sterkt preg av å ha vore eit industrilokale. No skal vi fokusere på lydtetting, garderobeforhold, sanitærforhold, og ikkje minst arrangørane sine arbeidsforhold.


Særpreg
Lokala som kulturhuset USF no disponerer, har ei lang historie. Den fyrste verksemda på tomta var eit skipsverft, som starta produksjonen av trebåtar i 1784. Denne verksemda vart etterkvart kjent for å ha produsert nokre av verdas raskaste seglskip. Etter at verftet vart avvikla, har det vore både trikotasjeindustri og hermetikk og sardinproduksjon i dei gamle lokala. Det var ikkje før på byrjinga av 1980-talet at kunstnarar byrja å disponere lokala. Tvilde kan fortelje at USF er opptekne av å bevare særpreget til lokalet, trass i at alle løysingar ikkje har vore like praktiske. Både overflate og fargeval i dei nye lokala er nøye vurdert.

- Kva konsekvensar kjem ombygginga til å ha for drifta av huset, og for dei som disponerar det?

- I byggeperioden er vi nøydde til å ha ei noko avgrensa drift. Det kan nok også verte ei krevjande periode for dei andre leigetakarane, som vil merke utbygginga. Slik må det berre vere, og så lenge vi held ein god dialog med dei andre går det nok bra.



Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Popular Music