Ballade om dei 7 skrønene
Anonyme musikarar i Tromsø Symfoniorkester heldt i sitt innlegg på Ballade (torsdag 15. februar) fram sju skrøner dei meiner Ballade skal ha framsett. ”Eg har vanskeleg for å sjå at historia slik den vert fortalt kan avfeiast som skrønemakeri” skriv Ballades skribent Ida Habbestad i denne kommentaren.
Tromsø Symfoniorkester 2007 (330x225)

Av Ida Habbestad

Underteikna er klar over at det i ein omfattande konflikt som denne finst fleire versjonar av historia. I min artikkel 5. februar gjer eg det derfor klart at det råder ulike synspunkt i saka, og eg presenterer dinest versjonen slik den er skildra av mine kjelder i orkestret.

Informasjonen er utdjupa av tillitsvald i orkesteret, Heidi Bilsbak. Som talsmann for samtlege musikarar burde ho vera ei plausibel informasjonskjelde – og eg har dermed vanskeleg for å sjå at historia slik den vert fortalt kan avfeiast som skrønemakeri.

Til dei påståtte skrønene, vil eg kommentera følgjande:

Skrøne 1

“Ballade fremholdt at kunstnerisk leder Bjarte Engeset selv valgte å forlate Tromsø symfoniorkester angivelig for det kaos som rådet.”

Såvidt eg kjenner til, er det ikkje lagt fram nokon dokumentasjon på det motsette, og eg ser dermed ingen grunn til å opplysa om noko anna. Tvert imot uttrykkjer musikarane si talskvinne at ho trur alle i orkestret tykkjer det er synd at Engeset (og også den tidlegare produksjonsleiaren i orkestret) slutta, etter seiande på grunn av leiinga.

Engeset sin einaste kommentar i saka er denne:

“Eg tykkjer det er synd at det framleis er problem i Tromsø SO. Eg vonar musikarane, styret, og leiinga saman finn gode løysingar, og at ikkje medieoppslag hindrar dette. Inntrykket mitt etter 12 år med orkesteret er at musikarane der er rederlige personar, opptekne av å formidle god musikk. Eg tykkjer det er leit om det blir skapt eit anna inntrykk i media".

Skrøne 2

“Ballade fremholdt at konflikten ikke skal ha gått ut over det kunstneriske nivået.”

Ved denne “skrønen” må det vera eit sitat frå tillitsvald i orkestret dei anonyme musikarane siktar til. Eg finn det underleg at dei meiner det er oppspinn å sitera Bilsbak slik:

“Når jeg har lest i avisa har jeg reagert, både på at det sies at konflikten har gått ut over det kunstneriske nivået, og at vi er splittet i to fløyer; at det hele begynte med maktkampen. Det mener jeg blir feil”.

Og slik:

“Jeg tror musikerne er mer samlet enn det ser ut til i avisa. Musikalsk sett har dette halvåret vært et av de bedre vi har hatt. Når vi går på podiet er ikke folk sure og bitre, konflikten synes ikke på utsida”.

Skrøne 3

“Ballade går langt i å fremstille det som om 4 sykemeldte musikere i orkesteret har valgt å gå ut med saken offentlig.”

Eg ser at dette kan tolkast i den retninga – og eg beklagar om nokon kjenner seg trufne av dette.

Dette er imidlertid ikkje min intensjon. Eg veit ikkje kven som gjekk til avisa, og eg ser heller ingen grunn til å forfølgja det.

For underteikna har det faktum at saka kom ut i Nordlys vore det relevante; som eit tydeleg signal på at nokon har ynskt offentleg søkelys kring konflikten i orkestret.

Skrøne 4

“Ballade fremholdt at mye av problemene startet da det kom opp et krav om stillingsutvidelser”.

Dette stemmer, og mitt inntrykk er at dette stadig er eit brennbart tema.

Styreleiar i orkestret, Erlend Rian, underbyggjer denne påstanden. Han seier i intervju med oss at styret “har vært informert fra – jeg tror det var 2002 eller 2003 – og det gjaldt noen stilllingsutvidelser”.

At konflikten også har fleire startpunkt, er eg open for. Bilsbak utdjupar dette i den første artikkelen:

“ (..) det er ikke alle som er enige om at det begynte med posisjoner og maktkamp. Det ble holdt et valg der nesten alle av musikernes representanter i styret og i diverse råd og utvalg ble byttet ut. Det var vel her selve konflikten mellom musikerne begynte, og vi var delt i to fløyer som var omtrent like store. Vi var uenige om hvilken vei orkesteret skulle gå kunstnerisk. Organisasjonen var fra før av rotete og uoversiktlig, og det var her ledelsen burde ha ryddet opp raskt. 


