Ser inga løysing
Bugge Wesseltoft trur aldri jazz og klassisk kjem til å tena pengar på strømmetenestene.

Under konferansa The Jazz Summit 2012, som i desse dagar går i samband med Jazzfest i Trondheim, blir mange aspekt ved jazz og musikkbransjen generelt diskutert.

Musikar Bugge Wesseltoft driv nettbutikken Gubemusic, som selg musikk for nedlastning i full CD kvalitet, kunne mellom anna bidra med sitt syn på strømmedebatten.


Les også: Det forbrukeren vil ha


- Ny blomstring
Wesseltoft meiner at Spotify er et utruleg godt tilbod til lyttaren, som får lytta til musikk ein ikkje har fått tak i på mange år.

- Slik har mange eldre artistar, som til dømes Lillebjørn Nilsen, fått ei ny blomstring, seier Wesseltoft.


Les også: Trenger ny forretningsmodell


- Vil aldri tene pengar
Men i sin appell til jazzkonferansa melde Wesseltoft samstundes at strømmetenestene manglar eit godt system for å oppdage interessant musikk, og at lydkvaliteten er for låg. Og: Dei små nisjeselskapa vil aldri tene pengar på strømming, meiner Wesseltoft.

- Kontroversen er at dei store plateselskapa, som også er medeigarar i Spotify, tener ein million i veka fordi dei har så stor katalog. Men mindre plateselskap og artistar som driv med jazz og klassisk tenar ingenting. Eg trur aldri dei kjem til å tene pengar på strømmetenester.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


- Kva er redninga for denne delen av bransjen?

- Eg veit ikkje om det er noko å redde. Eg veit ikkje om folk flest er villig til å betale for musikk lenger. Den digitale utviklinga gjekk så fort at ingen fekk det med seg. Platebransjen var for seint ute, og ein kan ikkje gå tilbake og gjere om på det, seier Wesseltoft.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Genre\Jazz, Streaming