Om Osafestivalen 2001
Osafestivalen slutta sundag etter ein konsert med Bergen Domkantori som framførde verk av Eivind Groven. Det var den siste av 8 konsertar, i tillleg til dansekveld, eit seminar og eit dansekurs. I alt har det vore bortimot 1000 personar innom alle arrangementa

I det talet ligg også inne dei som har gjennomgangsbillett. Med dette besøkstalet har ein nådd budsjettet på billettinntektene, og ein håpar at festivalen skal koma ut med eit lite overskot.

Av konsertar kan ein nevne opningskonserten med den nye trioen Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes og Sigrid Moldestad alle på hardingfele. Dei hadde ein kjempekonsert der dei hadde arrangert slåttar for samspel. Det var klubbkveld med den irske trioen Setantai og nordisk verdensmusikk med finske Gjallarhorn. Steinar Ofsdal var delaktig i to konsertar, ein med dei langeleikspelande Brøtagutane frå Valdres og ein familiekonsert med gitaristen Olav Torget. Grieg Trio gjesta festivalen med eit framifrå program. Die Tanzgeiger frå Austerrike tok publikum med storm med alt frå orginale utgåver av wienervalsar, polka og ispedd litt sigøynermusikk. Marylands frå Bergen sto for dansemusikk i eit fullsett dansegolv.

Vossaspringaren var også i fokus under eit svært vellukka kurs med Håkon Dregelid og Tone Rørlien. Deltakarane fekk og rikeleg høve til å prøve dansen i praksis på ein måte der dansen høver best, nemleg på ein dansekveld i lag med eit feststemte dansarar.

Osafestivalen fekk med denne festivalen stadfesta sin eksistens og profil med ein møtestad for klassisk musikk og folkemusikk.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Concerts