Operadebatt: Er det nye ein plikt?
FIB: Er mindre enn 10 % nytt på programmet ein god nok del moderne opera? Dette var eitt av fleire spørsmål som kom opp då Festspillene i Bergen sette lys på situasjonen for ny, nordisk opera.

Av Ida Habbestad, Bergen

Under festspela har oppsetjinga av Fliflet Bræin-operaen ”Anne Pedersdotter” frå 1971 stått i fokus. I slutten av mai var det urpremiere på ”Jorden rundt på 80 dager” av Gisle Kverndokk ved Den Norske Opera & Ballett – og med det har det norske publikummet kunna sjå meir norsk opera enn på lenge.


Det var soleis eit godt tidspunkt for å debattera tilfanget av moderne opera: Institusjonane kunne visa til resultat i møte med kritikken for manglande innsatsvilje for det nye. Men det er lenge sidan ”Anne Pedersdotter” sist var oppe – og me veit ikkje om det er fleire planlagde produksjonar av ”Jorden rundt på 80 dager”.


Kva skal til for å skapa ein norsk eller skandinavisk operakanon?
Reint løysingsmessig var det lite konkret på bordet under gårsdagens debatt, men det fanst ein heil del optimistiske utsegn med tanke på den moderne operaen si framtid.

Årsaka til at me så langt ikkje har sett meir nytt og norsk ligg i fortida, hevda operasjef for Den Norske Opera & Ballett, Paul Curran.

- ”Jorden rundt på 80 dager” var det einaste prosjektet eg arva frå den tidlegare leiinga, sa Paul Curran i går, og meddelte at det i så måte var deprimerande å tiltre stillinga for eitt og eit halvt år sidan.

Operaen av Kverndokk fekk ikkje utelukkande gode attendemeldingar. Likevel var det operaens plikt å få dette stykket på beina, understreka Curran, som forklarte at det var feil at operaen var utsett.

- Operaen var teke av programmet, ein ville ikkje ha verket – og det er den nye leiinga som valde å ta stykket opp att.


Lite tilfang av historier?
Før dette hadde både Michael McCarthy (regissør ved Music Theatre Wales og mangeårig drivkraft i Operaens satsing på moderne opera, Operatoriet) og Birgitta Svendén (operasjef ved Kungliga Operan i Stockholm) fortalt om deira engasjement for nye verk.

- Operaen er slik ei kraftfull form, den har det største potensiale for å få oss til å tenkja annleis om verda. Me har eit ansvar for å halda denne forma levande gjennom nye verk. Operahusa er kan henda redde for at verka ikkje vil overleva. Eg meiner ein ikkje kan ta slike omsyn; me kan ikkje laga verk for framtida, men må laga verk for vår eiga samtid. Så får framtida klara seg sjølv, sa McCarthy.

Både han og Svénden refererte til at lang rekkje av dei klassiske operaene ikkje vart teke godt i mot i samtida si – men at dei tross alt vart gjevne ein sjanse. Dette tilhøvet er radikalt endra, sa McCarthy.

- Det har skjedd ei skilsmisse mellom operahusa og komponistane. Det opplevast som det eksisterer ein nervøsitet i operahusa mot å stola på kreative krefter, sa han.

Svendén hevda på si side at Stockholm har vore eit godt hus for moderne opera. Dei siste 20 åra har dei fått produsert 8 store operaproduksjonar, samt 15 mindre verk.

Hovudproblemet i moderne opera er librettistane, var hennar påstand.

- Det er mange gode komponistar som ynskjer å skriva opera, men me treng å finna den gode historia; kva som er viktig å få fortalt i dag, sa Svendén, som elles oppmoda komponistar av i dag til å skriva inn solide kvinneroller.


God nok kjennskap til eksisterande nytt?
Også Curran talte varmt og engasjert for den nye operaen. Det er operaens plikt å skapa nye verk, og me skal ikkje tenkja på kostnadene ved dette, understreka han, og plasserte nok ein gong årsaka til det manglande tilfanget så langt i fortida:

- Når me møter kritikk for at det ikkje har skjedd meir på området, er det ikkje av di me ikkje har interesse, men av di me byrja på bar bakke då me kom. Det tek mellom 3-5 år å utvikla nye verk. I møtet med det nye huset har eg dessutan hatt fleire fokus. For det første har eg fokusert på å få huset til å fungera teknisk sett. For det andre har eg hatt behov for å byggja eit kompani, og for det tredje treng me å utvikla det tradisjonelle repertoaret – dei produksjonane som gjekk føre seg i det gamle huset er for små for Bjørvika.

Me vil altså få sjå nye operaer – og institusjonenhar dessutan eit ansvar for å framføra eksisterande, men mindre ukjende verk, insisterte Curran, som innrømma at han ikkje kjenner til mange av dei nye nordiske verka som har komme til dei siste åra.


Opera i posisjon?
Om operaene er så sterkt engasjert i arbeidet med det nye – kvifor synest det ikkje meir att på programma deira, spurte den danske komponisten Bent Sørensen.

Han etterlyste satsingsvilje hjå operainstitusjonane og færre av dei påkosta produksjon av ”Carmen” eller ”Figaros bryllup”. Også desse krev ressursar – særleg i form av høge songarhonorar dersom det er dei største stjernene ein ynskjer henta inn, påpeikte han.

Sørensens peikte òg på at operahuset og apparatet kring det kunne virka hindrande på nyskapinga. Hans visjon er ein opera som tek moderne operaen ut av operahuset – og gjev komponistar rom til å tenkja utanom konvensjonen som det store orkestret og dei klassisk skulerte songarane. Burde ein ikkje nytta opp mot 25% av budsjettet sitt på utviklinga og produksjonen av nye stykke, i alle slags former, spurte han.

Festspeldirektør Per Boye Hansen var ordstyrar i debatten. Han påpeikte at opera ein gong i tida i all hovudsak var samtidig kunst. Opera var i posisjon, no har den lite innflytelse i høve til andre kunstnarlege uttrykk. Talet som Svénden gjev oss på moderne verk utgjer mindre enn 10% av verksemda. Er dette godt nok, spurte han.

- Det er ikkje dårleg om ein produserer eit stort nytt verk annakvart år, svarte Svendén, som òg understrekar at oppsetjingane av ”Carmen” vert gjort for å finansiera tilfanget av nye verk.

Til Sørensen sin visjon innvende ho at opera ikkje treng å gjerast stort, men at ynskjemåla her gjerne ligg hjå opphavspersonane.

- Det er faktisk slik at komponistane når dei rører seg mot operaforma gjerne vil skriva stort, sa Svendén.

McCarthy peikte elles på korleis operahusa er opptekne av det heilt nye. Når dei først satsar nytt, vil dei ha ein omfattande og kostbar urpremiere, medan ein kunne gjort det enklare for seg ved å setja opp eit moderne verk som ikkje skulle utviklast frå grunnen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: