Underdal i tri-kontinental urfremføring
Lars Underdal har blitt headhunta inn som solist på hardingfele til det nye verket "Violintripelkonzert" av den tyske komponisten Karsten Gundermann. Underdal vil dele scene med Helt Oncale (Cajun Fiddle) og Xiao Mei Deng (Erhu). Gundermann tok sjølv kontakt med Underdal, og dei to har sedan jobba godt saman. Urframføringa av verket vil finne stad 6. oktober i Dreikönigskirche, som ein del av samtidsmusikkfestivalen Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik.

Urframføringa er ein del av ein større konsert med namnet Violinkonzerte aus drei Kontinenten - fiolinkonserter frå tre kontinent. Andre verk som står på programmet er Akira Miyoshis Etoiles à chordes, Arvo Pärts Tabula Rasa og Steven Rosenhaus' Violinconcerto.

Karsten Gundermann tok sjølv kontakt med Lars Underdal etter, med hjelp frå ULTIMA-Festivalen, å ha funne han i Norsk Folkemusikkformidling sin folkemusikkatalog på internett.

Ideen bak musikkstykket var å føre saman tradisjonsutøvarar frå tre kontinent; Asia, Amerika og Europa, for så å la
etniske instrument og tradisjon vere det berande elementet i verket som altså i tillegg innbefattar Sinfonietta Dresden. All musikk er nyskriven, basert på tradisjonell musikk, og tok for Lars Underdal sin del utgangspunkt i eit vekelangt møte i mai i år.

Dei to arbeidde godt saman denne veka, og etter å ha høyrt gjennom ei stor samling medbragt cd'ar med hardingfelemusikk heime i Tyskland, komponerte Gundermann 20 (!) nye slåttar. Etter ei ny vitjing i Noreg og nye arbeidsdagar med spelemannen frå Vinje vart materialet sila og talet redusert til fire. Ein springar, som er eit gjennomgangstema i konserten, to gangarar og ein lydarslått. Desse fire er i sin tur del av stykket som på liknande vis inneheldt nyskriven tradisjonsmusikk med utgangspunkt i kinesisk og amerikansk folkemusikk.

Lars Underdal sjølv er spent på å høyre stykket som heilskap, men seier seg godt nøgd med samarbeidet og resultatet så langt. Prøvene er lagt til dei fire dagane før urframføringa som altså er sundag sjette oktober.

Meir informasjon om festivalen finn du på denne nettsida.

Av Ola K. Berge Foto/illustrasjon:
Genre\Classical, Genre\Classical\Contemporary, Concerts\Outside Norway, World Premieres, Outside Norway