Hilde Bjørkum: - Tenk kva me kunne fått til for 5 millionar!
Den nyvalde regjeringa har i haust løyvd nye midlar til etablering av ei riksscene for folkemusikk og folkedans, lagt til Schouskvartalet i Oslo. Mykje er likevel usikkert i forhold til kva ei slik nasjonal scene bør innehalde. Direktør for Førde internasjonale folkemusikkfestival, Hilde Bjørkum, er ikkje nødvendigvis negativ til sjølve ideen riksscene, men har klare synspunkt på at produksjonsmidlane til norsk folkemusikk og folkedans ikkje bør låsast fast i ein slik institusjon. Artikkelen er henta frå Spelemannsbladet.
Hilde Bjørkum, Førde, 2005 (290x436)

Av Anna Hamre, Spelemannsbladet

Viktig med ei god folkemusikkscene i Oslo

Kva meiner du om sjølve ideen riksscene for folkemusikk og folkedans?

– Fyrst og fremst vil eg understreka at eg tykkjer det er viktig at det er ei god scene i Oslo for framføring av folkemusikk og folkedans. Likevel synest eg ikkje nødvendigvis det er god bruk av midlar å bruke mykje pengar på å byggje ei ny scene. Ta til dømes den norske jazzscena, den er lagt til Cosmopolite i Oslo. Eg trur jazzmiljøet har tent mykje på å bruke allereie eksisterande bygningsmassar, seier Hilde Bjørkum:

– Med andre ord tykkjer eg dei ideane til Gabriel Fliflet, som har kome fram i tidlegare artiklar om temaet, er gode. Dersom ein hadde retta løyvingane til folkemusikk og folkedans inn i fond, kunne både nye initiativ og allereie eksisterande miljø, som riksskonsertar, festivalar og einskildmusikarar bruke dei løyvde midlane på ein meir fornuftig og effektiv måte.

- Det har ikkje vore ein demokratisk prosess

Syns du folkemusikkmiljøet i Noreg har fått tiltrekkeleg informasjon og moglegheit til å påverke prosessane inn i mot etableringa av ei riksscene?

– Etter mi meining har arbeidet framimot etableringa av ei riksscene for folkemusikk og folkedans ikkje vore ein reell demokratisk prosess. Saka har vore køyrt hardt politisk i forhold til kor lite det har vore oppe til diskusjon i folkemusikkmiljøet. Etter Bjørkum si meining bør alle relevante folkemusikkinstitusjonar og –organisasjonar få den varsla rapporten om etablering av scena for folkemusikk og folkedans til høyring, før ein låser premissar og løysingar gjennom politiske vedtak. Sjølv om dei store folkemusikkorganisasjonane har gått inn for ei riksscene, var det under møtet om riksscena i fjor store sprik i synspunkta på kva ei riksscene bør vera. Eg ønskjer at det vert gitt rom for ein brei diskusjon der ein tør å ta innover seg at det kan vere ulike meiningar i folkemusikk-Noreg når det gjeld både innhaldet og organisering av ei slik nasjonal scene. Og det undrar meg at denne saka, som må vere den største satsinga i LfS si historie, enno ikkje har vore oppe til skikkeleg diskusjon på LfS sitt årsmøte.

- Enormt mykje pengar det er snakk om

Den nye regjeringa foreslår i tilleggsproposisjonen sin i haust ei løyving på 1,5 millionar til etablering av ei nasjonal scene for folkemusikk og folkedans. Norsk Folkemusikk- og Danselag søkjer om ytterlegare 7 millionar i budsjettet for 2006, i tillegg til leigegaranti på 5 millionar kroner frå 2008. Med andre ord utgjer dei eventuelle løyvingane til ei riksscene, i folkemusikksamanheng, veldig store summar.

Hilde Bjørkum er samd i at dei store løyvingane gjer det ekstra viktig å ha ein skikkeleg demokratisk gjennomgang av denne saka.

– Det er enormt mykje pengar det er snakk om. Eg vil enno ein gong poengtera at det er fint at det har vorte løyvt pengar til riksscene, men når vi snakkar om ei årleg sum på 5 millionar kroner til husleige og ytterlegare millionar til drift, må det vere legitimt å etterlyse ein diskusjon om korleis folkemusikkmiljøet skal prioritere bruk av midlar. Etter mi meining kunne desse pengane vorte brukt mykje meir effektivt og fornuftig dersom dei vart dirigert til stader der ein allereie finn eksisterande miljø og kompetanse innan dette feltet.

Direktøren for Førde internasjonale folkemusikkfestival fortset med å seie at det knapt før har vore løyvt så mykje pengar til ei einskild sak innan norsk folkemusikk:

- Berre husleigegarantien, 5 millionar årleg, er enormt mykje pengar i folkemusikksamanhang, og desse kunne nok med fordel ha vore brukt på andre ting enn husleige! Ein må jo òg spørje seg korleis det vil vere med løyvingar til andre folkemusikkformål framover, dersom ein skal bruke ein så stor sum på sjølve bygget.

- Innhaldet må kunne skapast andre stader

Kva synest du om plasseringa av riksscena i Oslo, i eit distriktspolitisk perspektiv?

Eg tykkjer at ideen om å etablere ei folkemusikkscene i Oslo er god. Ein må likevel kunne diskutere kvar produksjonsmidlane skal plasserast. Eg er skeptisk til å byggje opp ein heilt ny institusjon. I stadan bør produksjonsmidlane spreiast rundt på utøvarar med idear, festivalar og andre typar initiativ, rundt om i heile landet og i Oslo. Med andre ord bør ein bruke pengar der det finst både kompetanse, erfaring og idear allereie, så kunne resultata av dei kunstnarlege prosjekta framførast både rundt om i landet og på ei scene i Oslo.

Hilde Bjørkum avsluttar med å seia at dersom ein hadde plassert 5 millionar årleg i fond, hadde dette betydd enorme endringar for norske folkemusikkutøvarar og arrangørar av kappleikar og festivalar:

– Tenk kva ein kunne gjere for 5 mill. kr årleg sett inn i produksjonar og turnear i staden for å binde dei opp i endå eit nybygg!

Artikkelen er tidligere trykket i Landslaget for Spelemenns publikasjon Spelemannsbladet, og gjengis på Ballade med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren og redaksjonen.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Folk / Traditional, Politics