Trendy kammermusikk
I Trondheim er over førti prosent av publikum ved kammermusikkfestivalen studentar. Daglig leiar Vegar Snøfugl sit på oppskrifta.

Årets kammermusikkfestival i Trondheim går av stabelen midt mellom Pstereo-festivalen og UKA – festivalar som definitivt har studentar som som si målgruppe. Daglig leiar Vegar Snøfugl meiner dette er ein fordel, og at dei tre festivalane utfyller kvarandre.

-Heilt sidan vi byrja for 16 år sidan har vi hatt eit sterkt fokus på breidde og marknadsføring retta mot studentmassa i byen. Det er ikkje tilfeldig at vi har festivalen i september, og ikkje om sommaren, fortel Snøfugl.


Viktige samarbeidspartnarar
Snøfugl trekk fram samarbeidet med HK Reklamebyrå, samt NTNU og dei andre medeigarane av Dokkhuset Scene som svært viktig.

-At vi har nytta HK Reklamebyrå heilt frå starten har hatt stor betydning. Det har skapt ein raud tråd i marknadsføringa. Vi brukar mykje midlar på å profilere oss, og det har gitt resultat.


Spenstige kampanjer
Samarbeidet med HK Reklamebyrå har gitt festivalen ei rekkje kreative kampanjer. Snøfugl er spesielt stolt av gatekunstkampanja dei hadde for to år sidan, som resulterte i fleire prisar. I tillegg har dei hatt fleire pr-stunt.

-Vi har hatt livemusikk til spinning på SATS, konsertar for sjukehuspasientar, ei såkalla ''pianotrapp'' ved eit kjøpesenter og i fjor hadde vi ein lystbåtkonsert der båtane fungerte som eit brassband, seier han.

I år skal publikum få delta på ''kammerorientering''. Mellom 12 og 15 ulike postar med små konsertar skal plasserast rundt i Trondheim. Der blir det festivalmusikarar i samspel med både rumenarar og studentar frå vidaregåande og konservatoriet.


Utfordre både publikum og artistar
Snøfugl fortel at dei har tatt kammermusikkomgrepet ved rota, og jobbar for å få fram musikk som er aktuell i dag, både lokalt og internasjonalt.

-I dag kombinerast sjangrar heile tida, og vår utfordring er å få folk til å opne seg. For å utfordre både publikum og artistar skreddarsyr vi programmet sjølv. Slik kan vi gjere kvar enkelt konsert til ein brikke i ein større heilskap, og halde programmet definert og profilert, seier han.

Han meiner at dei har vore tidleg ute med den breie tankegangen, og at no kjem fleire etter.


-Eit heilt anna utgangspunkt
Festivalsjef ved Risør Kammermusikkfest, Per Erik Larsen, synest det er flott at festivalen i Trondheim når ut til studentane, men fortel at det ikkje er aktuelt for dei å profilere seg på samme måten.

-I Risør har vi eit heilt anna utgangspunkt. Dersom vi skulle profilert oss mot studentar måtte vi ha flytta heile festivalen, seier han.

Produsent ved den ferske kammermusikkfestivalen i Ålesund, Samuel Skrede, meiner at dei når ut til eit breidt publikum, og at det er godt oppmøte frå elevane ved den lokale musikklinja på Fagerlia vgs.

-Gjennom å samarbeide med matfestivalen når vi ut til folk som ikkje nødvendigvis oppsøker klassisk musikk ellers. Det var særleg mange ungdommar på besøk i fjor, då vi hadde Charlie Siem som festivalartist, fortel han.


Sterkt miljø i Trondheim
-I Trondheim er 25% av skuleborna i kulturskulen, og her er ein god musikkstall med stor breidde. I år får til dømes komponist og pianist Erlend Skomsvoll presentere både jazz- og klassisk musikk i si eiga drakt, fortel Vegar Snøfugl.

Trondheim Kammermusikkfestival starter mandag 19. september og varer fra til søndag 25. september.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Classical