Romvesen og larvar
Såpeboblemeisteren Pep Bou bør bli æresborgar av Bergen. Med fukt, såpe, blåserøyr og vatn forvandla spanjolen Bergensvèret. Til ein metafor. Ikkje berre fekk me sjå såpebobler. Pep Bou fekk boblene til å sjå ut som romvesen, larver og månar. Ved hjelp av ljosregi og sigarettrøyk såg boblene ut som blå, raude og grøne månar. Born og vaksne sat og måpte.

Forestillinga "Ambrossia" med Pep Bou er eit tilbod under Barnas Festspill. Denne delen av Festspillene gir også dei minste store opplevingar. Kven gløymer det makalause canadiske sirkuset (med kontrabass-spelande sirkusdirektør) som vitja Festspillene ifjor? Pep Bou og den klossete medarbeidaren hans Luis Bevià tilhøyrer i same klasse - men uttrykket og farten er eit anna. Såpebobler treng langsame rørsler. Særleg STORE såpebobler.

Bobler til wienervals
Pep Bou betraktar såpeboblekunstane på ein mystisk måte: - Boblene er ikkje mål i seg sjølv - dei er berre eit middel. Sårbare og fullstendig uforutsigelege.

Utviklinga i forestillinga fulgte storleiken på såpeboblene. I starten hadde såpeboblene normalstorleik. Så vart me meir og meir imponerte. Både moderne elektronisk musikk og wiener/Sibelius-valsar klang ut ljodanlegget. Vifteanlegget var skrudd av. Boblene flyr av garde om det står på. Trass dette + enorme mengder sigarettrøyk til såpebobleblåsinga - høyrde ein knapt eit host eller hark. Måpande born stod i setene og nøyt dei rolege rørslene til Pep Bou. Frå å vere såpevatn til å bli enorme vesen.

Ei anna forestilling eg gleda meg til var "Sound on Film Live". Diverre utan såpebobler - men med enormt filmlerret spend over podiet i Grieghallen. Eit resultat av det vellukka samarbeidet mellom Barbican Hall i London og Festspillene i Bergen. "Sound on Film Live" er resultat av samarbeid mellom fire regissørar og like mange komponistar: Hal Hartley & Louis Andriessen, Brothers Quay & Stockhausen, Nicholas Roeg & Adrian Utley, Werner Herzog & John Tavener.

Eit mentalt dødsskip
"In Absentia" av Quay Brothers var sterk. Spelt saman med den skremmande og uttrykksfulle elektroniske musikken til Karlheinz Stockhausen. Eit landsskap i gråtonar. Ljosglimt. Ein stor gamal institusjonsbygning. Galehus. Lyn. Torden. To bein dinglar att og fram frå ein balkong. Eit ope glas. Gardiner flagrar. I eit rom ser me ei dame i kjole bakfrå. Hendene hennar knytte kring ein blyant. Ho skriv med anspende rørsler. Brev. Ikkje ein einaste bokstav får ho ned på papiret. Blyantspissane knekk i eitt sett. Musikken skrallar som eit mentalt dødsskip. Ein kunne kjenne bassljodane vibrera i ryggsøyla. Kvinnehyl og mumling er velplassert i det elektroniske ljodbiletet.

- Sært med denne filmen, fortel produsent Alex Poots frå London. - var at mor til Stockhausen sat i asyl under 2. verdskrigen. Det visste ikkje Quay Brørne. Dei laga fyrst ei filmskisse - sendte ho til Stockhausen. Og komponisten vart gripen. Stockhausen har halde mor hans si skjebne hemmeleg, og meinte Quay Brothers hadde telepatiske evner.

Avslutningsfilmen - "Pilgrimage" av Werner Herzog - er ei dokumentarisk skildring av pilgrimmar. Folk som kryp. Går på kne. Forvridde ansiktsuttrykk frå utslitte menneske. Musikk: John Tavener. Musikarar frå Harmonien, Olavsguttene frå Bergen Domkirke og songaren Parvin Cox framførte. Eivind Aadland dirigerte. Saktmodige og langsame linjer i denne musikken. Flott framførd.

Av Nicholas H. Møllerhaug Foto/illustrasjon: