Hilde Bjørkum er ny festivaldirektør i Førde
Styret i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har tilsett Hilde Bjørkum i nytt åremål (3 år) som festivaldirektør frå 1. september 2005. - Eg gler meg til å starte opp att etter eit år med delvis permisjon frå festivalen, seier Hilde Bjørkum. Ho er óg glad for at Lene Furuli held fram i festivalleiinga.
Hilde Bjørkum, Førde, 2005 (290x436)

Hilde Bjørkum overtek som festivaldirektør i Førde frå 1. september 2005.

Styret i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har tilsett Hilde Bjørkum i nytt åremål (3 år) som festivaldirektør frå 1. september 2005.

Lene Furuli, som har vikariert som direktør for festivalen i 2005, går over i ny stilling som arrangementssjef.

- Eg gler meg til å starte opp att etter eit år med delvis permisjon frå festivalen, seier Hilde Bjørkum. Det siste året har Hilde Bjørkum hatt ei 40% stilling som kunstnarleg rådgjevar. Ho har vore med i festivalleiinga med nokre få avbrot sidan festivalen starta i 1989.

At Lene Furuli held fram i festivalleiinga seier ho seg svært glad for.

– Vi har dei siste åra sett at staben har trengt ei styrking. Med Lene Furuli med på laget er det mogleg for oss å ta tak i mange nye utfordringar. Vi skal mellom anna jobbe med konseptutvikling og vidareutvikle marknadsarbeidet.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement, med rundt 250 artistar frå heile verda. Kvart år går omtrent 80 store og små programpunkt av stabelen i løpet av dei fire hektiske festivaldagane i juli .

Årets festivalprogram omfatta namn som Mory Kanté, Majorstuen, Deaf Shepherd, Yves Lambert & Co, Alim Qasimov og Sudha Ragunathan.

Neste års festival i Førde går av stabelen 6.-9. juli.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover, Positions