Baltiske stemmer i Domkirken
KONSERTANMELDELSE: I året der Nordisk Råds Musikkpris har sett fokus på kor, er det fint at også festspela har funne plass til ein korkonsert på sitt program. Under konserten i Domkirken mandag fekk me sjå kva materiale det Estiske filharmoniske kammerkor verkeleg er støypt av. Der dei tidlegare i veka framførte framandt repertoar nølande og overfladisk; synte dei no ei heilt anna tyngde gjennom eit repertoar som har følgt dei i mange år.
Estonian Philharmonic Chamber Choir (Foto: Kaupo Kikkas) (325x401)

Av Ida Habbestad

Den vokale musikken tykkjest vera eitt av mange fokus under Festspillene i Bergen i år. Solistar som Bryn Terfel og Solveig Kringlebotn har gjort stor suksess med konsertar i høvevis i Grieghallen og Håkonshallen, og fleire vokale recitals er i vente i komponistheimane.

I tillegg er det denne gongen plass for meir utradisjonell vokalmusikk, representert ved mellom andre festspelmusikarane Trio Mediæval. Gjennom fire eigne konsertar presenterer dei ikkje berre sitt eige ensemble, men deltek òg i ei rekkje konstellasjonar. Dessutan gjestar Hilliard Ensemble med konsertar åleine og i samarbeid med festspelmusikarane.

Kammerkor av klasse

I året der Nordisk Råds Musikkpris har sett fokus på kor, er det fint at også festspela har funne plass til ein korkonsert på sitt program Under konserten i Domkirken mandag fekk me sjå kva materiale det Estiske filharmoniske kammerkor verkeleg er støypt av.

For ved denne konserten synte koret seg frå ei heilt anna side enn dei gjorde i Håkonshallen søndag. Då framførte dei framandt repertoar, nølande og overfladisk; no synte dei ei heilt anna tyngde gjennom eit repertoar som har følgt dei i mange år, trygt leia av dirigent Paul Hillier.

Alt i Cyrillus Kreek sine ”Tre David-salmer” var den fyldige klangrikdomen framtredande. Ein vaksen, men likevel klar klang kjenneteiknar koret - og kva som har komme først; repertoaret eller klangen er ikkje godt å seia.

Eit fellestrekk ved musikken til dei estiske komponistane som vart framførte her, tykkjest nemlig vera at verka deira krev ei slik tyngde for å få liv. Verka er unekteleg vakre, men har alle eit til dels tungt preg, ei langsam musikalsk utvikling.

Arvo Pärt er kanskje den mest ekstreme i så måte (men han er òg den som etter mi meining toler eit rakare preg, med mindre vibrato og varme). Hjå hans landsmenn, Kreek og Veljo Tormis finn ein eit beslekta uttrykk, men hjå dei er òg den estiske folkemusikken ei inspirasjonskjelde. Særleg under framføringa av ”Biskopen og hedningen” var dette framtredande - samstundes som verket bar preg av eit gregoriansk, middelaldersk utgangspunkt. I kveldens avsluttande verk, ”St. Hans-sanger for midtsommernattskvelden, var det barnlege og nasale særlege verkemiddel.

Ufrivillig abstrakt

Per Nørgård sin ”Vinterhymne”, framført på engelsk, fungerte som eit oppmjukande innslag, oppløfta frå det meir meditative preget. Likeeins vart verket for talekor av Erik Bergman eitt høgdepunkt, med sin kakofoni av stemmer – i reint manns- og damekor, og med tydelege humoristisk tilsnitt.

Det humoristiske kunne imidlertid komme meir til sin rett dersom publikum hadde fått omsetjingar av songtekstane i hende. På ein konsert der verka er i estisk, finsk og latinsk språkdrakt tykkjest det relativt meiningslaust å ikkje få eit innblikk i det tekstelege innhaldet - særleg avdi teksten i denne noko monotone musikken tykkjest vera eit så grunnleggjande fundament. Bergmans talekor vart soleis ufrivillig meir abstrakt – ein lo av det faktum at songarane laga rare lydar, ikkje av historia dei fortalde.

Profesjonelle songarar

Avslutningsvis kan Sibelius’ ”Rakastava” trekkjast fram som eit anna høgdepunkt. Verket gav rom for solistiske innslag - og synte stort overskot hjå kvar enkelt av songarane. Slik kling eit kor med profesjonelle songarar - noko som pr. dags dato er mangelvare i Noreg.

Baltiske stemmer:
Det Estiske filharmoniske kammerkor/Dirigent Paul Hillier
Musikk av Kreek/Tormis/Pärt/Nørgård/Bergman/Sibelius

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Reviews\Concerts, Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Vocal, Concerts