Det nye Titano: Trekkspelvreng og Kletzmer
- Igår fekk endeleg Berlin rope ut under Magmafestivalen. Poing spelte nemleg konsert. Og eit indarleg berlinsk potpurri blei avsluttande ekstranummer - då med ein av dei mest symbolmetta musikkformene med på spelet. Denne meldinga kjem frå Nicholas H. Møllerhaug - Ballades utsendte i Berlin under Magmafestivalen.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:

Den norske trioen 'Poing' gjekk på scenen i Tränenpalast igår. Dei spelte fletta av berlinarar og andre. Dei spelte seg ikkje minst inn i ei historie og ut igjen. Dei rulla opp den unike historiske konteksten Berlin er. Det er denne nordmenn i over hundre år har stått i takksemdsgjeld til. Med eit gripande sidetema fekk dei også verkeleg vist kva Magma bør vere. Eit jiddischbasert kletzmerfunky kontrabassofil fri-impro med total-lyrikk og melodiske motiv gjorde susen. Det var slik dei avslutta konserten. Då var det berre å ta av seg hatten.

Hatten blir ikkje nemnd berre pga uttrykket: Ein hatt er nemleg ikkje berre ein hatt i Berlin. Dei siste ti åra - etter muren rasa - har minnet om dei kalde krigsåra også hatt ei munter personifisering. Den blir ikkje berre symbolisert med mur og elende. Eit anna og muntert symbol på dei austberlinske åra er mannen med hatten. Han kan ein framleis sjå når ein er i det som før var austsida av muren. Trafikklysa har nemleg ikkje den standardiserte unisexmannen alle andre lyskryss i resten av verda har. I Aust-Berlin er og var det ein mann med hatt som stod og lyste tilvéret opp i raudt og grønt. Dette ser ein altså framleis. Det vart faktisk rein oppstand då ein prøvde å innføre unisexversjonen i det tidlegare Aust-Berlin. Påminninga er effektfull og skal altså bli.

Magmakonserten med Poing vart effektfull til tusen. Eit raffinert leikande og søkande program blei delt med oss i Tränenpalast - staden kor folk frå aust- og vest-Berlin kunne møtast nokre minutt med år imellom. Ein stad med tilmålt tid. Det gjeld også musikk - all musikk er ei handsemd og mål av tid. Programmet me blei navigert overbevisande gjennom av Poing var ei slik fullkomen og nyskapande handsemd. Maja Ratkje sin "essential extensions" opna karnevalet. Ein merkar korleis mykje av estetikken hennar stammar frå den unike måten hennar å arbeide med stemma på; som om songen er hennar manifest. Alt skal synge, sa Nordheim ein gong. Hjå Ratkje er det kanskje totalt indirekte - men, ein anar stavingane og diftongane. Ikkje minst alle utbrota som ikkje avbryt.

Dansken Jexper Holmen og islendaren Áki Ásgeirsson gjorde konserten nordisk. To slåande inntrykk i to eigenarta musikalske språk - eller rettare sagt: Fornying av stilar. Holmen sitt "tension III: DISEMBARASS" var som ein apart hardcore kjempevreng-versjon av 'Fratres' av Arvo Pärt - hurra for den måten trekkspelet blei til mitraljøse av støy. Lydmannen gjorde ein knalljobb her. Tenk om Titano-festivalen fekk til slikt om nokre år. Då blir Titano eit nytt Knittingfactory.

Øyvind Torvund sitt "Giants of Jazz" avslutta offisielt Poing sitt innspel igår kveld. Eit verk med mykje "crispy" instrumentasjon og motivisk handsemd. Ratkje er kanskje litt meir barokk i stilen kor Torvund er tidleg renessanse, men ikkje ta det bokstaveleg: Torvund sin tributt til jazzsoga er også ein original tributt til melodien. Men, melodien var ikkje all merksemda som i popmusikken. Den melodiske forankringa er altså langt frå Søderlindsk. Den er meir Frode Gjerstadsk i karakteren. Særleg merker ein kor landet til Torvund ligg når kontrabassen, trekkspelet og saxen får denne susete og undarlege karakteren: Litt skalmeieaktig - nett som i renessansen, eller?

Jippi, der funka renessanse-samanlikninga!

Poing har ei unik måte å spele saman på. Det er ein lyttande trio som opnar seg for einannan internt. Dei opnar seg ikkje minst for publikum. Ei munter framtoning også - med sinnsvake kommentarar på turistentysk som bonus. Dette gjorde konserten hysterisk morosam. Og ikkje minst avslutninga - ekstranummeret: etter at Norden hadde fått overdose merksemd. Då fekk endeleg Berlin rope ut. Endeleg! Poing spelte eit indarleg berlinsk potpurri med ein av dei mest symbolmetta musikkformene med på spelet.

Kletzmermusikken var viktig i Berlin - og ein veit jo korleis det gjekk med dei som spelte den på trettitalet. Dette vart nemleg det utrulege avslutningsnummeret, utan tvil ein meisterleg måte å minne på kva Berlin er musikalsk. Og saxofonen song så det skalv - slik dei jiddische klarinettane plar gjere det. Og det minnar oss på kva som er viktig med ein slik festival av dette formatet:

Ein må ta med kva 'den andre staden (altså staden magma blir arrangert)' kan gje og fortelje. Poing fekk fortald dette og kunne ha spelt heile natta om dei ville.

Ja, det var difor det der med hatten blei eit poeng.

Av Nicholas H. Møllerhaug Foto/illustrasjon:
Festivals\Outside Norway, Genre\Classical, Concerts\Outside Norway, Outside Norway