Norsk kulturråd ber om møte med stortingskomiteen
Det har den siste tiden vært en del turbulens i forholdet mellom Kulturdepartementet og Norsk kulturråd, når det gjelder det Norsk kulturråd oppfatter som føringer fra politisk hold i forbindelse med enkeltsøknader. Norsk kulturråd ser seg nå nødt til å be Stortinget om et møte rundt saken.

I Stortingsprop 1, 2001-02, Kulturdept. var det ein del føringar for einskildsøknader til Norsk kulturfond innan musikk og scenekunst. Det galdt Nordlysfestivalen i Tromsø, Grenland Friteater, ei flytting av tilsegn om tilskot til Opera Vest, frå fri scenekunst post 50 til statsbudsjettets post 73, og ei vidareføring av tilskot til Oslo Danse Ensemble som låg inne med ei løyving på 1 mill for 2001.

Kulturrådet reagerte både på føringane i einskildsaker og på ei betydeleg binding av midlar, og ba departementet om å ha tillit til at rådet også i framtida ville behandle søknader på beste måte. I tråd med dette trekte den nye regjeringa dei fleste føringane attende, men i budsjettforliket i Stortingets kulturkomite i desember kom fleire av sakene opp att.

Kulturrådet respekterer sjølvsagt Stortinget sin rett til å setje einskildtiltak på statsbudsjettet. Det er også Stortinget som legg dei økonomiske rammene for Kulturrådets arbeid. Men når einskildsaker blir finansierte med midlar frå Kulturfondet, reduserer det spelerommet for å få fram nye tiltak og det utviklingsarbeidet Kulturrådet elles er sett til å gjere. Det set også sjølve støtteordningane og rådets forvaltning av desse på dagsordenen og skaper usikkerheit om kva som er rollefordelinga mellom Stortinget og Kulturrådet.

Kulturrådet uttrykkjer bekymring for verknadane av dette og dei vanskane det skaper for aktørane i kulturlivet. Også på grunnlag av det vedtaket Norsk kulturråd gjorde i sitt møte den 5. desember om ei løysing for Oslo Danse Ensemble, ser Kulturrådet det om både ønskjeleg og nødvendig å få ein dialog med Stortinget for å klargjere situasjonen, og vil be om eit møte.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Organizations, Politics, Funding