Bjarne Herrefoss: 1931 - 2002
Ein av våre fremste kunstnarar på hardingfele har no lagt bogen ned. Bjarne Herrefoss døde 15. mai, 71 år gamal.
Bjarne Herrefoss (170x262)

Av Harald Knutsen, nestleder, Norsk Folkemusikk- og Danselag

Ein av våre fremste kunstnarar på hardingfele har no lagt bogen ned.

Bjarne Herrefoss i frå Bø/Tokke var ein av dei mest markante hardingfelespelemenn i Noreg i nyare tid. Han åtte ei stor formidlingsevne, og er kanhende vår tids mest folkekjære hardingfelespelemann.

Han var unik til å gripe og å engasjere sitt publikum og ta oss med på ei kjenslevar reise i sitt rike musikalske landskap. Ingen gjekk upåverka frå eit møte med Bjarne Herrefoss.

Hans musikalitet og personlegdom vil i all framtid lyse som eit av dei store fyrtårn i norsk folkemusikk si historie.

Bjarne Herrefoss vart noregsmeister på hardingfele fire gonger; 1967 (Porsgrunn), 1975 (Bø), 1979 (Førde) og 1991 (Voss). Han var tildelt Tokke kommune sin kulturpris og heidersmedlemsskap i Landslaget for Spelemenn.

I 1999 vann han Spelemannprisen for produksjonen "Toneflaum" (i lag med Knut Hamre og Hallvard T. Bjørgum).

Bjarne Herrefoss døde 15. mai. Han vert bisett frå Bø Kyrkje torsdag 23. mai kl 13.00.

Av Harald B. Knutsen Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Obituaries