Seljordskappleiken 2003 i Granvin Kulturhus
3. og 4 oktober vert det Seljordkappleik i Granvin kulturhus. - Du vil bli imponert både over breidde og kvalitet om du tek deg ein tur på Granvin kulturhus i Seljord kommande helg, reklamerar arrangørane i Seljord Spelemannslag og Seljord/Kviteseid leik, som lovar eit rikhaldig festprogram fredagskvelden,og ein "god gamaldags" kappleik på laurdagen.

Du vil bli imponert både over breidde og kvalitet om du tek deg ein tur på Granvin kulturhus i Seljord kommande helg. Set av helga og du vil få oppleve eit rikhaldig festprogram fredagskvelden, med bygdedans i gamlesalen etterpå. Ikkje gå glipp av ein "god gamaldags" kappleik på laurdagen heller.

Lokale krefter viser at det spirer og gror i folkemusikkmiljøet i Seljord. Her vil du få høyre og sjå både spel, dans, kveding, segn og sogur i festsalen.

Tusseleiken, Juniorspelemannslaget, Kivlemøyane og Seljord Spelemannslag er sjølvskrivne i ei slik mønstring. Men, her er og overraskingar! Sigurd Telnes, Ragnar Høgstøl og Einar Øveland har slått seg saman for anledninga, og vil underhalde med lokalt tradisjonsstoff.

Hæge Manheim kjem på scena med utdrag frå ei konsertforestilling om Olea Crøger som opprinneleg blei framført til jubileet i 2000, men som ikkje har vitja Seljord tidlegare.

Granvin er ein triveleg stad å vere. Det vil bli dans båe kveldane; gå ikkje glipp av denne sjansen til å få danse bygdedans, springar, gangar. Her vil spelmenn og -grupper byte på dansepelinga, så det vil bli noko for einkvar smak. Matsal med godt utval i varm og kald mat under heile arrangementet.

Arrangørar er Seljord Spelemannslag og Seljord/Kviteseid leik.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Competitions, Concerts