Borealis 2007: Alle saman reiser åleine
Luigi Nono-arkivet ligg i eit gamalt mellomalder-kloster på den venezianske øya Giudecca, ikkje langt frå staden der Nono budde mesteparten av livet. I det store spiserommet midt i klosteret - der nonnene tidlegare hadde fritid og måltid - ligg no biblioteket til Nono. Det er fylde med sjeldne og uvanleg vakre notemanuskript, bøker og brev. Og enka hans Nuria Schoenberg Nono er dagleg leiar.
Luigi Nono (Foto: fzml.de/presse/ (330x273)

Av Nicholas H. Møllerhaug

Nuria Schoenberg vart fødd i 1932 i Hollywood. Far hennar var den verdskjende komponisten Arnold Schoenberg, som måtte flykte frå Wien til USA på grunn av sin jødiske bakgrunn. Nuria flytta til Venezia i 1955. Då gifta ho og Luigi seg - og siden har ho budd på den venezianske lagunen. Saman fekk dei to døtre. Dei siste ti åra har ho drive Nono-arkivet i Venezia - parallelt med å vere president for Schoenberg-arkivet i Wien.

- Venezia og Italia på femtitalet var sterkt prega av fascismen og den 2. verdskrigen, fortel Nuria Nono og skjenker i ein kopp med kaffi.

- Gigi, som me kalla han, var ung, men ikkje for ung under krigen, og var difor aktiv i motstandsrørsla. Base var Venezia, og det var mykje dramatikk her i byen under krigen - særleg då amerikanarane frigjorde Nord-Italia. Folk var sterkt på vakt etter krigen - og særleg blant oss som var intellektuelle, komponistar, kunstnarar og filmfolk var motstanden mot fascismen sterk.

Opprør

Antifascismen var ein viktig del av alt Luigi Nono sa, skreiv og komponerte. Musikalsk gjaldt det ikkje berre dei politiske verka - han var også politisk i dei sensitive og innadvente verka han skreiv på slutten av livet sitt, meiner Nuria.

Men det er verka frå tida då han var aktiv kommunist og medlem av den kommunistiske sentralkomiteen i Italia som har blitt dei mest kjende. Sekstitalet var ei tid då mange ulike politiske retningar i det italienske samfunnet arbeidde mot same mål: kampen mot fascistane. Både kommunistane, sosialistane, det kristne aksjonspartiet "Azione Cristiana" viste motstand.

Det er den den same motstanden som gjenspegler seg i fleire av verka Borealis presenterer i 2007: Borgarrettopprøret og Malcolm X i USA blir ekspressivt skildra i "Contrappunto dialettico alla mente" (Dialektisk kontrapunkt for sinnet). Dei jødiske opprøra mot nazistane i ghettoane og konsentrasjonsleirane under 2. verdskrigen blir tonesatt i "Ricordi cosa ti hanno fatto a Auschwitz" (Hugs kva dei gjorde med deg i Auschwitz). Arbeidaropprøra mot fabrikkeigarane i Italia på sekstitalet går igjen i "La fabbrica illuminata" (Den opplyste fabrikk).

Og alle desse verka blir framførde for første gong i Noreg i Johanneskirken 13 mars.

Sjølv om kampen mot fascisme var tverrpolitisk på venstresida i italiensk politikk, var det kommunistpartiet som sat med mest makt. Få andre land utanom austblokka hadde så sterke kommunistiske rørsler som Italia på sekstitalet. Fram til midt på åttitalet var borgarmeistrane i dei sju største italienske byane kommunistar. Og det var ein sterk og nær kontakt og entusiasme mellom politikarar og folket. Det var ei av årsakene til at Luigi Nono blei med som aktiv politikar i sentralkomiteen. Luigi Nono vart ein av Italias mest kjende politikarar - ved sida av virket som komponist med internasjonal karriere.

- Gigi var særleg aktiv med å gjere den antifascistiske kampen til ei kulturell rørsle, fortel Nuria. I ein lang periode reiste han inn i austblokka, og fekk mange komponistvener blant dissidentane austpå. Auschwitz var også ein stad han reiste til - skjebnane i Holocaust gjekk sterkt inn på han. Fleire av dei største verka hans er knytt til motstandsfolka og jødane sine skjebnar i konsentrasjonsleirane.

