Minimalistlegende til Borealis-festivalen: Guru med svigermor frå Bergen
Nicholas Møllerhaug, som er nyutnemd direktør i Borealis-festivalen, røper alt no at ingen ringare enn Terry Riley vil vere festivalkomponist under neste års festival. - Stefano Scodanibbio sa til oss at Riley antakeleg hadde bestemd seg for å ikkje reise til Europa meir i dette livet. Trass det prøvde me i Borealis oss, fortel Møllerhaug. No er det klårt at minimalistlegenden frå San Fransisco er æresgjest i Bergen ei heil veke, frå 13. til 20. mars 2005.

- Ein av dei framste komponistane i verda, Terry Riley - 70 til neste år - har sagt ja til å kome til Borealis 2005, fortel Møllerhaug.

- Ikkje berre vil Riley sjølv delta som songar, keyboardist, ragakunstnar på ei rekke arrangement. Fleire av hans like legendariske musikarvener vil også kome. Særleg vil hans nære tilknytning til India åra vil vise seg. Det heilsprø miljøet hans heime i San Fransisco blir også godt representert, lovar Borealis-direktøren.

- Sjølv er Riley også kjend som ein uredd kritikar og samfunnsborgar. Det vil vise seg gjennom m.a. det ferske og diverre altfor aktuelle verket "Night Shields over Baghad", sier Møllerhaug. - Dette vil Terry Riley Vigil Band framføre i Bergen. Verket er ein direkte kritikk på det amerikanske krigsmønsteret dei siste åra.

Riley sjølv er langtifrå ein dødsalvorleg aldrande samtidsmusikk-hero, meiner Møllerhaug. Han beskriv verkas til Riley som "ofte prega av store ladningar humor og sjølvironi kombinert med samfunnsengasjement".

- Masterclassane, foredraga og konsertane hans er unike happenings kor humor går i ledtog med stor kunst. At han syng indiske raga er ikkje ein ulempe. Størsteparten av Rileyverka me får høyre i mars har aldri blitt framførd i Noreg før. Borealisfestivalen er også i samtale med norske utøvarar om framføring av m.a. Rileyverk, seier Møllerhaug.

- Då me tok kontakt med Terry Riley i sommar var det med assistanse frå ein god italiensk ven av han. som var med på Music Factory i Bergen i 2003 kjende han godt. Han sa at Terry antakeleg hadde bestemd seg for å ikkje reise til Europa meir i dette livet. Trass det prøvde me i Borealis oss. Eit overraskande svar kom raskt tilbake: ikkje berre syntest Riley festivalen høyrdest ok ut - kanskje endå viktigare var det at svigermor hans var bergensar.

Interesserte kan lese meir om om Terry Riley på http://www.terryriley.com, og elles vitje Borealisfestivalen på denne adressa.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Contemporary, Concerts