Norsk visearkiv er 20 år
Laurdag 25 januar feirar Norsk visearkiv sitt 20 årsjubileum. I løpet av desse åra har arkivet etablert seg og funne si nisje mellom andre arkiv og institusjonar.

Av Velle Espeland, dagleg leiar, Norsk Visearkiv:

Frå utsida er det nok lettast å få auga på visearkivet som serviceinstitusjon. Til arkivet kjem det fem til ti spørsmål om dagen. Dei fleste er enkle spørsmål om hjelp til å finne fram til tekst eller melodi på ei gløymt vise eller hjelp til å identifisere eit fragment, men vi får også mange spørsmål om bakgrunnsstoff og opplysningar som kan brukast som introduksjon eller tekst på CD-hefte.
Eksempel på spørsmål frå fjerdegenerasjons norskamerikanar:

Is this a Norwegian song: By samby samby bana gyta hanga jana. Vi svarte ja. Originalen må vere Byssam byssam barnet.

Visearkivet er ikkje strenge på genregrenser, og vi passar oss vel for å definere vise. Samlingane våre omfattar heile spennet frå mellomalderballadar til årets fonogram, frå episke viser, bånsullar og kulokkar til slagerar og rap. Som norsk visearkiv prøver vi å avgrense oss til tekster på norsk, men når det gjeld folkeviser, har vi eit stort paralellmaterial på nordiske språk, engelsk og tysk.

Viser har lett for å falle mellom to stolar. Dei er sjeldan fin lyrikk og melodisk er dei oftast enkle. Det er kombinasjonen som utgjer visa. Og det er kompetansen på kombinasjonen av tekst og melodi som er visearkivets nisje.

Samlingane består først og fremst av papir: Song- og visebøker, skillingstrykk, manuskript etc. i tillegg til lydfesta materiale, både publisert og upublisert.

Norsk visearkiv er også eit kompetansesenter. Båe dei tilsette har forskningskompetanse og boksamlinga omfattar også eit utval av bøker innanfor det vi kallar viseforsking. Vårt største prosjekt er balladeprosjektet som tek sikte på å legge ut dei norske mellomalderballadane, tekst og melodiar, på nettet.

Norsk visearkiv vart eigentleg stifta alt i november 1982. Men på 20-årsdagen for stiftinga var vi i tvil om det var noko å feire. Arkivet var utan pengar og framtida såg mørk ut. Nå har vi imidlertid, med hjelp av gode venner, fått ein real auke i løyvinga. Framtida ser lysare ut og vi har all grunn til å feire 25 januar, årsdagen for første ordinære styremøte.

Av Velle Espeland Foto/illustrasjon:
Essays, Genre\Folk / Traditional, Organizations