Eit sterkt døme på dette viser Kino Borealis på Landmark i løpet av festivalen; Filmversjonen av verket Canto Sospeso (Hengande song) for kor og orkester. Dette er komponert over brev frå 9 dødsdømde motstandsfolk i konsentrasjonsleirane - med skodespelaren Ben Kingsley, Berlinerfilharmonien, dirigenten Claudio Abbado og forfattaren Umberto Eco som medverkande.

Nabolaget

Ein annan viktig del av komposisjonane til Luigi Nono var Venezia som by og fenomen. Nabolaget der Gigi og Nuria budde - Giudecca - vart ein viktig del av komposisjonspraksisen til Luigi Nono. Han brukte lydar og samplingar frå nabolaget, kanalane og kyrkjeklokkene.

- Giudecca var ein heilt annan stad på femti- og sekstitalet, fortel Nuria Nono.

- 80 % av dei som budde her var arbeidarar i skipsindustrien - og lagde særleg rutebåtar og hurtigbåtar. Fleire jobba også for den kjende klokkefabrikken Junghans - som eigentleg lagde detonatorar for bomber. (sic!) I dag er samlege skipsverft her ute nedlagde, og turismen har teke over. I gullalderen var det 80 % som stemde på sosialistane i vårt distrikt.

Framleis er det mange som hugsar gullalderen. Når Nuria vandrar i gatene roper eldre menneske etter henne. Ikkje berre fordi ho var gift med ein kjend venetianar - men også fordi ho sjølv har gjort mykje for Venezia som levande moderne by. Og ikkje minst fordi både ho og Luigi var aktive med å lage kulturfestivalar kor arbeidarar, intellektuelle, komponistar og avantgardefolk lagde festival ilag. Ei merkverdig tid.

Sentralkomiteen

Luigi Nono sjølv forlot aldri kommunistpartiet. Han sat i sentralkomiteen utover åttitalet men vart meir og meir skuffa over korleis kommunistane handla. Han blei verande fordi dei trengde kjendisar som han i nedgangstidene. Sjølv valde han dei siste femten åra av sitt liv å dyrka språka, litteraturen, reisene og filosofien. Og fleire kommunistar klandra han for dette - at han ikkje lenger ville formulere politiske bodskap direkte i verka sine.

Etterkvart som han blei eldre skreiv han verk med livsanskuande og melankolske innsikter - og dei menneskelege, politiske evnene hans blei formulert på eit stadig meir subtilt nivå.

- Alle sidene av Luigi sitt univers kan ein finne i arkivet vårt i klosteret, fortel Nuria Nono.

- Her står biblioteket til Gigi ope for alle interesserte, og forskarar frå heile verda er innom og jobbar her over lengre tid. Fargerike noter og manuskript fortel sine historier. Og ikkje minst brev og tekstar som komponisten skreiv. Eit døme er dette brevet frå reisa hans til Nordpolen via Grønland i 1986:

"...Eg har reist til dei nordlegaste delane av Grønland med eit lite skip. Det fraktar få passasjerar og alle saman reiser åleine. I ti dagar har me navigert mellom enorme isfjell - og er no foran den enorme isbreen som er ein del av Nordpolen - alle isfjellas mor. Nettene er mest like lysande som dagane og når (...) passasjerane går til sengs blir eg ståande i stilla framføre havet, havfargane og Polarstjerna. Dette merkelege havet er korkje iskaldt eller mørkt men ei kontinuerleg forvandling av ubeskrivelege fargar filtrert mellom skyene og mellom isfjella. Denne framsyninga har ikkje noko å gjere med det ein les om i bøkene: mørke, kvite, grå og blå gjenferd bevegde seg. Dei blei sakte til lyset i azurblå diamantar som ein aldri har sett. Noko anna eg aldri gløymer er lydane, dei valdsame eksplosjonane ein kunne høyre når isfjella glei mot einannan og delte seg. Det er sikkert tilfeldig, men eg hadde tatt med meg partituret til "Arcana" av Edgard Varese for å lese det nøye. Eg blei sitjande og lytte til stykket midt i denne valdelege naturen. Mine reisedagbøker var (...) notene eg tok med meg: Thomas Tallis, Striggio, de Victioria, Varese, Kurtag, Lachenmann, Schnittke og mange andre, unge og gamle. Dei blei for meg like mykje dagbøker, oppdagingar, fragment..."

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Det er mulig å lese mer om Luigi Nono her.

Ballade vil i tiden frem mot festivalen presentere tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Tekstene er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.

Av Nicholas H. Møllerhaug Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Contemporary, Interviews, Concerts