Fleire artistar og større program enn nokon gong
"Europeiske stemmer" er valt som tema for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som finner stad 3. - 6. juli. - Med 17 grupper frå 16 europeiske land får vi til fulle presentert det musikalske mangfaldet som finst i Europa, seier festivalleiinga. - Her blir det både tradisjonell folkemusikk, musikalske uttrykk som ligg i grenseland til andre sjangrar og musikk skapt i ein smeltedigel av mange stilar og tradisjonar.
Majorstuen (300x421)

At europeisk musikk står i sentrum på denne festivalen, er ein direkte følgje av at European Broadcasting Union har valgt festivalen i Førde som vertskap for sin 24. EBU-festival for folkemusikk. EBU-programmet byr mellom anna på forfriskande felemusikk med Norges nye folkemusikkstjerner Majorstuen, spansk-arabiske tradisjonar med Aljub, gamle balladar frå Ukraina med Vasyl Nechepa, Balkanrytmar med Duo Rapsozii Botosanilor frå Romania, Brina & String.si frå Slovenia og Marusic IsTrio frå Kroatia. Frå Polen kjem unge og svingande Swoja Droga, og frå Belgia kjem "partybandet" Jaune Toujours. I tillegg står artistar frå Danmark, Sverige, Finland, Russland, Tsjekkia, Kvite-Russland, Tyskland og Latvia på EBU-programmet. Mange av dei opptrer også ved andre høve under festivalen.

- Ingen annan stad i Norge kan du oppleve så mange musikkulturar på eitt brett, skriv arrangørane. - Frå Argentina kjem Gustavo Gancedo Tango Septeto, songaren Debora Russ og to dansepar med sensuell og elegant argentinsk tango. Frå Burkina Faso: Badenya les Frères Coulibaly, eit fyrverkeri av ei perkusjonsgruppe med djember, ballafonar, song og dans. Frå Madagaskar: Senge - mannleg vokalgruppe med fleirstemt song til å få gåsehud av. Frå Afghanistan: Ensemble Kabul med melodiøse songar og rytmiske dansetonar frå ein urgammal musikktradisjon. Frå Sri Lanka: Thaa Drum Orchestra som samlar tamilske og singalesiske musikarar i eit unikt samarbeid, med perkusjonsinstrument og danseakrobatikk du truleg aldri før har opplevd! Og årets Talentprosjekt samlar musikarar frå Kina, Mali - og Førde.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival byr i år også på "Keltisk Søndag", som dei skriv dette om:

- På søndagen står det keltiske i fokus med tre konsertar av framståande artistar frå England, Skotland og øyane rundt. Gled deg til virtuosen Kathryn Tickell som spelar Northumbrian pipes som ein gud og har med seg ei samspelt gruppe musikarar. Shine har eit sart uttrykk med vakker song og keltisk harpespel, og sist men ikkje minst, Blazin’ fiddles med Catriona MacDonald spelar reels og jigs så det luktar svidd!
Dei keltiske artistane er støtta av Nordisk Ministerråd.

- I konsertserien NORWAY NOW har vi fokus på nye vibrasjonar innan norsk folkemusikk, og i år presenterer vi ein av dei nye kometane, Jan Beitohagen Granli frå Valdres. Personleg stil. Engasjert, energisk og kraftfullt hardingfelespel. Dei unge musikararne i trioen Flukt med felespelaren Sturla Eide Sundli i spissen er inspirert både av norsk, irsk og balkansk folkemusikk, og appellerer til eit ungt og nytt publikum. I møtet med gruppa Trispann får du vare, morosame, religiøse, og drivande folketonar - som reine vokalarangement eller med instrumentakkompagnement. Per Sæmund Bjørkum og medmusikarane Tone Hulbækmo, Kåre Nordstoga og Bjørn Kjellemyr vart tildelt Spellemannprisen 2002 for utgjevinga "Berg og vat"n, og står for årets kyrkjekonsert.

Også i år står festivalen for ein ny produksjon i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater; danseforestillinga "Den som rulla’ ette’ golvé" samlar 12 av dei beste dansarane og dansespelemennene Norge kan by på, m.a. Martin Myhr, Gunnlaug Lien Myhr, Geir Helge Espeseth, Øystein Romtveit, Hæge Manheim, Egil Syversbråten og Vidar Underseth.

- I seine kveldstimar kan du svinge deg i dansen til drivande dansemusikk av m.a. Vågå spelemannslag, Nordafjells og Indre Sunnfjord spelemannslag. Du kan nyte ein time med den profilerte songaren Unni Løvlid, eller vitje folkemusikklubben Columbi Egg der vert og musikar Gabriel Fliflet byr på variert program og musikalske overraskingar. På festivalen møter du òg Tellef Kvifte, Ole Hamre, Sigrid Moldestad, Steinar Ofsdal og endå fleire, heiter det.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Norges største fleirkulturelle musikkarrangement. Festivalen er i år vertskap for den 24. EBU-festivalen for folk & trad. musikk. 240 artistar frå 25 land og 4 verdsdelar er engasjert til årets festival, som byr på fleire artistgrupper og fleire konsertar enn nokon gong. Over 80 store og små programpunkt går av stabelen dei fire hektiske festivaldagane første helga i juli. Heile programmet finn du her.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover