Nasjonalt meisterskap i kulokk
Kulokk er eit viktig element i aktiv stølsdrift. Det krev øving, erfaring og praktisering for å bli god til å lokke. Norges Vel og Bufarhelga vil premiere dei som held denne tradisjonen i hevd, og inviterer derfor til nasjonalt meisterskap i kulokking.

Det er gratis å delta i NM i kulokk. Vinnaren vil bli tildelt eit grafisk kunsttrykk med relasjon til konkurransa, pengepremie på kr 2000,-, samt den heider, omtale og verdigheit som mesterskapet vil medføre. Det er berre ei klasse. Kvar deltakar får inntil 5 minutt til disposisjon. Viktige kriterier ved bedømming vil vera funksjonalitet, orginalitet, kunstnerisk framføring og presentasjon. Dette vil leie fram til ei totalvurdering der juryen - Elisabeth Kværne (budeie og folkekunstner med lang lokkeerfaring) og Stein Erik Knive (etnolog med hovudfagsoppgave om kulokk) - kårer Norgesmesteren i kulokking 2001.GENO støtter konkurransen, som finn stad på Beitostølen Høgfjellshotell, laurdag 8. september kl. 22.00.

Det blir også kurs i kulokking laurdag 8. eptember på Gomobu, Vaset i Valdres laurdag 8. september kl. 16.00.
Kulokk er budeia sitt fremste redskap for å få kyrne attende til stølen til kvelds. Tradisjonen lever i beste velgåande, og mange budeier bruker lokking framleis.

Det blir oppstart innandørs på Gomobu, der du kan læra grunnleggjande lokking i praksis og teori. Etter ei pause der du kan få kjøpt kaffe/mat går turen ut, med lokking i haustfjellet omkring Gomobu.

Faglege ressurspersonar på kurset vil vera Johanna Fuglesteg og Stein Erik Knive, og det er lagt opp til aktiv samhandling med kursdeltakarane. Fuglesteg er frå Vestre Slidre, og driv mykje med kulokking både i praksis og i samband med konsertar. Stein Erik Knive har skrive hovedfagsoppgave om kulokk, og vil ta for seg emnet frå ein meir teoretisk vinkel.

Det funksjonelle – at kyrne skal koma til den som lokkar – vil bli spesielt lagt vekt på. Du kan lære knep som virker, og dette bør vera til glede og nytte for budeier og andre.

Kurspris kr. 100,-. Ikkje forhåndspåmelding.

For meir info: Norges Vel v/ Øystein Rudi, tlf : 91 38 53 88

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional\Vocal, Courses / Masterclasses, Women