- Mange mener også at det begynte med ledelsen en god stund før "maktskiftet"; at de kanskje ikke gjorde ting helt rett. Jeg vil ikke rippe opp i detaljer om hva dette var, men det handlet om at vikarer ikke fikk kontrakter slik de skulle ha hatt, og det endte med at folk er sykemeldte fordi de føler seg mobbet. Det har tatt lang tid før konflikten er kommet dit, og vi mener det er ledelsen som har det meste av ansvaret for dette"

Fleire av momenta som dei anonyme musikarane hevdar er årsak til problema er berørte her – og eg meiner igjen at dette ikkje kan vera grunnlag for å kalla framstillinga for ei skrøne.

Skrøne 5

“Ballade fremholdt at musikerne som fikk stillingsutvidelser ikke hadde prøvespilt”.

Dette har me ikkje gjeve uttrykk for. I artikkelen skriv eg at musikarane ikkje hadde vunne prøvespel (innforstått i konkurranse med mange andre) og at dette vekte prinsipielle reakjonar hjå andre musikarar i orkestret.

Korkje Ballade eller dei som har uttalt seg i saka har freista så tvil kring dei aktuelle musikarane sine kvalifikasjonar. Snarare vert det påpeika at problemet ligg i leiinga si handsaming av situasjonen, og at dei må ta ansvar for dette. Eg siterer igjen Bilsbak:

“Det at vi har gått fra et byorkester til et profesjonelt orkester er ikke bare bare; det har man sett at kan føre til problemer også hos andre orkestre i landet. At vi skulle bli et mer profesjonelt orkester, kan nok være en del av grunnen, men da legger jeg ikke skylda på de som har vært ansatt i kulturskolen. Det er ledelsen som ikke har klart å håndtere det – og det er derfor det har blitt konflikter”.

Skrøne 6 og Skrøne 7

”Ballade fremholdt at en intervjuundersøkele om mobbing sier at 20 av 22 ansatte ikke har et godt forhold til direktøren” og ”Ballade fremholdt at denne arbeidsmiljøundersøkelsen er gjort av Arbeidstilsynet”.

Desse to opplysningane viste seg å ikkje vera korrekte. Dette vart tilbakevist av direktør Finn Steffensen alt 6. februar, og eg beklaga det i min artikkel 8. februar.

Det er sjølvsagt uheldig at slik informasjon kjem ut. Det er likevel verdt å påpeika at Rian i intervjuet innrømmer at det er store problem i orkestret. Han fortel vidare at han ikkje er overraska over at den usannferdige informasjonen har nådd oss, og at det råder fortvilelse internt avdi ein ikkje endå har komme fram til ei løysing.

Dei anonyme musikarane seier under punkt seks at direktøren ikkje er nevnt i undersøkinga. Såvidt eg kjenner til, stemmer det at direktøren ikkje er nevnt i den skriftlege rapporten. Ikkje desto mindre har det – ifølgje Steffensen sjølv – komme fram kritiske merknader til leiinga gjennom undersøkinga, og han seier at desse vart presentert under eit personalmøte 9. januar.

At desse kritiske merknadene så ikkje vart talfesta på linje med andre spørsmål i rapporten, og at dei kanskje heller ikkje inngjekk som ein del av undersøkinga, er så si sak. Det tyder likevel ikkje at dei ikkje eksisterer. Når mine kjelder stadig held fast på at det var mange som målbar slike kritiske uttalelser, meiner underteikna dette bør takast på alvor – og ikkje utan vidare avfeiast som skrønemakeri.

Avsluttande merknad

Eg registrerer at Ballade får kritikk for å ha offentleggjort denne saka.

Direktør Finn Steffensen refererer i sitt innlegg 6. februar til følgjande vedtak i Arbeidsmiljøutvalet: “AMU stiller seg kritisk til diverse avisoppslag den siste tiden, og konkluderer med at dette er svært uheldig for arbeidet i AMU”.

Dersom det stemmer, slik dei anonyme musikarane antyder under “skrøne 2”, at størstedelen av kapasiteten hjå styret og dei tilsette går med på å handtera konflikten i orkestret, at rekrutteringa er skadelidande og at ein gjennom mange år har mista påfallande mange gode musikarar, meiner eg det er all grunn til å retta offentleg søkelys på organisasjonen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Classical